Venneforeninga til Brødrene af Sand - kort historikk
v/ John Jastrey
Innleiing
Venneforeninga til "Brødrene af Sand" har formelt eksistert sidan stiftingsmøtet 27. november 1996. I denne framstillinga vil eg og ta med litt frå tida før stiftingsmøtet, då det vart nedsett ei arbeidsgruppe.Såleis vil eg her omtala arbeidet frå hausten 1995, då ei arbeidsgruppe vart oppretta,og fram til hausten 1999.
Underteikna har vore sekretær heile tida, og eg kjenner meg særs ydmjuk overfor oppgåva : å fortelja om arbeidet og innsatsen til mange ivrige medlemmer gjennom fleire år. Eg har ikkje freista å gi ei heilt kronologisk rett framstilling, men har snarare lagt vekt på dei viktigaste fasene i prosessen så langt. Eg har valt å nytta det lokale uttrykket "jekt" i staden for det boklege faguttrykket, som er "jakt".
1995 - Det første året
Den "Grøna Jektå" , ei om lag 150 år gammal Hardangerjekt frå Ryfylke, var til sals. Dåverande eigar og redningsmann gjennom 25 år, Tryggen Larsen frå Nesodden utafor Oslo, ønska at båten fekk koma heim til sitt rette miljø, og kom med tilbod til Ryfylkemuseet om å kjøpe jekta. Ryfylkemuseet likte tanken, men forsto at gjennomføringa av eit slikt prosjekt ville kreva ei solid lokal foranking og mange frivillige medarbeidarar.
Kunne det finnast folk i Suldal som hadde interesse av at den gamle båten kom attende til Sand? Jekta hadde ei lang historie i Ryfylkefjordane, men hadde vore borte frå Sand i ein mannsalder. Ryfylkemuseet inviterte eit titals personar med ei felles interesse for båtar. Rundt møtebordet satt personar med variert yrkesbakgrunn : lærar, skipper, båtbyggjar, elektrikar, kommunearbeidar, ingeniør, administrator ..Her var både teoretikarar og praktikarar .
Deltakarane på dette møtet kom raskt fram til at dei ville arbeida for å få "Brødrene af Sand" heim .Dei tenkte på kor mykje positivt ein slik båt kunne tilføra lokalsamfunnet. Dei kjente til døma "Anna af Sand" i Stavanger og "Johanne Karine" i Haugesund.
|995 vart eit år med mange møte, mykje snakk i bygdene i Suldal, på arbeidsplassane og i Gata på Sand. Meiningane i lokalmiljøet var delte. Spørsmåla var mange, m.a.: Var heile prosjektet berre galskap og bortkasta pengar? Var det mogeleg å få finanisert eit kjøp, slik at Ryfylkemuseet kunne eiga båten? Ville det la seg gjera å byggja opp ei forening som kunne ta del i ansvaret for båten? Kva slag organisasjon kunne vera høveleg? Ei arbeidsgruppe vart sett ned for å vurdera vegen vidare.
Ryfylkemuseet, 27.11.95. : Nervøse medlemmer i arbeidsgruppa trippar rundt vil det koma folk tru?
Fem minutt før møtetida så det dårleg ut men då møtet var satt, var det 50 interesserte personar i salen! Då kvelden var omme, var "Venneforeninga til "Brødrene af Sand" stifta, og det første interimsstyret, med mandat til å gjennomføra første ordinære årsmøte utpå våren 1996, var vald.
Det andre året - 1996 - Venneforeninga tek form - og tar sats!
Den 20.04.96 blei det første årsmøtet i Venneforeninga halde på Ryfylkemuseet. Viktigaste saker var -mandatet til Venneforeninga
-val av styre.
Det vart raskt semje om at foreninga skulle arbeida for:
- å få Brødrene af Sand tilbake til Sand i Ryfylkemuseet sitt eige
- å bidra til å få jekta restaurert til best mogeleg stand
- å bidra til å få jekta i aktiv bruk gjennom ei avtale med Ryfylkemuseet
Det sitjande interimstyret blei vald til første ordinære styre, med Knut Bakke som leiar. I styret sat Sven Tengesdal, John Jastrey, Inge Vandvik, Henrik Halsne og Torill Telstad. Venneforeninga ønska kontakt og samarbeid med flest mogeleg instansar i Suldals-samfunnet.
Den første formelle kontakten var med Sand Båtforening, som fekk informasjon om prosjektet i årsmøtet sitt vinteren i 1996. Venneforeninga var i kontakt med Gullingen leirskule, Hiimsmoenkollektivet, Ryfylke Folkehøgskule og Suldal Reiselivslag i løpet av dette året. Samtalene gjorde oss trygge på at det skulle vera råd å få skuta i aktiv drift når ho ein gong kom tilbake til Sand. Det vart sett i gong aktiv verving av medlemmer, og i løpet av kort tid var det om lag 120 medlemmer i Venneforeninga.
