SMÅNYTT OG KULTUR FRÅ LEPSØY
log ho?

Tekst og foto: IK Kjerstad©2009

 unique visitor counter BESØK SIDAN 12/3-07

E-post:  iva-kj@online.no

mandag, 08. februar 2010 22:51 Bye og 1,4° Framleis: Hugs småfuglane! Lepsøy IL fotball www.lepsøy.com

Måndag 8.2.: Skiftande bris, mest skya, hagl- og sluddbyer og 2°c (kl 14:00) Det nye damelaget, Lepsøy/HaNo, skal ha treningshelg på Harøya, herrelaget til Lepsøy vurderer tur til Spania!

Framleis innetrening, då kan gulrot vere godt å ha som motivasjonsfaktor!

Magnus på mølla, Eirik med agnet
Vêrstasjonen på Rønstad/Toregarden  og HER
Dagens bilde OBS! BARNEHAGEN i sauefjøset
Revybandet "Living Dicks", skal sikkert vere Dix! VARIERT JULEREVY (Samf.huset 26. des.) Det var revygjengens eiga gruppe "Living Dicks" som opna årets revy 2. juledag. Konferansier Aase Cathrin Seth kunne elles presentere "Sydenliv", syngande lokal vêrmelding, øyas brannkorps i aksjon og sjølvsagt fekk vi lokale nyheiter. Alt i alt imponerande kva dei få unge på øya har fått til på nokre hektiske veker i det siste. Somme av dei som var mest sentrale på scena kom først heim til øya nokre dagar før jul. Knappe 200 personar i salen fekk sjå og høyre ein variert revy der spesielt nokre lokale og gjenkjennelege innslag fekk fram den store latteren. Fleire bilde Rybak frå Rønstad; Claus Sindre med fela fekk publikum til å humre godt Ikkje alt gjekk like bra hos fammilien då AaFK slo Molde på Ullevaal
"LIVING DICKS": Det var mykje musikk og song under årets revy; - og det er OK det når gjengen på scena leverer bra saker! Her er Bendik, Marius, Eivind og Eirik (på trommer bak). "LOKAL RYBAK": Denne karen var det  mange som kjente igjen, ja, somme måtte nok også gni seg litt ekstra i augene "CUPFINALETHRILLEREN": Oddgeir Bruaset (Eirik) med fjernkontroll tok pulsen på ein familie ved fjernsynsapparatet sitt i Ålesund under årets cupfinale. Her er familen i pausemodus, frå v. Marius, Magnus og Rolf Åge

Stemningsfull førjulskonsert (Bedehuset, 13. des.) Lepsøy skulekorps inviterte til konsert på søndag. Rundt 150 personar takka ja og angrar heilt sikkert ikkje på at dei tok turen til bedehuset. Korpset med dirigent Slavey Stoyanov i spissen var i storform. Først fekk vi høyre "Sancta Lucia",  så las og tente Ane og Jonas det tredje adventlyset før korpset fortsette. Flott var det då Slavey på obo, Chris Panev på gitar og solist Trond Haram framførte "Silent Night". Høgdepunktet var då korpset med solist Trond Haram framførte "O Holy Night", då vart nok somme heilt satt ut! Ein kunne virkeleg føle det på kroppen når Trond brukte si kraftfulle stemme på dei høge tonane. Ingunn Kjerstad las opp Juleevangeliet og var også å finne bak pianoet under allsongane. Etter "Deilig er jorden" så vanka det stor applaus og korpset og Trond måtte gi etter slik at folk fekk ønskje sitt oppfylt; "O Holy Night" ein gong til! Fleire bilder KOM ALDRI Trond med korpset i ryggen fekk verkeleg folk til å bli noko satt ut, det grunna sterk og flott framføring av "O Holy Night "

