<%@LANGUAGE="VBSCRIPT" CODEPAGE="1252"%> Vossatroppen
topp
Siste nytt Vare hunder Om oss Galleri Kvalpar Resultat Linkar Gjestebok





rinas kvalpekull
Fleire bilder


Litt om Rinas fødsel og kvalpekullet…

Natt til 5 aug forandra Rina seg frå å vera stille og roleg til å stressa, pesa og klynka. Om morgonen såg me tydeleg at ho var engsteleg og uroleg. Ho sjekka om alle ”bola” ho hadde greve, var klare. Me sat ho i band, noko ho tykte var veldig trist. Midt oppi måling og montering av rekkverk, gjekk vatnet… klokka var 12.40. Me kasta frå oss hammar, pensel og liknande, og fekk med oss Rina inn i fødekassen på vaskerommet. Kl.12.45 fekk ho fyrste press- riene, og kl.12.48 kom fyrste kvalpen. Det var ei brun tispe, deretter 2 brune hannar, ein svart hann… på litt under 3 timar var det fødd 13 kvalpar. 2 brune tispe og 2 svarte. 5 brune hannar og 4 svarte. Rina var trøtt og sliten. (det var me ”besteforeldre” og) Men ho takla det bra, var omsorgsfull frå fyrste stund og trygg på oss som stelte og stulla rundt ho. Kvalpane var friske og fine. Den siste hadde litt start vanskar, men Audun gav han litt fyrstehjelp, og etter litt kvikna den til. Rina er så heldig at ho har 14 pattar. Men dessverre berre 12 som er mjølk i. Ho har mykje mjølk, og diar alle mette. Dei et og søv. Legg fint på seg, og Rina let oss gjerne få halda og kosa med dei, men ho tel nok over og sjekkar at alle er komme ned i kvalpe kassa igjen. Tante- og onkel barne våre har fått inn å kikka og klappa fleire gonger.
I skrivande stund, 16 aug, har den fyrste byrja å opna eine auga. Det er 4 som får spesialbehandling. Dei får dia ein gong for dagen åleine. Dei er litt mindre enn dei andre, men like spreke.
Søndag 13 aug klypte me 234 klør...









bunn
Rina
Kimmi
Alvhild og Rina
Audun og Kimmi