Historia til "Brødrene af Sand"

 

"Brødrene af Sand" vart bygd kring 1840 ved Straumberget nær Jelsa i Ryfylke-distriktet. Båten er 52 fot lang, 16 fot brei, masta er 62 fot høg. Ho er gaffelrigga og utstyrt med breifokk.

Opprinneleg var skuta klinkerbygd av fore(furu)plank. Planken vart sauma med braka(einer)naglar, både bord til bord og bord til spant. Mellom borda vart ho sua med kuhår. Ein reknar med at ho har hatt dekk heile tida.

"Brødrene" er særs spesiell i formen, då ho er godt utlagd framme. Det er ei heilt anna form enn formen til Hardangerjaktene. Det er likskap med båttradisjonar frå Nord-Europa frå århundreskiftet 17/1800.

Litt før1905 blei klinkerhuda bygd inn i kravellhud over vasslinja, medan kravellering under vasslinja vart gjort etterkvart.

Ein med namnet Hanasand i Østhusvik eigde båten før den kom til Sand. Sven Njelsen Eide kjøpte "Brødrene" i 1905, og bror hans Nils Njelsen Eide vart medeigar i perioden 1909 - 1911 og frå 1917 og i tida framover. I 1917 vart det og satt inn ein Rapp-motor.

I perioden 1930 til 1934 vart ho restaurert av ein båtbyggjar v/namn Forenes. Då vart all ytterhud over vasslinja skifta ut. Måten man gjorde det på var å laste skuta ned med plank og segle til eit skipsverft eller båtbyggjar og byggja om skuta med planken man hadde med seg.
   

"Brødrene" har gått mykje i fraktefart i Ryfylke-fjordane med ved, post, tømmer, sand, jord og is. Ho har segla til England med salta makrell. Ho har også vore nordover til Lofoten, og sør- og austover, truleg til Danmark og Østersjøen.

I 1967 vart "Brødrene" solgt til Brendeland i Haugesund, og i 1969 vart ho solgt vidare til Tryggen Larsen på Nesodden. Han brukte mykje eigne ressursar på å restuarera og vedlikehalda båten. Han tilbød å selja båten til Ryfylkemuséet, som vart eigar av skuta i 1997. Ho ligg no ved kai på Sand, ved Ryfylkemuseet. Det er stifta ei Venneforening, som skal ha ansvar for vedlikehald og drift, i samarbeid med Ryfylkemuseet.