LUSTER
I PERIODEN FRA ÅR 600 TIL 1349
Versjon uten figurer. Er du
interessert i figurene må du se den trykte utgaven på et bibliotek.
Av Arne Kvitrud, Lauritz Bergendalsgate 1a, 4021 Stavanger.
Dokumentet er laget i 1998, men lagt på internett 16.9.2002.
B Y G D E N E
Namna på bygdene Luster, Hafslo og Jostedalen har endra seg og ulike namn har vore i bruk gjennom tidene. Luster / Dale og Jostedalen / Østerdalen har vore brukt om kvarandre. Bygdenamnet Folk endra seg til Fylkesbygda og til Hafslo. Ei liknande utvikling kan ein òg ha hatt i Fortun, der gardsnamnet Fortun vart namnet på heile dalen. Det opphavlege namnet på Fortunsdalen er no gløymt.
LUSTER OG DALE
Kva som er eller var Luster har oppteke fleire gjennom åra og bruken av namna Luster og Dale har vore blanda. Olaf Rygh skreiv i 1919 at Luster-namnet er svært gamalt. Noko god tyding av namnet hadde han ikkje, men han hadde fleire forslag. Eivind Vågslid (1989) er meir kategorisk og slår fast at Luster tyder fjord der det er varm luft. Heilt sikre kan ein nok likevel ikkje vera. Ein får nok likevel tru at namnet er gamalt.
Namnet Luster finn ein fyrste gong brukt i Soga om kong Sverre. Ein høyrer at birkebeinane i 1201 overraska baglarane i Kaupanger. Baglarane flykta til Solvoren og Folk (Hafslo). "Seinare" flytta dei seg til Luster på ferjer og småskip. Dei samla seg i Luster og gjekk over fjellet til Årdal. Det kan vera at dei samla seg på Ornes. I såfall vart gardane på austsida av Lustrafjorden rekna som ein del av Luster. Det kan òg vera at dei drog til Skjolden.
Går ein fram til 1322 høyrer ein om eit møte i prestestovene "i Dale i Luster i Sogn". Dale var altså ein del av Luster. Eit skriv dagsett 24. april 1341 vil eg forstå som at Fortun òg var ein del av Luster. I 1348 høyrer ein om Høyheim i Luster og i 1351 at "Hauge" i Gaupne var i Luster.
Dale namnet var fram til kring 1280 truleg knytta berre til ein gard. Truleg har garden vore setestad for lågadel. Ein bygde då ei ny steinkyrkje, og ein fekk eit nytt kyrkjesokn skilt ut frå Søvde sokna. Dalepresten styrde då både Søvde og Dalesokna. Etter den store mannedauden i 1349 vart alle sokna, med unnatak av Ornes lagt inn under Dalepresten. I 1522 høyrer ein om Dale skipreida som fellesnamn for Nes, Dale og Fortunsokna. Seinare omfatta Dale skipreida òg Gaupne. I løpet av 200 år hadde då gardsnamnet Dale teke over i alle offentlege dokument, som namn for det som før var Luster. I tida fram til 1349 var det likevel Luster det namnet som var i bruk.
Ei liknande utvikling fekk ein òg når bygdenamnet Folk vart skifta ut med gardsnamnet Hafslo. Lusternamnet har likevel fått leva vidare.
FOLK, FYLKESBYGDA OG HAFSLO
Bygdnamnet Folk er òg kjend fyrste gong i Soga om kong Sverre, som omtala over. Folk er det nokre heilt fram til kring år 1900 år kalla for Fylkesbygda, men som no vert kalla for Hafslo.
Namnet Folk kan ein sjå var i bruk fram til 1490. Frå 1427 finn ein Fylke som namn i staden for Folk. Folk var delt i Indre og Ytre Folk. Solvoren ser ein ikkje nokon gong omtala som ein del av Folk.
Etter Rudolf Keyser (1837) var "fylke" noko utgammalt i Noreg. Når germanarane flytta frå stad til stad og søkte nye bustader, heldt skyldfolka saman og braut opp i hopar. Dei slo seg saman i ein større flokk, eit folk. Der dei busette seg vart kalla eit folkland eller fylke. "Folk" eller "fylke" var då ætteheimen åt eit folk. Namnet Folk skulle då visa at dei som budde der såg på seg sjølve som eit eige folk.
Gustav Indrebø (1937) gjekk imot denne tolkinga. Han meinte at ordet fylke var avleidd av ordet folk, og som tydde skare / flokk. Når ordet vart nytta i lokal meining, tydde det frå fyrst av, reint allment berre "bygd" -eit naturleg avgrensa mindre distrikt. Indrebø sine konklusjonar er dei som har fått tilslutnad seinare.
Hafslo har nok fyrst vore eit gardsnamn og ikkje det opphavlege bygdenamnet. "Lo"-delen av namnet er det same som i namnet Oslo. Oslo-namnet har vore drøfta og diskutert av mange gjennom åra med ulike svar. Det same gjeld Hafslo-namnet.
Heitman Andersen (1944) skriv at namnet Hafslo tyder lun, varm stad ved sjøen/havet. Bathen (1983) viser til major Tang som meinte at siste delen "lo" tydde voll og til Skåsheim som meinte at "haf" var det same som hav eller hodda - Handtaket på ein kjel eller ei gryte. Siste delen skulle etter Skåsheim tyda voll eller slette. Vågslid (1989) skriv at namnet kjem av ein fiskegrunne og "lo" av slette.
JOSTEDALEN OG ØSTERDALEN
Jostedalen er det bygdenamnet ein møter i tre av dei fire kjeldene ein har før 1349. I den fjerde er det Østerdalen som er brukt. Jostedalen er òg det namnet som har vore mest i bruk seinare. Likevel ser ein òg Østerdalen brukt einskilde gonger på 1600- og 1700-talet. Fyrste leddet i Jostedalen kan vera genitiv av eit no bortkome elvenamn. Østerdalen kan vera det namnet dei nytta i Nordfjord.
GAUPNE
Oluf Rygh (1919) meinte at Gaupne kom av ordet "gaupn"; som har
tydinga den hole handa. Det kan opphavleg ha vore namnet på fjorden. Det kan òg
ha vore bygdenamnet opphavleg.
Grensene for Gaupne var litt forskjellig frå kva det er i dag. Vigdal vart før 1350 rekna som ein del av Jostedalen. Leirdalen vart i starten på 1600-talet rekna som ein del av Hafslo og Råum vart i 1522 ikkje rekna som ein del av Gaupne. Det same kan det ha vore før 1350. Ormshaug som ligg ved Marifjøra vart i 1398 rekna som ein del av Gaupne.
SOLVOREN
P A Munch meinte at Solvoren berre hadde vore eit bygdenamn. Oluf Rygh (1919) meinte at Elvetun og Sjøtun var delar av ein forsvunnen større gard. Jon Laberg (1926) skreiv at det ligg tre gardar etter kvarandre som har "tun"-namn : Bjørnetun, Elvetun og Sjøtun. Han meinte at dei opphavleg hadde vore ein gard, med namnet Solvoren. Oluf Rygh viste i tillegg til ei jordebok frå 1535. Det står der "Solvoren i Øvrebø". Han meinte ein måtte forstå det som garden Solvoren, som ein del av Øvrebø. Solvoren kunne då ha vore eit gardsnamn. Ser ein på ei anna hovudkjelda : Bergen kalvskinn finn ein at hovudregelen er at den minste eininga vart nemnd fyrst og så den større. Det er likevel mange døme på at det vart skrive andre vegen. Ein skal nok då vera varsam med å leggja for stor vekt på skrivemåten frå 1535.
Ein har då to framlegg til opphavet til namnet Solvoren. Solvoren kan ha vore namnet på bygda eller det kan ha vore namnet på ein gard.
Rygh og Laberg meinte begge at Solvoren kunne ha vore eit gardsnamn. Ein har fleire andre døme på bygdenamn som samsvarer med eit gardsnamn, Det er Dale, Fortun og Hafslo. Desse bygdene har òg det til felles at det er samsvar mellom bygdenamnet og kyrkjestaden. Desse bygdene har hatt andre namn, før dei fekk namn etter kyrkjestaden. Det kan vera at Solvoren var namnet på den gamle prestegarden, men sikkert er det ikkje.
U T V I K
L I N G A A V B U S E T N A D EN
Ein ferdamann som hadde vitja Luster på 600-talet ville ha møtt på lite folk. Det vart drive eit jordbruk der gardane oftast låg langt frå kvarandre og der dei hadde store område til rådvelde for beiting, enger og åkrar. Kom ein att tre hundre år seinare ville ein funne gardar over alt. Det vart drive intensivt jordbruk der ein måtte bruka dei områda ein hadde best mogleg.