15 mann kunne juble etter 6-3 over Giske i serieavslutninga.
SIGER OG FEST (24. okt.: LEPSØY-GISKE 6-3 (3-2) Det vart ei rekordsein serieavslutning på grasbana sist laurdag då endeleg Giske kom på besøk, fire veker for seint. Heimelaget viste seg som det beste laget og kunne til slutt juble for klar siger. Marius Eide i spissrolla slo an tonen med eit vakkert skot i mål før Eirik Kjerstad stakk igjennom og dobla leiinga etter fint samspel med Marius. Ei omrokering og litt konsentrasjonssvikt gjorde at Giske først reduserte og seinare utlikna til 2-2. Heldigvis for Lepsøy så orda Geir Seth 3-2 i siste minutt før pause. I 2. omgang så banka Thomas Ivar Farstad ballen i tverrliggaren og over streken før gjestane reduserte på ny. Marius avslutta dagens finaste angrep då han ekspederte innlegget frå Eirik sikkert i nota bak Giske-keeperen. Kvarteret før slutt så fastsette Eirik sluttresultatet til 6-3. Etter kampen så møtte rundt 140 personar opp til LILs fest på samfunnshuset. Stor buffet, trylleshow og underhaldning frå dame- og herrelaget gjorde susen. Ingrid Farstad vart kåra til årets damespelar og Eirik Kjerstad fekk prisen i herreklassa. Årets unge spelar vart keeper Bjørnar Seth.
Tomålsscorarane Eirik og Marius
6-3 OVER GISKE: Desse kunne juble for siger i siste kampen; Daniel B. Olsbø (frå v.), Odd Erik Sandøy, Thomas Ivar Farstad, Chriss Hansen (heilt framme), Geir Seth, Guttorm Kjerstad, Marius Eide, Magnus Seth (bak), Frank Gjerde (fekk spele siste minutta etter å ha vore skada sidan opningskampen i april), keeper Bjørnar Seth, Egil Seth (nede), Bjørn-Daniel Graftås, Eirik Kjerstad (oppe), Nickolas Hawkes og Bendik H. Valderhaug SIDEVERK OG DANS ETTER FIRE MÅL: Eirik og Marius kunne begge vere godt nøgde med kampen. Her feirer Marius dagens første scoring med nokre dansetrinn, medan Eirik har litt problem med overkroppen

SAMFUNNSHUSET FREDAG OG SØNDAG:
FULLT HUS (18. okt.) Lepsøy IL sin basar sist fredag samla fullt samfunnshus, i alle fall var alle årane utselde. Det at basaren starta ein time tidlegare enn vanleg såg altså ut til å passe dei aller fleste. Med basarbøker og sal av kaffi og kaker i tillegg til åresalet så vart det gode inntekter for LIL. - Come together - Også søndag ettermiddag var det mykje folk og god stemning på "huset". Gjengen frå naboøyane i nord, "KOR FOR OSS" med solistar og orkester, framførte 20 Beatles-melodiar i to etappar, i pausen så stod skulekorpset for sal av mat og drikke.

Laurdag 24. oktober så inviterer Lepsøy IL til open fest på samfunnshuset. På programmet: Buffé med kalkun, karbonadar, pizza m.m. Tryllekunstner Roger Howden tek turen til øya, det vert utdeling av pokalar, diplomar til spelarar både i alderbestemte- og seniorklasser, elles lokal underhaldning frå scena. Gratis inngang, men arrangøren satsar på godt loddsal. Ein finn påmeldingsliste i butikkane og på flygeblad! Festen startar kl 18, vel møtt!

Grande gjorde nok feil då han annullerte her, legg elles merke til vår mann framføre keeper: Håvard Hellevik
Snytt for poeng (19. sept.: LEPSØY-HARØY 1-2 (0-2) Dommar Odd A. Grande såg noko som ingen andre såg på Lepsøy Stadion laurdag og annullerte ei scoring for heimelaget like før slutt. Dagens Lepsøy-kaptein, Thomas Ivar Farstad, skrudde eit hjørnespark inn mot nærmaste stong og Harøy-keeperen slo ballen i eige mål. Grande sa først at det var hands på ein Lepsøy-spelar, seinare at keeper vart dytta, dermed så annullerte han denne fortente utlikninga. I årets nest siste heimekamp så hadde høgreback Egil Seth ein stor sjanse til å score heilt i starten, men avslutninga gjekk utanfor. I ein ganske jamn førsteomgang var Harøy mest effektive og scora to på sine få sjansar. Lepsøy pressa på etter pause og Egil gav heimelaget håp om poeng då han var fint frampå og reduserte vel seks minutt før slutt. Utanom den omdiskuterte annulleringa så hadde Lepsøy mange målsjansar på slutten. Geir Seth var stadig frampå med pannebrasken etter å ha fått fleire gode innlegg. Grande har sett bildet og han har svart at han trudde det var hands på ein Lepsøy-spelar, men beklagar at han truleg tok feil!  Fleire bilder her
Egil Seth takka for tilliten i sin første seriekamp frå start med å score etter eit fint angrep og eit godt løp frå sin backposisjon
ANNULERINGA: Her ser vi at Harøy-keeperen treff feil på ballen og slår den i nota. Årsdebutant Håvard Hellevik (18) er på høgde med keeperen, men gjer ikkje noko ulovleg. Magnus Seth (8) er også på veg inn i feltet. MÅL: Egil Seth spelte frå start og viste fine offensive takter

Lepsøydagane 2009 Julerevyen 2008  

Smånytt og kultur frå Lepsøy © Ivar Kjell Kjerstad 2009