Dei første oppgåvene til styret var å starta opp arbeidet med å påverka dei forskjellege instansane som nødvendigvis ville bli involverte i kjøpet av skuta.
Riksantikvaren ville vera den viktigaste bidragsytaren, og folk frå Venneforeninga var i lag med Ryfylkemuseet på synfaring hos Tryggen Larsen og i møte med Riksantikvaren i Oslo. Me er overtydde om at samspelet mellom Ryfylkemuseet og Venneforeninga overfor Riksantikvaren var utslagsgjevande for at me fekk midler til prosjektet.
Kombinasjonen av følgande faktorar var viktig for at Riksantikvaren valde å satsa på prosjektet:
Lokalpolitikarar vart informerte om planane både gjennom brev og direkte kontakt med Venneforeninga og Ryfylkemuseet. Ein utbreidd skepsis blei etterkvart snudd til positiv interesse. Ordførar Torkel Myklebust var ein svært viktig støttespelar i denne perioden.
Venneforeninga utarbeidde forslag til driftsmodell for skuta ,og inngjekk ei driftsavtale med Ryfylkemuseet. Alle politikarar i kommunestyret fekk tilsendt informasjon.
I løpet av året gjekk kommunestyret i Suldal inn for å løyva 750.000 kroner til Ryfylkemuseet, øyremerkt til kjøp og restaurering av "Brødrene af Sand"!
Styret i Ryfylkemuseet, Rogaland Fylkeskommune - v/kultursjefen og Utval for kultursaker - var andre sentrale instanser. Venneforeninga valde å vera svært aktive overfor desse, og dreiv både skriftleg og munnleg påverknad med den hensikt å få positive vedtak som ville gje Ryfylkemuseet lov til å kjøpa skuta.
Etter ein del spanande møte gjekk det til slutt rette vegen kjøpet kunne gjennomførast! Dei første viktige skritta var tekne!
Det tredje året 1997 - Dugnadsånden i høgsetet
I starten av dette året kom den etterlengta meldinga det var innvilga midlar frå Riksantikvaren! Restaureringa kunne ta til utpå året, under føresetnad at den næraste autoriserte verkstaden, Hardanger Fartøyvernsenter, hadde tid til å ta på seg oppdraget.
Årsmøtet i april valde nytt styre, og Inge Vandvik overtok leiinga i Venneforeninga. Så var det berre å bretta opp ermene og setja i gong ! Dugnadsgjengar måtte i sving. - Og folk var lettbedde og klare til innsats! Ein fekk i gang dugnad for å finna mast, spanteemne, plank til hud og dekk. Mange positive skogeigarar frå fleire delar av kommunen bidro med å gje Venneforeninga tilgang til skog og utstyr.
Masta vart funne dette året på Sand ! Det var på Martin Eide sin eigedom. Masta blei stripebarka i fleire omgangar for å bli best mogeleg impregnert før felling. 17 tonn med varierte materialar blei transportert til Norheimsund med bil frå Sauda Vidaregåande Skule utpå sommaren.
Dyktige folk starta med å skaffa utstyr og plass til fortøying ved museet. Ei studiegruppe på 9 peronar vart etablert og meldt inn i NKS, med mål å gjennomføra kurs for fritidsbåt-kystskippersertifikat.
Planlegging av kva slag motor og anna utstyr som skulle vera i båten, starta. Me var i kontakt med aviser, fjernsyn og radio. Mannskapet "Anna af Sand" inviterte oss med på middag på Jelsa det var eit stort ønske om samarbeid og god kontakt mellom mannskapa på dei to skutene!
Det vart etablert nær kontakt med tidlegare eigar av jekta, Bjarne Eide. Han har vore den viktigaste informanten i heile restaureringsprosessen, og ei heilt uvurderleg kjelde for Norheimsund Fartøyvernsenter for at "Brødrene" skulle førast tilbake til den ho var i 1905, og for at ekspertane ved båtbyggeriet kunne forstå bakgrunnen for dei metodane dei avdekka ved å ta skuta frå kvarandre, bit for bit.
Med grunnlag i ei økonomisk gåve frå Bjarne Eide sette ei gruppe i Venneforeninga i gong med å planlegga utforminga og bygginga av ein lettbåt til "Brødrene af Sand".
Den viktigaste hendinga dette året var på mange vis at jekta kom heim til Sand frå Nesodden i starten av juli, etter ei veke med førebuing på Nesodden og motorgang rundt Sørlandet. Takk vera dyktige motorfolk og ein god skipper kom skuta fram. Etter eit kort opphald på Sand førte ein ny god gjeng frå Venneforeninga jekta trygt vidare til opphaldet i Norheimsund.
På slutten av året var det nytt møte i Oslo, mellom Ryfylkemuseet, Venneforeninga og Riksantikvaren, og ny spenning : ville løyvingane frå Riksantikvaren halde fram?