Tidspunktet for kva tid gardane i Luster vart bygd er usikkert. Det vert òg meir usikkert dess lengre ein går bak i tid. Eg har i hovudsak bygd på :
a) Gravfunn og lausfunn frå tida 600-1000, bedarlag, gardsgrenser, stølar, namnetype og storleik på gardane. Eg har òg samanlikna mine vurderingar med kva som er gjorde av andre frå andre bygder,
b) Gardstala på 1300-talet har eg bygd på tiendoppgåver, på historiske kjelder om kvar gard og på samanlikningar av tilhøva andre stader
PERIODEN 600-750
I Luster har ein berre eit funn som er tidfesta til 600- talet. Det er ei spenne frå Sørheim. Det kan rett nok vera fleire funn frå 600-talet, men som ein ikkje kan tidfesta betre enn til tida 600-1000. I Sogndal har ein 10 funn frå tida 600-800, mot det mangedobla for dei neste to hundre åra (Solberg, 1986). Dei ti funna er òg berre halvdelen av dei funna ein har frå tida 400-600. Ser ein på gravtalet i Luster frå 300- og 400-talet er det mykje høgare enn kva ein hadde i tida 600-800. På Bolstad var det ei gransking av gravhaugar som vart gjorde kring 1880. Dei fleste gravene var då frå tida før år 600, som viser til at talet på gravferder etter år 600 var mykje mindre enn før (Shetelig, 1926). Kva er så grunnen? Om talet på gravfunn har samband med folketalet, lyt ein ha hatt store endringar i folketalet.
Pollengranskingar som er gjorde i Nordland og Trøndelag, viser at det var ei omfattande avfolking (Vorren m.fl, 1990). 9 av dei 15 "stad"-gardar som vart granska var øyde i heile eller delar av tida 580-780. Det var alle gardar som var bygd før 500-talet. Granskingar i Rogaland (Myhre, 1972 og Møllerop, 1987) viser ei tilsvarande avfolking. Eit overlag på 50% øydegardar er gjeve. Ein må tru at det var ei liknande avfolking i Sogn òg.
Årsaka til avfolkinga er det delte meiningar om. Den tolkinga ein oftast viser til er den såkalla julianske pesten som ramma Europa i andre halvdel av 500-talet (Magnus og Myhre, 1976). Dei viser òg til samanbrotet av Romarriket førde til samanbrot i handelen i Europa og gav naud då viktige handelsvarer forsvann. Vorren m.fl (1990) har likevel vist at den største nedlegginga av gardar i Trøndelag og Nordland fann stad midt på 600-talet. Dei viser òg til uro som ein mogleg årsak. Den islandske Fornaldarsoga fortel om invasjonar av germanarar frå det noverande Finland til Noreg på 600-talet.
Ein kan heller ikkje sjå vekk frå at det var ein endring i gravskikkane. Ein kan tenka seg at ein i tida 600-800 ikkje la noko i gravene. Ein har likevel mykje gravgods i gravene før år 600 og i tida etter år 800. Ein må då ha hatt eit brot med gamal tradisjon, som så brott har vore teke i bruk att nokre hundre år seinare. Det ser ikkje heilt sannsynleg ut. Ein må nok tru at det i hovudsak var eit samband mellom talet på kjende graver og folketalet.
Dei stadane i Luster der ein har gravfunn og lausfunn frå tida 600-1000 er vist nedfor. Eg har då ikkje teke med funn frå stølsområda. Einskilde bygder som Gaupne og Jostedalen har uvanleg få funn. Årsaka kan vera at flaumar og endring i faret på Jostedalselva har teke med seg det meste av gravminna.
|
Gard |
Alder på funn (overslag) |
|
Ornes |
800-1000 + 800-1000 + 900-1000 |
|
Kroken |
600-1000 |
|
Sørheim |
600-700 + 800-850 + 800-1000 +
900-1000 + 900-1000 |
|
Lerum |
600-1000 |
|
Eide |
800-1000 |
|
Bolstad |
800-1000 |
|
Fortun |
700-850 |
|
Søvde |
800-850 |
|
Drægni |
800-1000 |
|
Yttri |
800-1000 |
|
Berge |
600-1000 |
|
Dalsdalen |
600-1000 |
|
Døsen |
800-1000 |
|
Flahammar |
900-1000 |
|
Talla |
800-1000 + 900-1000 + 900-1000 |
|
Høyheim |
800-1000 + 800-1000 + 800-1000 + 900-1000 |
|
Nes |
700-850 + 750-800 + 800-850 + 800-1000 |
|
Råum |
700-900 |
|
Åberge |
700-900 |
|
Røneid |
900-1100 |
|
Tørvi |
750-950 |
|
Fet |
850-900 |
|
Melheim |
800-850 + 800-1000 |
|
Ugulen |
800-1000 |
|
Veum |
800-900 |
|
Marifjøra |
600-800 |
|
Hillestad |
800-850 + 800-1000 |
|
Sterri |
700-800 |
|
Kjos |
600-1000 |
|
Nygård |
900-1050 |
|
Prestegarden |
800-900 |
|
Stemmingo |
600-1000 |
|
Lomheim |
800-1000 |
|
Alme |
800-1000 |
|
Vetlestølen |
900-1000 |
|
Rjupheim |
800-900 |
|
Kjelda |
800-900 |
|
Sjøtun |
900-1000 |
|
Vollåker |
800-1000 + 800-1000 + 900-1000 |
Ein har ei lang liste med funn. Mannsgraver inneheld stort sett jarnutstyr som dei brukte på gardane og våpen. Kvinnegravene var i stor grad smykke. Det som har vore av trevarer og tekstilar har rotna vekk.
Fordeler ein dei funn ein har frå Luster i tabellen over, som middel over periodar på 50 år for tida 600-1000, vil ein få eit inntrykk av folketalsutviklinga, men òg over gravskikkar. Nokre funn kan ein ikkje tidfesta betre enn til tida 600-1000. Eg har ikkje teke dei med. Er eit funn til dømes tidfesta til perioden 800-900 har eg rekna eit halvt funn i tida 800-850 og eit halvt funn til 850-900. Med ei slik utrekning får ein figuren på neste side.
Ein merker seg særleg to tilhøve. Det eine er den store auken frå 750-800 til 800-850 og at talet på funn frå år 800 til år 1000 er om lag konstant. Årsakene kan vera :
a) 19 av dateringene er ikkje betre enn til tida 800-1000. Fordeler ein dei utover blir det 4,75 funn i tida 800-850. Det kan godt vera at fleire av dei høyrer heime seinare.
b) dateringer av denne typen er skjønnsmessig. Ein del av funna frå tidleg vikingtid (800-850 ) kan godt vera frå andre halvdel av 700-talet. Ein del av dateringene er bygd på at vikingferdene starta med åtaket i Lindisfarne i 793. Dateringene er då delvis bygd på om ein finn same typen funn på dei britiske øyane. Nyare granskingar syner at plyndringane starta kring år 750.
c) endringar i gravskikkar. Det kan vera at ein frå 800- talet tok til å få fleire og fleire kristne graver. Dei er særmerkte med at dei vart lagt under flat mark, vende i aust-vest retning, ubrende, med få eller utan gjenstandar (Per Hernæs, mars 1993). Dette gjev det vanskeleg å avgjera om ein har ei grav eller berre lausfunn av gjenstandar.
d) at ein har fylgt Gulatingslova som fortel at heidenske graver skal gravast opp og gravleggjast på kyrkjegarden. Utgravingar på Mære i Trøndelag viser at ein kan ha gjorde det der.
BUSETNADEN I LUSTER
Perioden 600-750 er omtrent utan gravfunn og utan skriftlege kjelder. For å få eit inntrykk av tida har eg skjønnsmessig gått ut frå at:
a) gardar eller område som vart øyde etter den store mannedauden i 1349 òg var det i tida 550-750. Fortunsdalen, Mørkrisdalen, Veitastrondi, Jostedalen, Engjedalen og Mollandsmorki låg nok då øyde.
b) ein må ha hatt ei landskyld på minst 15 laupar (225 kg smør) på 1600-talet, om ein gard eller kombinasjonar av gardar skal ha vore busett samanhengande frå før år 600 til 750.
Landskylda var eit uttrykk for kor stor produksjonen var på ein gard, og ho var det ein leiglending måtte betala i årleg leige for garden. Bedarlaga i Luster kan gå attende til denne tida. Gardar som vart skilt ut frå opphavsgarden vart mest truleg med i bedarlaget saman med opphavsgarden (Berg og Noss, 1976). Storleiken på bedarlaga varierte mykje. Eg har brukt bedarlaga som grunnlag der eg kjenner dei. Eg har så sagt at det i eit bedarlag ikkje kan ha vore meir enn ein gard som var bygd på 600-talet. Bedarlag med landskyld mindre enn 15 laupar har eg slått saman med tilgrensande bedarlag, for å få minst 15 laupar. Ei landskyld på 15 laupar på 1600-talet svarer om lag til eit hundre månadsmatabol før 1349. I Fortun og Ytre-Hafslo har eg ikkje funne ut av bedarlaga. Der har eg gjorde eit skjønn ut frå mellom anna gardsgrenser og stølar. Nærare grunngjeving for kva gardar som var bygde har eg gjeve under kvar gard.
På det viset kjem ein ut med at det var desse 27 gardane som var bygd : Ornes, Kroken, Sørheim, Berge i Bergsdalen, Bolstad, Hauge, Ottum, Dale, For, Søvde, Nes, Sandvik, Bø, Røneid, Joranger, Marheim, Fet, Melheim, Hillestad, Solvi, Bedheim, Lad, Lomheim, Alme, Kvam, Solvoren og Bø.
Denne tilnærminga er ikkje uproblematisk. Ved å velja eit anna tal for minste landskyld kjem ein ut med litt andre tal.
