The Factory
Fractions from
an Idle Mind

Out There
Tell me Things
Tell me Secrets

acid
Cahr Uinen
Kristin Kjørsvik, 2000-09-29

Han hadde sovna framfor impulsskjermen igjen, og den hadde slått seg av sjølv, slik den var programmert til. Var han vaken?

Han var ikkje sikker. Jau, han måtte være det. Han strauk seg over håka, det var skjeggstubbar der som ikkje var der for åtte timar sidan. Han prøvde å reise seg opp frå stolen, men vilja kollapsa på halvvegen.

Noko hadde vekt han. Ein lyd.

"Du har gjestar," annonserte ei kald kvinnestemme. Han reiste seg opp og kikka seg rundt, berre for å stå ansikt til ansikt med ein av dei mange varslarane i leilegheita. Då han ikkje gjekk mot døra, gjentok kvinnemaskina meldinga endå ein gong, i eit like vennleg tonefall.

Hadde han gjømt boka? Ja.

Han gjekk ut i gangen med ein gnagande uro, som alltid når han var uviss på kven som skjulte seg på den andre sida av døra.

No var han redd, ei einsam sveitteperle la ut på ei stille ferd over panna hans.

Han tasta inn dørkoden, og døra gleid opp utan ein lyd.

Det var dei.

Dei hadde komme etter han.

…"Cahr Uinen var eit land fylt av draumar. Lufta var fylt av dei søtaste duftar, og opp av jorda kom dei deilegaste frukter, som ei gåve til menneska. Alle folkeslag levde i harmoni med seg sjølve og andre. Små var menneskas og jordas bekymringar då, i barndommen til ein ny verden." …

Menn i uniformer peika våpen mot han. Kvasse stemmer.

Ordet Politi hadde blitt for belasta, det var SamfunnsVaktarane no. Han hadde sett dei på impulsskjermen, i uniformer som oste av den stoltheta dei var for samfunnet.

Heltar.

"Identifiser deg sjølv," sa den fremste helten, mens han retta våpenet mot han. Helten bevega den livsfarlege metallpinnen litt nærare, då han ikkje svarte.

Strupen var tørr. "Innbyggjar 54980, 636," stemma hans var flat.

No flirte dei, redningsmennene.

…"I Cahr Uinen var kvar mann og kvinne fri. Dei levde frå dag til dag, og dei hadde ingen lovar eller reglar. Ingen mann var viktigare enn andre, og dei var alle rettskafne og vise. " …

Dei pressa seg inn døra, dei likna åtte-ti år gamle gutar, som hadde fått seg ei ny leike på deling.

Handflatene hans var klamme. Han vart skubba framføre dei, og inn på stua. Ord kom ut av munnen til ein av heltane. "Vi har grunn til å tru at du er ein forrædar, innbyggjar 54980, 636. Vi har grunn til å tru du skjuler samfunnsfiendtlig stoff her i bustaden din, ei viss bok kalla Cahr Uinen. Ei ulovleg bok. Ei bok som fremmar opprørsk og usann propaganda. Ei bok som forkludrar alt som er godt, og som sprer løgner om Staten, vår velgjerar." Bleikblå auge stirra hånleg og utfordrande på han.

Fangen svara ikkje. Feil uttale! Dei kunne ikkje ein gong uttale namne til desse dei rekna som fienden sin. Han kjende orda banka mot tinninga, hardt mot hardt.

I mellomtida hadde resten av Vaktarane systematisk byrja å øydelegge alt som kunne skjule ei bok, ein minnedisk, alt som kunne innehalde noko slags form for informasjon om eit land langt borte, eit land kalla Cahr Uinen.

Alt var tapt. Men han hadde venta på denne stunda, han hadde venta på ho i netter fylt av kunstig belysning, og augelokk av sandpapir. Brått vart kvar minste detalj i rommet viktig, han slukte omgivingane med alle sansane.

Døra sto open!

Han kasta endå eit blikk mot døra. Vaktarane følgde ikkje med, dei var opptatt med å knuse mest muleg av gjenstandane hans.

Han løfta beina frå golvet, med noko som virka som sirupsfart, han løfta beina og sprang.

Ut døra, ut i ein av dei mange korridorane, var dei etter han?

…"Menneska levde i Moder Jords slott, dei dyrka marka, og dei jakta på det dei trong. Dei kunne reise over store avstandar der dei berre såg skog eller hav, og dei savna aldri noko."…

Skvadron r83 lo i det innbyggjar 54980, 636 forsvann ut døra.

"Han tok seg god tid. Han kan ikkje være eit altfor stort tap, med den oppfatningsevna," mannen med dei vassblå auge kniste litt. Fleire av dei andre i rommet hadde byrja få farge i kinna, ei bleikraud rose på begge kinna.

Opphissing.

Dei hadde væra byttet.

…"Menneska i Cahr Uinen var ikkje redde då farar trua. Menneske mektigare enn dei sjølve, ville binde dei alle til slavar. Dei søkte rikdommen og viljen til dei frie menneska Cahr Uinen, dei ville herska over andre, og knekke alle andre meiningar enn sine egne. Men folket av Cahr Uinen reiste seg og kjempa."…

Han kjente at beina ville forandre seg til gummi i løpet av kort tid, han greidde ikkje dette stort lengre. Pusten gjekk tungt.

Dei hadde planlagt det. Dei hadde gjeve han ei mulegheit til flukt, berre for å leike seg med han. Korridorane vart til ei grå masse som flaut forbi, alt han kjende til var sine eigne tunge fotsteg, og forfølgjarane sine lette, dei fottrinna som ikkje sakna farta, som ikkje blei trøytte.

Skvadron r83 kunne sjå mannen framføre dei springe tyngre og tyngre. Han seig meir i hop for kvart steg. Ti meter til, tjue meter. Innbyggjar 54980, 636 segna saman mot ein av dei kalde grå korridorveggane. Men det skulle han ha, han hadde sprunge lengre enn dei fleste. Han hadde vore eit godt bytte.

Det kalde golvet omfamna han, i det han datt. Han greidde ikkje røre seg lengre, han kjende spytt renne ned frå munnvika og på skjorta hans.

Han skulle døy. Han skulle døy utan å sjå himmelen. Han skulle døy, i ein av korridorane av denne store maskina dei kalla verden. Dette var det siste han såg, desse gråe veggane.

Langsamt, nærmast utan pust, gispa han fram;" Cahr Uinen var eit land fylt av draumar. Lufta var fylt av dei søtaste duftar, og opp av jorda kom………". Han vart stille då dei tok han igjen.

Skvadron r83 sparka til den daude kroppen ved føtene deira. Dei viste han var daud, men dei kunne ikkje hjelpe for det, det måtte forsikre seg.

Mannen med dei vassblå auga tørka seg over panna, auga hans var blanke og klare, fulle av adrenalinrestar. Han greip ein lyd-overførar. "Dette er skvadron r83. Vi treng ei reingjørings gruppe. Vi har søla litt her." Han vendte seg mot resten av gruppa. "Ei god jakt fører alltid til litt søl." Han kniste.

<--- back