Det fjerde året 1998 - Restuarering og planlegging
Det kom meir økonomisk støtte frå Riksantikvaren! Restaureringa kunne halde fram utan opphald!
Gjennom året 1998 hadde Venneforeninga fokus retta mot Norheimsund. Ein eller to frå Venneforeninga var med Ryfylkemuseet til mange prosjektmøte med Hardanger Fartøybernsenter. Mange viktige val skulle takast, og Venneforeninga ønska å følga prosessen nøye.
Det var stabilitet i styret årsmøtet valde heile det sitjande styret att, og ga dei full tillit for ein ny periode. Styret vart sett saman av Inge Vandvik, leiar, Sven Tengesdal, kasserar, John Jastrey, sekretær, Per Fremmersvik, styremedlem, Lars Njøten, styremedlem og Bjørn Sandvik, aktiv varamann.
Det vart etablert i kontaktgruppe mellom Ryfylkemuseet og Venneforeninga, som hadde mange konstruktive møte gjennom året.
Ei eiga gruppe for planlegging av motorkjøp heldt fram med arbeidet sitt, og kom fram til konklusjonen utpå året: ein ny Perkins 130 hestars båtmotor måtte til! Ei anna gruppe planla innreiing, instrumentering og lettbåt-bygging. Dei ni deltakarane på kystskipperkurset møttest jamnleg.
Masta blei felt seinare på året, og transportert med Reidar Grønevik si skøyte "Marja" til Norheimsund.
Det var ikkje heilt slutt på dei økonomiske utfordringane dette året heller. Styret for Bygdeutviklingsmidlar i Fylket blei også utsett for påverknad og informasjon og pengar til motor og innreiing vart løyvd i løpet av året prosjektet var snart i boks!
Det femte året - 1999 - Skuta kjem heim
Me tok til å sjå slutten på restaurerings-prosessen. Skuta låg på slippen i Norheimsund, og prosjektet vårt låg for alvor på beddingen ! Folk frå Venneforeninga var jamnt og trutt oppom, nokre berre for å beundra verket, andre for å vera med på sjøsetjinga, atter andre for å læra om driving av dekk og hudplank.
Venneforeninga måtte byrja å tenka på neste kapittel i denne fantastiske historia: drift av "Brødrene af Sand" . Artiklar som kunne gje litt inntekt kunne vera godt å ha, så både koppar og t-skjorter med Venneforeninga sitt emblem blei tinga og lagt klare til sal.
Heimkomstdatoen, 28. august, blei fastsett utpå våren - og ei gruppe frå Venneforeninga fekk ansvar for å laga til velkomst-arrangement ved heimkomsten. Denne hendinga skulle markerast tydeleg!
I august tok styret i Venneforeninga på seg å føra "Brødrene af Sand" heim til Sand. Skipper Sven Tengesdal trassa både ein del små manglar på skuta og ein nokså stiv kuling, og førte skuta trygt heim i lag med mannskapet. På vegen blei den nybygde lettbåten henta frå Ryfylke Båtbyggeri på Finnøy. Eskortert av "Anna af Sand", "Wyveren" og mange lokale småbåtar segla "den grøna jektå" inn Sandsfjorden, og klappa til kai akkurat etter tidsplanen, kl. 16.00, laurdag 28. august 1999. Mange hundre menneske møtte fram for å møta jekta!
Heimkomsten vart ei stolt skute verdig. Lokale kulturkrefter stilte opp med eit flott program: korpsmusikk, korsong, toradarmusikk, talar, fiskesuppe, kaffe og lefser, utstilling av skutemaleri, utstilling av arbeidet med Brødrene, diktlesing ved Kolbein Falkeid og konsert med Erik Bye.
"Brødrene af Sand" var heime igjen.
Ei ny fase
For Venneforeninga starta no ein ny periode å finna form på drifta av "Brødrene". Det er eit klart mål at flest mogeleg folk skal få glede av skuta, ikkje berre dei om lag 150 medlemmene. Me ønskjer at båten skal bidra til å auka kunnskapen om bruk og vedlikehald av slike skuter, og spre glede og interesse kring i heile Ryfylke. Til dette trengst gode avtalar mellom eigar og Venneforeninga, frivillig mannskap og gode skipparar.
Det trengst sjølvsagt og pengar til drifta. Det komande vinterhalvåret vil desse to hovudoppgåvene vera i fokus i Venneforeninga:
Å organisere og avtalefeste ei høveleg driftsform, og å finansiera drifta. Begge oppgåvene vil kreva eit fortsatt godt samarbeid med eigaren, Ryfylkemuseet.
Me vil takka Ryfylkemuseet for interessante utfordringar, eit godt samarbeid og gjensidig tillit. I lag har me klart å gjennomføra den raskaste restaureringa av eit slikt fartøy i landet. Det lovar godt for det vidare arbeidet med å få til ei trygg og god drift av skuta til glede for mange.