Hypotesen om bedarlaga føreset ein langvarig og nær kontinuerleg busetnad, og at bedarlaga har ei svært gamal soge. Sjølv om gardane ikkje har vore bygd kontinuerleg, vil nok bedarlaga likevel i regelen fortelja om kva gardar som naturleg har høyrt saman. Gardar som frå gamalt har høyrt saman vil eg tru har vore i same bedarlag. Bedarlaga kan då fortelja noko om kva gardar som fyrst vart rydda. I ein del av bedarlaga kan det ein gong ha vore ein gard og eit bruk. Når nye gardar eller bruk vart skilde ut, vart dei nye bøndene knytta til opphavsgarden ved at dei kom med i same bedarlaget (Berg og Noss, 1976) . Dei hadde då ofte felles beitemark og støl slik at dei såg kvarandre ofte. Bedarlaga hadde frå gamalt ein funksjon ved at ein baud dei som budde der i bryllaup og gravferd. Dei som budde i bedarlaga var òg med i dugnadsarbeid.
Ein ser òg at det er skilnad mellom grend og bedarlag. Grendeinndelingar slik ein kjenner dei no, vil eg tru er yngre enn bedarlaga. Det ut frå at grendelaga fylgde soknegrensene. Dei kan ha vore trekte på eit heilt anna grunnlag enn bedarlaga. Bedarlaga ser ein fleire stader i Luster går på tvers av soknegrensene, og kan då godt vera eldre enn dei.
Frå gamalt skilde ein i Luster mellom grend og stølsgrend. Grenda var knytt opp til kvar ein budde. Stølsgrenda var for gardar som hadde felles stølsbruk. Kjøpte ein seg støl, kom ein med i stølsgrenda, men ikkje med i bedarlaget. Gulatingslova slik ein kjenner ho frå 1100-talet, omtaler grender. Dei grendene som hadde dyra i sambeite i husahagen om våren, skulle når to månader var gått av sumaren, flytte til setra. Noko meir vart ikkje sagt.
I Sogndal har Bergljot Solberg (1986) funne at det var minst 10 gardar busett i tida 600-800. Ved år 800 meiner ho at ein hadde minst 32 gardar. I tida 800-1000 har ho ført 59 gardar. I 1661 hadde gardane i Sogndal ei samla landskyld på 351 laupar (Sandal, 1986). Det vil sei at dei ti gardane hadde eit samla middel på 35 laupar, dei 32 gardane hadde eit middel på 11 laupar og de 59 gardane hadde eit middel på 6 laupar.
Overfører ein middeltala frå Sogndal direkte til Luster har ein der i 1635 ei samla landskyld på 625 laupar. Det gjev :
600-800 : minst 18 gardar
ca 800 : 57 gardar
800-1000 : 104 gardar
Ved bruk av bedarlaga kjem eg altså ut med 27 gardar, som er meir enn kva ein får ved å bruka middeltala frå Sogndal, frå Solberg (1986). Vurderingane er såpass usikre at ein nok må sjå på begge tala (minst 18 og 27) som å vera i eit rimeleg område for eit overslag.
PERIODEN 750-1000
Korleis skal ein så nærma seg busetnaden i perioden 750- 1000? Ein må nok frå gravfunna slutta at ein frå slutten av 700-talet fekk ein kraftig folkevekst i Luster.
Ein har gravfunn frå så små gardar som Rjupheim, Veum og Kjelda frå 800-talet. Det viser at sjølv smågardar har vore bygd før år 900. Kjem ein fram til år 1000, kan dei fleste av dei gardane ein kjenner i dag ha vore bygd.
Alderen på gardar med teigblanding, vil om ein ser vekk frå dei aller eldste, ofte vera etter år 800.
Ein direkte overføring av middeltala frå Sogndal, som vist over, skulle gje om lag eit hundre namnegardar kring år 1000.
Ut frå ein skjønnsmessig datering av gardane har eg òg funne at det kring år 1000 har vore om lag 100 gardar. Grunnlaget for mine dateringer er ikkje så ulike dei Solberg (1986) brukte. Mine overslag gav 7 gardar på austsida av Lustrafjorden, 14 i Fortun, 19 på vestsida av Lustrafjorden, 11 i Gaupne, ca 5-10 i Jostedalen, 17 på Indre Hafslo, 19 på Ytre-Hafslo og 9 i Solvoren. I tillegg må ein tru at fleire gardar i tida 800-1000 vart delt opp i fleire bruk.
Det vil då ha vore ein rask folkevekst, men er tala urimelege ? Om folketalet på kvar gard har vore nokolunde lik i denne tida, har ein ei gjennomsnittleg folkevekst etter Solberg (1986) på 1,6% pr år i tida 600-800 og 0,9% pr år i tida 800-1000. Samanliknar ein med folketalet i Gaupne frå år 1700 til var folketilveksten då på over 2% i året. Ein kan då ha hatt ein vekst i folketalet og ein auke i talet på gardar i samsvar med det Solberg (1986) skriv.
På 700- og 800-talet fekk ein norsk busetnad på Vesterhavsøyane. Frå Færøyane veit ein at dei fleste nybyggjerane kom frå Sogn, Rogaland og Agder. I tida 870-930 reiste mange frå Sogn og busette seg på Island. Ein har hatt eit folketap som nok var merkbart. Som omtala under Hauge i Skjolden og Kvam kan nokre ha kome frå Luster.
Går ein til indre Austlandet finn ein ei tilsvarande kraftig folkevekst på 1000-talet, med rydding av mellom anna "rud"-gardane. Busetnaden i kyststroka har då truleg vore så stor at ein har vore nøgd til å dra austover for å finna ubrukt jord.
TYPAR AV NAMNEGARDAR
Dateringer av gardsnamn har vore mykje omdiskutert. På grunnlag av språklege og historiske kriteria har ein prøvd å tidfesta gardsnamn på : -heim, -bø, -stad, -land, -sete osb. Alle desse dateringene er ikkje eintydige og ein må vera forsiktig om ein bruker dei.
Ein gard laut drivast i ganske lang tid før landskylda skulle få eit visst nivå. Nyryddingar ville vanskeleg få ei høg landskyld. Asgaut Steinnes har synt at dei gardane i Fyresdal og Nissedal som av språklege og andre grunner synest å vera eldst i ei grend, samstundes har dei største og beste stølsrettane (Holmsen, 1937). Fører ein det vidare vil nok desse rettane ha ført til at desse gardane oftast har høgare matrikkelverdi (landskyld) enn nabogardane. Med ein gamal namnetype og høg landskyld skulle alderen ofte vera høg.
Naturnamn
Korte naturnamn som Nes, Dale, Berge, Hauge og Alme vert rekna som å vera av høg alder. Namna i seg sjølve seiar likevel ikkje noko om kva tid garden vart bygd. Ser ein på storleiken av gardane har ein blanding frå dei heilt store til dei heilt små gardane. Ein kan då neppe bruka gardsnamnet til å seia noko om alderen på garden.
Namn i bunden form som Haugen har ein ofte rekna som yngre enn dei som er skrive i ubunden form, som Hauge.
Heim-namn
Ser ein på "heim"-gardane i Luster og på storleiken ut frå 1635-lista, har ein : Sørheim 10,0 laupar, Bergheim 3,0, Høyheim 11,5, Skildheim 7,0, Melheim 11,6, Oppheim 10,0, Marheim 1,7 og Lomheim 13,8. I tillegg kjem Rjupheim som ikkje var bygd i 1635. Ein har ei rekke med store gardar som er svært gamle. Ein legg merke til at dei er langt mindre enn dei eldste "stad"-gardane (Bolstad og Hillestad). I tillegg har ein nokre små : Bergheim, Marheim og Rjupheim. Rjupheim høyrer til dei minste, men det er likevel gravfunn her frå 800-talet. Det er truleg enten slik at Marheim opphavleg har vore ein stor gard som har delt seg opp seinare eller så kan han vera bygd på 900-talet. Som eg har forklart under Marheim trur eg likevel mest på den fyrste tolkinga.
Dei største "Heim"-gardane er truleg frå tida før år 600 (Særheim, 1985). Bergheim, Rjupheim og Marheim er meir usikre då gardane er så små, men dei kan likevel ha vore bygde før år 600 og så vore lagt øyde i nokre hundre år.
Vin-namn
Vin-namnet er oftast frå før år 600 og er neppe yngre enn midten av 800-talet (Solberg, 1986), men namnet seiar oss ikkje noko om kva tid garden vart busett. Ordet vin har tydinga eng. Namna Dateringa har si årsak i at vin-namn ikkje vart brukt på Island. Ser ein på "vin"- gardane i Luster og på storleiken er det : Lerum 9,0 laupar, Yttri 2,0, Rebni 2,0, Hæri 6,8, Flikki 3,5, Høgi 8,8, Solvi 10,8, Sønnesyn 6,7, Sterri 9,7 og Venjum 6,0. Det ein stor spreiing i storleik med fire rimeleg store gardar, tre middels og tre små. Dei største gardane er i middel noko mindre enn "heim"-gardane. Det tyder på at dei oftast er bygd etter "heim"-gardane. Dei er litt større enn "bø"- gardane som truleg er frå 800-talet, og med det truleg litt eldre. Dei mellomstore gardane er nok yngre enn 800-talet. Dei yngste og minste kan ha vore enger som er busett på 900-talet eller endå seinare.
Eit anna språkleg teikn på ein høg alder har ein i namnet Yttri. Yttri namnet finn ein både i Fortun og i Jostedalen. Namnet kjem truleg av "Utvin". Det er truleg laga kring år 200-400. Namnet viser til den ytre enga. Namnet er så blitt til Yttri - grovt rekna kring år 500, ved ein endring i språket som ein kallar for i-omlyd.
