Venneforeninga til "Brødrene af Sand"

 
Venneforeninga på dugnad i Suldalsskogen.


Dette flotte treet er nå den nye masta på skuta.

Venneforeninga til "Brødrene af Sand" vart formelt stifta i april 1996, og har no ca. 140 medlemmar. Føremålet til Venneforeninga var å få skuta i Ryfylkemuséet sitt eige, og å få "Brødrene" til restaurering i Nordheimsund, Dette målet er nådd, og arbeidet frametter vil dreia seg om å få den ferdig restaurerte skuta i aktiv drift att, i nært samarbeid med Ryfylkemuseet.

Medlemmer i Venneforeninga har vore aktive i arbeidet med å skaffa til veges materiale til hud, spant dekk m.v.. Masta vart henta i skogen attmed Sand. Det tok si tid å finne det rette emnet, og store delar av skogen i kommunen vart saumfara. Masta blei stripebarka, og tørka på rot i 2 år før han vart felt og frakta ned til sjøen, og vidare til Nordheimsund med båt.

Veldig mykje av materialene til restaurering av "Brødrene" er henta frå skogen i Suldal. Her i kommunen er det mykje god skipstømmer og Venneforeninga kan formidle kontakt dersom du er interessert i tømmer til eiga skute. Kontakt då Inge Vandvik, tlf. 52 79 74 23.

Venneforeninga kan stilla med skipper og mannskap til alle turar som skuta skal ut på. Dette er ei stor utfordring me håpar me skal makta på sikt. No utdannar me 9 fritidsbåt-kystskipparar, i tillegg til dei 5 fullt utdanna skipparane som er i foreninga. Me blir og med på opp- og nedrigging, vårpuss og ettersyn.

I løpet av 2000 vil det bli sett i gong segleturar og -opplæring. Ryfylkemuseet ønskjer å nytta båten til museale oppdrag, og Venneforeninga vil nytta båten til eigne føremål.

Medlemskap i Venneforeninga kostar 100 kr. pr. år og gjer medlemmane visse rettigheitar i høve skuta.

Adresse: Venneforeninga til "Brødrene af Sand" v/John Jastrey, 4230 Sand

 

Kopi av Artikkel om Venneforeninga, frå "Folk i Ryfylke, nov. 1999