![]()
Interessa fly og flyging har eg hatt sidan barndomen, det førte til at eg i -89 tok privatflysertifikat. Eg tok flytimar hjå Haugaland flyklubb med Kåre Holmgard som instruktør, teoridelen tok eg som brevkurs. Omstendigheta gjore det slik at eg fullførte sertifikatet hjå Bodø flyklubb, i samband med militærteneste på flystasjonen der.
Dessverre er sertifikatet gått ut på "dato" no, men eg reknar med å komme sterkare tilbake seinare når omstendigheita tilet det.
Under opplæringa fauk eg piper 28-140 LN-BFK og i Bodø 28-181 LN-NPQ Seinare har eg flydd Cessna 172 hjå Stord Flyklubb LN-FAG og LN-NFO
På loftet på arbeidsstaden min har eg vore så heldig å få vere med å sjå eit eksperimental fly ta form, det var Karl Undheim som bygde ein RV-4, eit topp aerobatic fly, Yellow Bird som det no heiter. Karl tok snittflygingsbevis og reiser no rundt på flystemner og flyr oppvisning. Karl er ein stjernekar, han har vore ein stor inspirator for meg og flysporten. me har hatt mang kjekke opplevingar saman.

Yellow Bird På Sørstokken
Militærtenesta var eg så heldig å få utføre i luftforsvaret, først rekruttskulen på Værnes, so systemassistent kurs F-16 på Kjevik, deretter stasjonering på Bodø hovudflystasjon i hangar 3 som mekanikar assistent på F-16, stort meir fullklaff for ein flyinteressert kan ein ikkje få. Sjå kor stolt eg er


Bergen Aero Klubb - Norsk luftfartsmuseum
Fleire linkar finn Du på sida " Linkar"