Stad-namn
Ein har tradisjonelt rekna "stad"-namna for å vera frå tida 800-1000. Det er ut frå at dei vart mykje brukt på Island i landnåmet kring år 900. Dei har vore rekna som vitnemål om einskildmenneske som har brote med ein større busetnad (ættegarden) og grunnlagt eigne gardar. Garden har då ofte fått namn etter den fyrste som busette seg på garden. Ein har vidare rekna stad-namna som sekundære i høve til vin-, heim- og ofte land-namna. I Luster har berre ein gard personnamn i seg, det er Hillestad. Holmestad, Kolstad og Heggestad har truleg naturemne som føreledd. Laberg (1926) meinte likevel at Kolstad kom av mannsnamnet Koll. Bolstad tyder berre bustad.
Gardar med stad-namn kan likevel gå like langt attende i tida som dei andre gardane (Særheim, 1985 og Vorren m.fl, 1990). For Luster er det ikkje rimeleg å tru at gardar som Bolstad og Hillestad skulle ha vore bygd så seint som på 800-talet. Dei har nok vore bygd utan avbrot sidan før år 600. Inge Særheim (1985) konkluderte med at ein stor del av desse namna truleg var frå tida 0-400. Han viser òg til at sjølv om det er mange personnamn som føreledd i stad-namna, er det i Noreg ikkje personnamn av kristent opphav. Han konkluderer med det at stad-namna neppe er yngre enn år 1000.
Ser ein på "stad"-gardane i Luster og storleiken i 1635 har ein Bolstad 22,1 laupar, Holmestad 1,0, Kolstad 2,0, Hillestad 20,4 og Heggestad 2,0. Ein har altså enten dei heilt store gardane eller av dei minste. Det viser til nokre gamle gardar (Bolstad og Hillestad) og fleire etter måten unge gardar. Samanliknar ein med "bø"- og "tun"-namna så er truleg dei yngste stadnamna yngre enn både "bø"- og "tun"-gardane. Ser ein det i samband med Inge Særheim (1985) sine opplysningar er det mogeleg at Kolstad, Holmestad og Heggestad kan ha vore bygd kring år 1000.
Land- og setenamn
I Noreg er det mange gardsnamn med -land ending. I Luster er det berre nokre få. Helleland og Myrlande i Jostedalen, Holseteland på Ytre Hafslo, Reseland i Mollandsmorki og Treland på Sandvik i Gaupne.
Helleland finn ein nytta som gardsnamn på Island (Helluland) kring år 900 og Myrlande (Mirland) i norske busetnader i Skottland. Ut frå mangelen på kristne personnamn i landnamna, meinte Inge Særheim (1985) at gardsnamn på -land neppe var yngre enn år 1000. Myrlande er likevel noko meir usikkert då namnet er skrive i ubunden form.
Alle landgardane er små, og er då mest truleg unge. Det ser ein òg av namnet Holseteland. "Land"-delen av namnet er sekundært til "sete"-delen av namnet. "Sete"-namn som Talsete, Sætre og Holsete er truleg frå tida 800-1000 (Holmsen, 1937).
Bø- og tun-namn
Dei samansette bø-namna og tun-namna reknar ein oftast til tida 800-1000 (Sandnes, 1974). Ein finn bø-namn i norrøne område i vesterveg mellom anna på Isle of Man, England og Skottland. Dei samansette bø-namna som Øvrebø og Kirkebø (i Solvoren) viser til ein ny busetnad vekke frå opphavsgarden. Tun-namna viser til nye busetnader på opphavsgarden, men i fyrste omgang berre som nye tun, som gjerne delte enger og åkrar med opphavsgarden.
Ut frå namnet skulle ein tru at Øvrebø er bygd i tida 800- 1000. Øvrebø-gardane er såpass store at ein nok kan sette alderen til tidleg i denne perioden. Dei to Øvrebø-gardane i Gaupne og Solvoren hadde i 1635 ei landskyld på 9,0 og 6,3 laupar med 7,8 laupar som middel. Til samanlikning hadde "tun"-gardane i Luster eit middel på 4 laupar. Det viser at Øvrebø-gardane truleg er eldre enn "tun"-gardane i Luster. Kirkebø i Solvoren hadde i 1618 berre ei landskyld på 1,3 lauper som er lite. Det er òg eit namn som må vera laga etter religionsskifte.
"Tun"-namn som Fortun, Bjørnetun, Elvetun, Sjøtun, Flattun, Svangstu, Franstun (Frakstu), Ormstun (Årstu) og Mykletun (Døsen) er oftast frå kring år 800-1000, men dei kan vera frå ein lengre epoke (Sandnes, 1974). Frans i Franstun er likevel eit kristent namn og er truleg laga etter religionsskifte.
NYBYGGJARANE
Eg har rekna Jostedalen, Fortunsdalen, Mørkrisdalen, Dalsdalen, Engjedalen, Mollandsmorki og Veitastrondi som øyde i tida kring år 600. For å gjera eit overslag over kva tid ein fekk busetnad desse stadane har eg samanlikna nybygginga med nybygginga i tida etter den store mannedauden i 1349. I 1522 var Jostedalen fråflytta i lag med Veitastrondi, Mollandsmorki, Engjedalen over Åberge, Dalsdalen, Mørkrisdalen og Fortunsdalen med unntak av to gardar i Bergsdalen. Dei ulike områda hadde ulikt økonomisk grunnlag for busetnad. Det kjem mellom anna til uttrykk i landskylda på gardane slik ein kjenner ho på 1600-talet.
Det økonomiske og teknologiske grunnlaget for nyrydding og busetnad var neppe særleg ulikt frå tida 800-1000 til 1500-talet. Ut frå ei samla vurdering vil eg tru at Jostedalen har vore bygd etter Fortunsdalen, men før både Veitastrondi og Mollandsmorki. Ein kan ikkje heilt sjå vekk frå at delar av Fortunsdalen var bygd utan avbrot frå før år 600. Skjønnsmessig vil eg tru at ryddinga av Jostedalen var tidleg på 800-talet.
Ser ein på kva tid gardane vart bygd fyrste gong etter år 600 og fyrste gong etter år 1500, har eg desse overslaga :
|
Veitastrondi |
ca 900 |
1567-1600 |
samla landskyld 5 laupar |
|
Mollandsmorki |
ca 900 |
1590-talet |
samla landskyld 9 laupar |
|
Engjedalen |
ca 1100 |
ikkje bygd på nytt, unnateke Belgen |
|
|
Dalsdalen |
800-talet |
1522-63 |
samla landskyld 11 laupar |
|
Mørkisdalen |
ca 900 |
1522-63 |
samla landskyld 6 laupar |
|
Fortunsdalen |
ca 750 |
1522-63, unnateke Bergsdalen |
samla landskyld 35 laupar |
|
Jostedalen |
800-850 |
1560-85 |
samla landskyld 26 laupar |
PERIODEN 1000-1349
Den viktigaste kjelda til kva gardar som var busett er "Bergen kalvskinn" (Munch, 1843). Boka har ei liste over eigedelane til prestane og kyrkjene frå jordegods og tiend. Eigedelane til klostra manglar likevel. Dateringa av boka byr på fleire problem. Etter Dybendal (1981) er boka skrive i 1351 eller kort tid etter. Lista byggjer på ei liste frå 1316. Ut frå ho har ein lagt til nye eigedelar som ein har fått etter den tid. Det er ikkje ført inn opplysningar som er yngre enn 1336. Ved kvar einskild gard har eg vist til årstala 1316 og 1351, sjølv om året 1336 kan vera meir rett. Kva år tiendinntektene viser til er vanskeleg å seia. Det er truleg eit middeltal, truleg ein gong i tida 1316-36.
Ein gard laut drivast i ganske lang tid før landskylda skulle få eit visst nivå. Lindanger (1987) skreiv at dei minste gardane i Rogaland som heldt oppe busetnaden gjennom hele seinmellomalderen, hadde ei landskyld på 3 laupar. Nyryddingar ville vanskeleg få ei så høg landskyld. Han rekna alle gardane over denne storleiken om trulege gardar før 1349. Ser ein til dømes på gardane på ytre Hafslo var det berre ein gard med landskyld under 3 laupar (Tang) som var i bruk i 1522. Det underbyggjer at ein kan bruka om lag den same grensa på 3 laupar her òg som ei øvre grense. Ein ser likevel at langt mindre gardar var bygd før 1349.
I tida fram til 1349 fekk ein truleg bruksdeling av større gardar. Smågardar vart òg bygd. Det vart nok gardar og bruk der ein kunne livberga seg. I denne tida har nok Engjadalen og andre mindre sidedalar vorte bygd. Gardar som ein sikkert veit hadde fleire bruk er Ottum, Veum, Lingjerde, Høyheim, Kvam, Gjerløv (i Fet sokna) og Øvrebø i Gaupne.
Figuren viser korleis talet på gardar kan ha utvikla seg. Figuren gjev ei glatt kurve. Ein kan likevel venta seg at det har gått både opp og ned i kortare periodar. Talet på bruk kan ha vore langt større enn talet på namnegardar. Eg har her òg inkludert fleire øydegardar som ein ikkje kjenner namna på, men som berre er omtala som øydegardar. Ein kan heller ikkje sjå vekk frå at nokre av dei er frå 400-talet; slik som Modvo på Hafslo. Modvo har eg likevel ikkje i noko kjelde frå 1600- eller 1700-talet funne omtala som ein øydegard. Gardar som seinare har vore omtala som øydegardar kan òg ha vore husmannsplassar før 1349. Eg har fordelt øydegardane som nye gardar etter skjønn på 1100- og 1200-talet.
KLIMA
Klimaet er avgjerande for om ein kan driva jordbruk eller ei. Temperatur og nedbør er dei viktigaste parametrane. Viktigast vert òg klimaet for dei gardane som ligg høgast. I varme periodar har korndyrkinga gjeve god grøde og velstand. I kalde periodar med mykje uår var det naudsynt å lita på husdyrhaldet, men det har nok neppe vore nok til å unngå naud.
Sikre kunnskapar om klimaet har ein ikkje i Noreg før 1700-talet. Ulike stader i Europa har ein brukt årringar, avlingar, isgrenser osb for å seia noko om klimaendringane. Det er likevel stor uvisse i tolkingane. Det beste grunnlaget ein har i dag er ei temperaturkurve bygd på ei tolking av årringar frå tre. Årringane fortel om veksttilhøva, som igjen i hovudsak er avhengig av sumartemperaturen. På den måten er det for den nordlege delen av Sverige sett samen data attende til om lag år 440 (Briffa m.fl, 1990). Som i dag, har det i tida 600-1350 vore gode og dårlege år. Det som er av interesse for busetnaden er lengre periodar med høge eller låge temperaturar. Ser ein på 50 års periodar, får ein at det var gode vekstvilkår (varmt) i tida 719- 762, kaldt 780-829, varmt 962-1011, kaldt 1108- 1157 og varmt 1152-1201. Sumartemperaturane var likevel ikkje i nokon av desse periodane meir enn 0,6 grader frå middelet for heile perioden (Briffa m.fl, 1990). For område som ligg høgt, kan likevel forskjellane ha vore større (Wishman, 1979). Ein hadde då eit rimeleg stabilt klima i tida 600-1350.
Er korngrensa i Engjedalen i dag ved Belgen (420 moh) ville ein temperaturauke på 0,5 grad ha heva korngrensa til over 500 moh. Ein temperaturauke på ein grad ville ha heva korngrensa til om lag 600 moh. Det ville då ha vore mogeleg å dyrka korn i store delar av Engjedalen.
S A M F U N N E T
I 1318 måtte Gudrun i Jostedalen møta for retten for tjuveri. Ho måtte gje bøter til sysselmannen som var kongen sin styringsmann. I 1348 hadde Sigrid Haldorsdotter i Jostedalen vore utro. Ho vart då bøtlagd av årmannen som var biskopen sin mann. I desse to sakene møter ein dei to viktigaste styresmaktene i landet : kongen og kyrkja. Dei hadde kvar sine lover og rett til å døma folk etter lovene. Kongen og kyrkja spelte i hovudsak på lag. Det gav eit effektivt styringsverktøy med trugsmål om straff nå og i evig tid. Til saman var hadde dei langt sterkare maktmiddel enn kva kongane kunne få ut av den gamle religionen.
POLITISK SOGE
Tidleg på 800-talet var Sogn eit eige kongedøme. Midt på 800-talet var Harald Gulltann konge. Kongesete kan ha vore på Husebø i Leikanger, men det er uvisst. Ein gong i andre halvdel av 800-talet arva systersonen Harald Hårfagre riket etter Harald Gulltann. Med grunnlag i riket i Sogn erobra han Hordaland og Rogaland (Einarsdottir, 1971). For å kunne klara det gjekk han saman med Ladejarlen Håkon Grjotgardson. Håkon tok då over styring av Sogn etter Harald Hårfagre. Seinare vart Sogn styrt av rikskongane, med stormenn som lokale embetsmenn. Dei budde oftast i Bergen. Det var sysselmenn, årmenn og lagmenn.
Alle krigshandlingane - vikingferdene og borgarkrigane - må ofte ha kravd utbod av krigarar frå Luster. Elles veit ein at det er Sogn og Rogaland som har flest funn frå vikingtid, som er laga i Irland. Mykje har nok vore røva og folk frå Luster har nok vore med. Mange av vikingferdene var reiser med fleire titals skip, som må ha kravd sterk styring frå stormenn. I borgarkrigane på 1100- og 1200-talet vart sogningane på ny blanda inn i krigshandlingane. Sønene og soneborna til Gaute på Ornes var med i leiinga av mange krigshandlingar mot kong Sverre og kong Håkon.
Herjingane og krigane gav rikdom og makt for nokre, men òg enker, foreldrelause born og mange vart skada for livet. Sogene fortel at Lærdal og Sogndal vart brent. Herjingar kan det òg ha vore i Luster, men det veit ein ikkje.
SKIPREIDA
På 900-talet var Vestlandet delt opp i skipreide. Kvart skipreide skulle stilla eit skip med mannskap ved krig eller fare for krig (leidang). I 1277 var det 16 skipreide i Sogn som kvar skulle ha eit skip med 25 "sessar" - 25 par årer. Dei same 16 skipa finn ein òg i Gulangslova, som har sine røter tilbake til før år 900. Ein har her å gjera med ein gamal militær inndeling av Sogn. Seinare vart det høve til å gjera leidang i form av pengar.
I den delen av Gulatingslova som var gyldig til 1163 sendte Sygnafylket 64 mann til Gulating. Frå 1163 til 1267 sende dei 40. Frå det som var gjeldande i tida 1163-1267 høyrer ein at det skulle sendast 10 mann frå kvar fjordung. For å få 40 mann må ein ha hatt fire fjordungar i Sogn. Frå biskopen si visitasreise i Sogn ein stad mellom 1321 og 1324 var det fire kyrkjer han vitja. Ein må tru at dei var hovudkyrkjene i kvar fjordung. Det var Hoprekstad kyrkje i Vik, Ryggjakyrkja i Aurland, Tønjumkyrkja i Lærdal og Stedjekyrkja i Sogndal. Går ein nærare inn i opplysningane frå visitasen ser ein at prestane i Nes, Hafslo og Dale låg til Stedjekyrkja, mens prestane i Fortun og Jostedalen høyrde inn under Tønjum saman med Årdal og Lærdal. Presten på Ornes bidrog begge stader. Oppdelingane ser ikkje heilt logisk ut. Ein lyt tru at presten på Ornes òg var prest i Solvoren, og at han var på visitasen på Stedje som prest i Solvoren.
Det var nok då fire skipreide i kvar fjordung, men grensene mellom skipreida kjenner ein ikkje. Ser ein på dei prestane som sokna til Tønjum var det : Tønjum, Ornes, Fortun, Årdal, Jostedalen og Æri. Dei som sokna til Stedje var: Stedje, Nes, Hafslo, Dale og Solvoren. I kvart av desse områda var det då fire skipreide. Frå nyare kjelder kjenner ein desse skipreida : Lærdal i 1522, Marheim i 1371, Årdal i 1348, Dale i 1522, Hafslo i 1348, Sogndal i 1522, Solvoren i 1522 og Borgund frå 1611. Ein kjenner altså 8 skipreide i dei ulike kjeldene. Det er likevel eit ope spørsmål om alle har vore eigne skipreide alt før 1349.
Dalsskipreide omfatta nok vestsida av Lustrafjorden frå Fjøsne eller Ottum til Nes, Råum eller Sandvik. Dalsskipreide som òg omfatta Fortun møter ein ikkje før i 1522. Kva år denne ordningen vart gjeldande veit ein ikkje. Indre Folk (Indre Hafslo) var ein del av Marheim Skipreide i lag med heile eller delar av Gaupne. I 1427 vart Flattun og Kalhagen rekna til Indre Folk.
Eit skip frå Sogn skulle etter Gulatingsloven slik ein kjenner ho frå 1100-talet, ha 50 mann. Om kvart bruk stilte med ein mann må det i kvart skipreide ha vore minst 50 bruk. På 1200-talet måtte kvar tredje bonde stilla med ein mann. Ein lyt då ha minst 150 bønder i kvart skipreide. Kvar mann fekk med seg mat for 3 månader eller som dei kalla det 3 månadsmatabol. Har mannskapet vore menn i alderen 20 til 40 år, må folketalet i skipreida ha vore fleire hundre om ein reknar med kvinner, born, eldre menn og heimeverande menn.
Gardane i "Dalsskipreidet" kan ha hatt ein felles allmenning (Lusterallmenningen). Etter Øiane (1987) hadde alle gardane på vestsida av Lustrafjorden frå Kvalsvik i nord til Tandle i sør, og austsida av fjorden frå Mordal (Alme) til Indre Kroken rettar. I 1838 høyrer ein likevel at Tandle ikkje hadde rettar der (Laberg, 1926) og i 1725 at Indre Kroken ikkje hadde rettar. Grensa har nok då vore omstridd.
OFFENTLEGE INNTEKTER
Det gamle samfunnet hadde ikkje skattar slik ein kjenner dei i dag. Styresmaktene sine inntekter frå lokalsamfunna vart oftast bøter for brot på lover og leigeinntekter frå eigedelar (landskyld). Innføring av tienda på slutten av 1100-talet vart ein ny måte å skattleggja på. Tienda var 10% skatt på inntekter. Ho var delt i fire like delar : til biskopen, den lokale presten, den lokale kyrkja og til fattige. I 1274 vart bøndene òg pålagt ein skatt til kongen - leidang - i fredstid. Tidlegare kunne ein berre krevja inn denne skatten ved ufred i landet. Ei stor inntekt kom òg frå jordeiga. ser ein på jordeigedomane i Luster var det samla kring 4400 månadsmatabol. Dei jordeigerane ein kjenner var:
|
Eigar |
Eige i månadsmatabol |
Kjelde |
|
Prestar og kyrkjer i Luster |
357 |
Bergen kalvskinn 1351 |
|
Biskopen i Bergen |
ca 250 |
1567 for Hafslo og 1646 for Luster |
|
Kongen |
ca 200 |
1567 for Hafslo og 1646 for Luster |
|
Kyrkjer i Bergen |
85 |
Bergen kalvskinn 1350-talet |
|
Nonneseter kloster i Bergen |
75 |
Jordebok 1535 |
|
Erkebiskopen i Trondheim |
67 |
Jordebok 1440 |
|
Gimsøy kloster ved Skien |
52 |
Jordebok 1398 |
|
Munkeliv kloster i Bergen |
49 |
Jordebok 1427 |
|
Lyse kloster i Bergen |
ca 25 |
Matrikkel 1646 |
|
Andre prestar og kyrkjer i Sogn |
8 |
Bergen kalvskinn 1351 |
Samla åtte styresmaktene kring fjerdeparten av all jorda i Luster. Det var lågare enn mange andre stader. Det kan ha samband med at sentrale kyrkjer og kloster prøvde å samla sitt gods nærast råd var; nær kyrkja eller klosteret. Luster vart då ein utkant; der det vart dyrt å krevja inn leigeinntekter. Det gav høve til større grad av sjølveige og store jordeigedomar i hendene på lokale stormenn, enn kva som var vanleg andre stader i landet. Ein har knapt noko grunnlag for å vita kor mykkje bøndene åtte av jord før 1349. Går ein til 1563 åtte bøndene berre kring 4% av jorda.
D A G L E G L I V E T
ØVST PÅ STIGEN
Funn av gull, store gravhaugar og monumentale steinbygningar vart oftast rekna som teikn på maktsentra. Ein har ikkje mange slike i Luster. Ein har funn av gullringar på Lerum og Søvde. Gullhaugen på Ugulen kan òg visa til gullfunn, men det er usikkert. Dalekyrkja er eit teikn på eit maktsenter i kristen tid. Ein har segn om kongar på Ornes og Kvam, men ein mangler kjelder om dei.
Ein ser at Gaute på Ornes og sønene hans deltok aktivt i borgarkrigane mot Sverreætta. Tidleg på 1300-talet møter ein Alf i Kroken som kongen sin utsending for å krevja inn skatt av motstridige islendingar. Ingen av dei var likevel nokon gong rekna mellom dei aller fremste i landet. Høgætta folk var det likevel mange stader i Luster. Det var folk med store jordeigedommar og stor lokal makt.
Munkehovud frå Urneskyrkja frå 1100-talet. Kan han ha vore sonen til ein stormann frå Ornes?
BØNDENE
Samanlikna med resten av Europa har dei norske bøndene vore uvanleg frie. Det hadde fleire årsaker. Ein viktig årsak var at bøndene lenge makta å halda på sin rett til å gje lover og på domsretten. Dei valde òg kongane som måtte lova å fylgja lovene som bøndene vedtok. Ein hadde samlingar av gods hjå ætter og personar, men geografien tillot i liten grad at dei vart styrt som ein eining; som elles var vanleg i Europa. Ein finn òg eigedomsretten til gardane delt opp i små delar; som tillot mange å eiga ein del av sin eigen gard utan å vera rike. Dei var såleis i stor grad sine eigne herrar.
LÅGAST PÅ STIGEN
Fram til 1100-talet hadde ein trælar som arbeidde for dei rikaste. Forskarane er usamde om kor stort omfang det var av trælar, og kva føremoner det gav for økonomien. Ein er òg usamde om kva tid og kvifor ordningen med trælar tok slutt.
Når Gudrun i Jostedalen i 1318 blanda neper i smøret som ho gav til kongen i landskuld eller når ho stal høy frå Josef Myrlande lyt ein tru det viste til djup fattigdom. Ein var fri frå trældomen, men ikkje frå naud, undertrykking og utbytting. Det er likevel ikkje mykje ein veit om dei som sto lågast på rangstigen. Sogene fortel om dei som hadde makt og rikdom. Det same fortel dei mange dokumenta ein har om kjøp og sal av eigedelar.
Innføringa av tiend på slutten av 1100-talet ga ei fast inntekt til dei fattige. Dei fattige fekk fjerdeparten av tienda; som vart 2,5% av alt som vart produsert i Luster. Kring år 1300 høyrer ein om fattiglegder i Stavanger og Bergen. Det same kan det ha vore i Luster òg.
Borna er ei anna gruppe ein veit lite om. Ein har ikkje ei einaste barnegrav før år 1000 frå Luster - faktisk har ein heller ikkje nokon frå heile Skandinavia (Roesdal, 1991). Ein har heller ikkje funne leikar. Born som døydde vart nok lagt under flat mark. I Trondheim kjenner ein funn av leiker frå tida 1000-1350. Trehestar, sverd, båtar og ballar var i bruk då.
HUSA
Ein har svært få funn av hustufter frå tida 600-1000 i Noreg. Frå Luster kjenner ein berre stølstufter som er datert til denne tida. Dei nærast hustuftene må ein til Stedje i Sogndal og til Ytre Moa i Årdal for å finna. Det næraste ein i Luster kjem husa, er arkitekturen i dei kyrkjene ein har att. Urneskyrkja vart bygd fyrste gong på trepålar i jorda. Neste gong vart ho bygd med tresviller på bakken. Har ein bygd husa sine på same måten, utan grunnmur, er det nok ikkje til å undra seg over at ein ikkje har funne hustufter. I hustuftene frå Stedje, som kan vera frå 800-talet, er det funne stolpehol, som i den eldste Urnes-kyrkja. Stølstuftene i Luster viser at ein òg har hatt hus med grunnmur av stein. Slik var òg husa på Ytre-Moa bygd. Når ein ikkje brukte gode bindemiddel mellom steinane, har steinane nok vore brukt om att mange gonger; og igjen vert det vanskeleg å finna dei eldste husa. Kalk som bindemiddel for mur kom i bruk på 1100-talet.
Ser ein på stølstuftene merker ein seg at husa ikkje alltid var rektangulære og at veggene ofte var boga. Ein hadde òg ein del hus der det berre var grunnmur på tre sider av huset.
I skriftlege kjelder om Luster frå 1300-talet finn ein omtala stover (Dale og Lomheim), ei setstove (Kvam), ei tingstove (Solvoren) og eit loft (Kvam). Ein har òg hatt mange andre hus, men kjeldene teier.
Stovene var nok røykstover i ei høgd. Dei hadde ei open grue midt på golvet og ein opning i taket for å sleppa ut røyken. Røykstovene vart nytta til matlaging, lager og sovestad. Lofta var i to høgder. Dei vart ofte nytta som lager, ein stad ein tok med gjester og som gjesterom (Lærum og Brekke, 1990).
Når Botolf Eindrideson, Arnfinn Isakson og fleire andre menn i 1341 samla seg i setstova på Indre Kvam, må ein spørja seg sjølv om kva for eit sete det var som stod i denne stova. I Hemsedal er setestover framleis i bruk som namn på hovudstova på ein gard.
Setet kan ha vore eit høgsete. Høgsete har vore i bruk i fleire samfunnslag frå bønder til kongar. Høgsete var oftast plassert ved den nordre langveggen i huset, og nær eldstaden (Steinsland, 1991). Høgsete ser ein nytta så seint som på 1700-talet i Jostedalen.
Høgsete hadde sitt opphav i tida før år 1000, men kor langt attende veit ein ikkje. Høgsete var òg nytta langt fram i kristen tid. Det var senteret for fleire ritualer. Høgsete var òg sovestad for husbonden og kona. Når dei gifta seg gav dei eid ved høgsete. Den som hadde plass i høgsete var og den rettmessige eigaren av garden og leiar for ætta. Gulatingsloven seiar at når ein mann er daud, skal arvingane setje seg i høgsete. For både mann og kone galdt det at dei hadde råderett over sin eigedom så lenge dei makta å sitja i høgsete. Lovene fortel òg at ein skulle vera stemna til ting i sitt høgsete, om stemninga skulle vera bindande (Steinsland, 1991). Dette var gjeldande på 1000-talet, men gjekk gradvis ut av lovene. I tida 1301-49 kjenner ein av omtale berre ei setestove i heile Sogn. Det var stova på Indre Kvam.
Stølshusa i Luster har oftast vore laga av tre, med grunnmur av stein. Torv har berre i liten grad vore nytta som byggjemateriale (Randers og Kvamme, 1992).
GARDSDRIFT
Driftsmåtane i jordbruket var mykje med det same i heile denne tidsbolken. I vikingtidsfunna frå Luster finn ein reiskapar som ljå, celt (spade), sigd og snidel (lauvkniv). Åkrane vart nok mest spadd, og kornet slege med ljå. Graset vart slege med ljå og lauvet med snidel. Frå Sogndal har ein to funn av ardar, men frå Luster har ein ikkje nokon.
Frå åkrane var kornet det viktigaste. Det meste har truleg vore bygg, havre eller ein blanding av dei to. Går ein fram til 1600-talet var bygg det viktigaste kornslaget i Luster. Gardsnamnet Lingjerdet viser til dyrking av lin. I Jostedalen høyrer ein om neper. Det kan nok òg ha vore andre produkt frå åkrane utan at ein i dag kan seia kva det var.
Kornproduksjonen på 1300-talet har vore av om lag same omfang som på slutten av 1700-talet. Mest truleg var follmengden høgare på 1700-talet enn på 1300-talet. For å få same produksjon har det vore større eller fleire åkrar på 1300-talet.
Ser ein på produksjonen slik ein kjenner han frå tienda på 1300-talet får ein:
|
|
tiend til prest+kyrkje (månadsmatabol) |
tiend (tonn korn) |
total produksjon i tonn korn |
|
Hafslo |
84 |
13,4 |
161 |
|
Fet |
22 |
7,0 |
84 |
|
Joranger |
42 |
6,7 |
81 |
|
Gaupne |
60 |
9,6 |
115 |
|
Jostedalen |
40 |
6,4 |
77 |
|
Nes |
42 |
6,7 |
81 |
|
Søvde |
51 |
8,1 |
98 |
|
Dale |
32 |
5,1 |
61 |
|
Fortun |
30 |
4,8 |
58 |
|
Ornes |
24 |
3,8 |
46 |
|
Solvoren |
40 |
6,4 |
77 |
HUSDYR
Hesten har nok vore i bruk i heile denne tida. Ein har frå tida 800-1000 funne bissel på Ornes, Bolstad og Høyheim. Dei er alle av dei største gardane i Luster. Det kan vera at berre dei rikaste bøndene hadde hestar. Etter år 1000 kjenner ein ikkje til noko om hestebruken, men ein lyt tru at dei var vanleg i bruk.
Storfe var nok i heile denne tida det viktigaste husdyret. Ei ku på denne tida var om lag 1m høg over ryggen. Dei mjølka om lag 500 liter i året. Ein har ikkje noko oppgåve over kor mange dyr dei hadde. Ein går ofte ut frå at ei ku gjødsla kring eit mål jord. Ut frå åkerarealet har ein så rekna ut talet på storfe. Som ein forstår vert det berre eit overslag. Andreas Holmsen (1937) fekk desse tala :
|
|
Hafslo |
Luster |
Jostedalen |
Sum |
|
Åkervidde (mål) |
2580 |
2930 |
400 |
5910 |
|
Storfe |
2390 |
2710 |
360 |
5460 |
|
Smør (tonn) |
108 |
123 |
17 |
258 |
Kjeldene frå Luster teier om andre husdyr som sauer, geiter, svin og høns.
Stølane var viktige for husdyra og har vore i bruk i fleire tusen år. Figuren nedfor gir talet på daterte stølstufter i Luster i 50-årsperiodar. Han er laga etter ei statistisk analyse av dateringer gitt av Randers (1994) :
BUNAD
I dag skifter motane ofte. Ein hadde òg motar i tida 600-1350. Dei forandra seg rett nok ikkje så fort. Hypotesar om korleis folk var kledd i vikingtida, må ein stort sett byggje på funn frå andre stader. Det næraste ein kjem klede frå Luster er nokre trådrestar på Sørheim og nokre på Sterri. Funn av vevskeier, vevreel, sakser og ei nål viser til lokal produksjon av klede. Dei aller fleste bunadene vart nok laga heime - ut frå kjende teknikkar og mønster, men kor det òg var mogleg å ta inn nye impulsar. Ull, lin og skinn var nok dei viktigaste råvarene.
Vinteren 1318/19 høyrer ein at Josef Myrlande i Jostedalen gav ein del gåver til dotter si, ho Vallgjerd. Det var eit kvitt belte, "pallklede" og eit kittel. Ingeleif Torsteinsdotter på Kvam fekk på 1340-talet ei skarlagenskåpe og ei kappe av kvitt skinn av mannen sin. Noko nærare kjem ein nok om ein ser på dei måla bileta på altertavlene frå Nes og Fet. Ulempa med dei er nok at dei ikkje er laga i Luster, og at dei viser klede som kan ha førebilete frå andre stader og land.
Under golvet på Urneskyrkja fann ein eit brystklede og eit skjel. Skjelet har truleg vore brukt til å verna brystvortene på kvinna (Heiberg, 1902). Alderen på dei er likevel uvisse.
SMYKKE
Både menn og kvinner pynta seg med smykke. Det er kjend fleire smykke frå Luster som fortel litt om kva som vart brukt til ulike tider.
Mannssmykke har ein ikkje mange av. Frå Melheim har ein ei ringspenne. Ringspennene har vore til å festa kapper med som vist på teikningen under. Ein har i tillegg beltespenner frå Sørheim og frå Bolstad.
Kvinnesmykke har ein fleire av. Mest er det av perler. 24 perler er funne. Dei fleste er frå Rjupheim, men òg på Sørheim, Døsen og Hillestad. Ein lyt tru at dei har vore i bruk i mest alle samfunnslag.
Ein har funne to armringar på Talle. Det fortel likevel ikkje noko om kor vanlege slike ringar var i Luster.
Eit typisk smykke frå vikingtida er dei ovale spennene. Som vist på figuren over vart dei nytta til å halda på plass kjolen. Dei er i Luster funne som par, både på Sørheim, Flahammar, Rjupheim og Nes. Frå Nes har ein like godt tre par. Dei gjekk av mote på slutten av 900-talet (Roesdal, 1991).
Ei smykke som skil seg ut frå dei andre, er eit irsk kvinnesmykke frå 900-talet. Det er funne på Flahammar. I perioden 914 til 980 var det mange vikingherjingar i Irland (Roesdal, 1991). Ein lyt helst tru at dette er eit smykke som har vore røva.
Bruken av smykke etter år 1000 veit ein lite om. Ein kjenner omtalen av eit ravperleband på Kvam i 1348, eit funn av ein ring på kyrkjegarden på Søvde og fleire funn under golvet på Urneskyrkja. Det var mange perler (mange fargar og ei av rav), ein sølv fingerring, ei ringspenne, eit lauv med ring av koppar frå ei spenne og eit naglebelte.
VÅPEN
I funna frå Luster frå tida 600-1000 har ein mange våpen. Ein har 21 økser, 17 sverd, ei brynje, 8 spjutspissar, 13 pilspissar og 4 skjoldbuler.
Når det gjeld øksene kan ein del av dei ha vore brukt til fredelege føremål. Ein får tru at ein vanleg viking frå Luster hadde ei øks og eit sverd som hovudvåpen. Dei eldste sverda hadde ein egg, men frå 800-talet vart det mest vanleg med tveegga sverd (Roesdal, 1991). Frå 1000-talet hadde sverda oftast ei kule på handtaket.
Typiske sverd frå periodane 600-800, 800-1000 og 1000-1300
Nokre hadde rustning (brynje) eller skjold, men dei var i mindretal. Skjold og brynjer har truleg vore brukt av storfolk. Det ut frå funnstadene for skjoldbulane som er Bolstad, Søvde, Hillestad og Melheim, og brynja er frå Kroken. Desse gardane er alle av dei største i Luster. I tillegg er det funne ei skjoldbule på Hafslo prestegard. I Dalekyrkja veit ein at det fram til 1600-talet var to skjold. Ut frå form og storleik er dei datert til perioden 1230-1290 (Trætteberg, 1971). Så skjold har nok vore i bruk i heile perioden 600-1349, men kor vanleg det var med skjold veit ein ikkje. Gulatingslova fortel likevel at leidangsfolk skulle ha skjold. Fram til kring år 1000 var skjolda runde. Dei var av tre med ei halvkule (skjoldbule) midt på skjoldet. Då den gotiske stilen kom kring år 1200 fekk skjolda form som ein omvendt gotisk portal
Funn av spjut- og pilspissar utan samband med andre funn viser mest truleg at dei har vore brukt ved jakt lokalt. Ein har òg dyregraver som viser til jakt (Randers, 1986). Ingen bogar er funne, så dei har mest truleg vore laga av tre.
JARN OG SMIE
Jarn har vore i dagleg bruk i lange tider, før ein kom til 600-talet. Lokal produksjon har nok vore prøvd i mange myrer. Jarnproduksjon i større omfang har ein berre fråsegn om frå Åberge. I 1810 vart det fortalt at det ifrå Åberge skal ha vore utvinning av jarn. På vegen Jargaldene hadde det i gamle dagar vore frakta mykje myrmalm frå stølane til Åberge. Smeltehytta var på Belgen. I 1903 vart det sagt at jarnet vart brote ved stølen Jargaldene. Mellom kapellet og husa på Belgen (tett ved dei siste) kunne ein sjå spor etter jarnsmelting (Bendixen, 1903). Det skal ha vore funne slagghaugar på Åberge i nyare tid, så det kan nok vera rett (Per Hunshamar, juli 1989). Kva tid det var produksjon veit ein ikkje sikkert. I skriftlege kjelder ser ein at det så seint som i 1339 vart jarn skipa frå Sogn til Bergen. Kvar i Sogn det kom frå veit ein ikkje. - "Jarnjord" hadde dei i ei tønne på Sandvik så seint som i 1704.
Den eldste smeden ein kjenner til var Odd Smed, som ein høyrer om i 1329, og som kan ha budd på Ytre Hafslo. Når han hadde tilnamnet Smed, lyt ein tru at han var smed på heiltid. Ein får likevel tru at det har vore smedar og smier lenge før 1329. Både på Drægni, i Dalsdalen og på Alme på Ytre Hafslo er det funne mange jarnbarrer. Ein får tru at dei har vore knytta til smier og har vore nytta for vidare foredling. Det var nok helst grovsmedar, men ein og annan finsmed kan det òg ha vore. Kyrkjekunsten og våpna får ein helst tru er laga andre stader. I Jorangerkyrkja var det likevel ein alterstake. Han er truleg laga lokalt med førebilete i utanlandske arbeid.
MATLAGING
Randers (1992) har daterert mange kolgroper i Luster til tida 600-1350. Kva dei har vore nytta til veit ein ikkje lenger. Det er difor vanskeleg å bruka dei i busettingsoga. Dei kan ha vore brukt til å koka mat i. Ein grov ei grop, la kol eller ved i botnen og tente på. Når varmen vart god, la dei steinar gradvis oppå glørne. Maten vart då lagt oppå steinane. Maten pakte dei inn til dømes i leire. Leira ga då frå seg salt til kjøtet. Så vart det lagt jord på toppen. Etter nokre timar kunne ein så grave fram middagsmaten ferdig kokt. Dette er ei tolking av dei eldste kolgropene. Dei yngste var det ikkje stein i.
Ordet gryte kjem av ordet grjot som tyder stein. Det kjem truleg at dei fleste grytene var laga av stein - av kleberstein. I tida før år 600 var det mest vanleg med leirkar. Dei gjekk ut av mote og kar av kleberstein og jarn tok over.
Ein har funn av gjenstandar av kleberstein på Berge, Dale, Melheim, Sie, Stemmingo på Ytre Hafslo og stølen Sætrehaug i Jostedalen. Det viser nok til at kleberstein var i vanleg bruk i heile Luster.
Produksjonen av kleberstein kan ein ha hatt fleire stader i Luster. Dei eg veit om er :
a) eit brot nordaust for stølen Dalen, rett ovanfor Fet
b) i Rauberget i Engjedalen
c) kleberhytta over stølen Lø i Dalsdalen
d) Kleberhola nær Vamberg i Jostedalen
Om ein har laga gryter, kar og andre gjenstandar til eige bruk eller for sal veit ein ikkje. Klebersteinane til Dalekyrkja og portalen som var på Fet kjem òg etter tradisjonen frå Dalen. Dei er begge frå slutten av 1200-talet. I såfall kan ein hatt produksjon der over lang tid. Det var òg klebersteinsproduksjon tidleg på 1800-talet i Gaupne og Jostedalen (Kraft, 1830).
JAKT OG FISKE
I Geisdalen er det gjorde dateringar i ei fangstgrop. Alderen er svært usikker, men Kjersti Randers (1986) konkluderte med at gropa truleg er yngre enn ein gong mellom 940 og 1080. Gropa viser nok til jakt på reinsdyr.
Kor omfattande jaktinga var og kor viktig ho var, veit ein ikkje. På 1600-talet ser ein at det ofte vart skote rovdyr i Luster. Rovdyrplaga var nok stor før 1349 òg .
Frå Kvam høyrer ein i 1334 om eit notvarp. Ein har altså fiska med nøter. Eit funn av eit stort fiskesøkke av kleberstein frå Sie viser òg til fisking med nøter. Stort meir om omfanget av fiske og fiskemåtar kjenner ein ikkje.
SAMFERDSLE OG HANDEL
I eit skriv frå kring 1400 får ein høyra om kva gardar i Lom som skulle halda vegar og bruer i stand til midt på fjellet mot Sogn. I 1611 høyrer ein at ein i Luster hadde same plikta. Ein lyt tru at denne plikta var gamal og at ferdsla over fjellet var mykje brukt.
Bygdevegar har det nok vore mange av, men ein har ikkje kjelder om kvar dei var og om kvaliteten på dei.
Ein ser at driftekarar frå gamalt hadde rettar fleire stader i Luster. Ein lyt tru at rettane var gamle, elles er det lite truleg at nokon ville gje vekk rettar til jord eller beite. Slike rettar finn ein i Skjolden, Dale, Marifjøra og Jostedalen. Dei viser nok til ein gamal og omfattande handel med husdyr.
Den viktigaste ferdsleåra var fjorden. Kva båtar ein hadde i Luster veit ein ikkje sikkert. Ein har berre att nokre båtnaglar frå Ornes og Flahammar. I Dale- og Urneskyrkjene er det likevel nokre vikingskip i miniatyr som kan vise til skip som har vore brukt. På 1600-talet høyrer ein om ein jektebyggar på Hafslo. Om denne tradisjonane kan førast attende til før 1350 veit ein ikkje.
På 1300-talet møter ein fleire frå Luster i skriv som er dagsett i Bergen og Kaupanger. Dei har nok då vore dei store handelsstadane for dei som budde i Luster. Marknader i Luster har ein ikkje kjelder om før 1350; så ein veit ikkje sikkert om eller kvar dei har vore.
Å N D L I V E T
Vår tids diskusjon om den Europeiske Unionen er nok det næraste ein kjem dei diskusjonane om religion og livssyn som ein hadde i Noreg på 900-talet og i starten på 1000-talet. Det som vart diskutert var om læra til den romersk katolske kyrkja skulle bli statsreligion i Noreg, som alle måtte leve etter. Dette fekk tilslutnad på Gulating i 1028. Gulating omfatta fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
DEN RELIGIØSE MARKNADEN
Vedtaket på Gulatinget kravde at eit fleirtal av utsendingane ikkje berre var kristne, men òg var viljuge til å tvinga resten å fylgja den same læra. Det skulle helst skje så snart råd var. Årsaka til denne dramatiske handlemåten har nok i stor grad vore bygd på dommedagsprofetiar i Bibelen om at Jesu skulle komme att etter 1000 år. Tida var knapp og noko måtte gjerast til beste for alle. Ein må tru at heller ikkje alle kristne ville ha eit statskyrkje, men eit personleg tilhøve til guden og valfridom. Talet på kristne har nok vore ganske stort. Islendingane gjorde eit likande vedtak i år 999. Forslag om liknande vedtak hadde nok vore drøfta mange vender før ein fekk fleirtalet med seg. Kongane fekk oppgåva med å handheva lova.
I den islandske Landnåmabok lista ein opp namnet på dei fyrste som busette seg på Island; i hovudsak i tida 870-930. For nokre får ein vita kvar dei kom frå og kva religion dei hadde. Andreas Holmsen (1937) skriv at fleste som kom frå Sogn var kristne på denne tida. Mange av dei lyt ein likevel tru fyrst hadde vore på dei britiske øyane før dei drog til Island. Når Olav den heilage skulle få gjennom vedtaket frå Gulatinget hadde han ikkje problem i Sogn. Etter sogene var Voss den einaste gjenstridige staden på Vestlandet. Grunnen til at ein hadde så mange kristne har nok samband med mykje reising. Rogaland og Sogn og Fjordane er til dømes dei fylka i Noreg som til dømes har flest saker frå Irland (Pettersen, 1928). I Rogaland har Per Hernæs vist til fleire graver frå 800- og 900-talet som han meiner er kristne. På Veøy i Romsdal er det òg funne kristne graver frå 900-talet. Liknande undersøkingar er ikkje gjort i Sogn. Når ein i Jostedalen ikkje har gravfunn er det freistande å spekulera i om ein her har hatt ein tidleg kristen busetnad.
Der ein i dag kan koma den førkristne læra nærast inn på livet er i eddadikta og i gravskikkane. Dei høgætta vart når dei døydde lagt i haug med gravgods rundt seg. Den som døydde fekk ofte med seg smykke, våpen eller arbeidsreiskap i grava. Gravene kunne vera både brende og ubrende. Spørsmålet er kva det fortel oss og om dei fortel noko om kva folk trudde på. Fleire har hevda at gravgodset er eit uttrykk for trua på eit nytt liv etter at ein døyr. Utstyret skulle då vera lagt i gravene for bruk i eit seinare liv - eit liv i haugen eller til dømes i Valhall.
Så enkelt er det ikkje. Når dei gravla folk la dei ofte gravene i gamle gravhaugar. Dei må ha funne gamle graver og sett at gravgodset endå var der. Det hende nok òg at dei tok med seg det dei fann av verdi. Den gravlagde kunne då ikkje ha fått seg eit nytt liv ein annan stad. Nokre graver vart òg brende så gravgods av brennbart materiale kan heller ikkje ha vore til bruk i haugen. Kvifor la dei så gravgods i gravene? Går ein til dømes til eit av dei største og best kjende gravene i Noreg - grava til Oseberg-"dronninga" var ho gravlagt i eit stort skip. Det var eit skip som ikkje var sjødyktig. Ein kjenner òg til skip som må ha vore øydelagde, halve, snudde opp ned osb før dei vart brukt i gravene (Næss, 1969). Dei har fått med seg skip ein ikkje kunne bruke!
Årsaka til alt gravgodset kan like godt ha med skikk og bruk og gjera, som med trua på noko nytt liv. Gravlegginga med nedlegging av gravgods var då ei minnestund og gravhaugen eit minnesmerke over han eller ho som døydde. Gravgodset er forskjellig frå grav til grav. Det