DRIFT
Dette året er det første driftsåret for "Brødrene af Sand". Drifta blir leia av eit driftsstyre med to medlemmer frå Ryfylkemuseet og to frå Venneforeninga.
Venneforeninga har rett til 21 dagars fri bruk av skuta. Desse dagane vil i år sannsynlegvis bli brukt til:
Venneforeninga skal og stilla skipper og mannskap til fleire oppdrag. M.a. skal me til Norheimsund på jektesamling i Sankt Hans helga i juni og til Sandnes i samband med 2000-års feiring. Reiselivslaget har tinga skuta fire ettermiddagar i juli, og alle som har lyst skal få komma på fjorden i Ryfylkedagane i starten av juni.
MANNSKAP
PÅ BRØDRENE AF SAND!!??
Det
er alt no klart at me kjem til å arrangera medlemsturar
to langhelger:
·
22.06. – 26.06.
Tur til Norheimsund, på
nasjonalt jektatreff og båtfest
·
27.07. – 31.07.
Tur til Egersund, på
Forbundet Kysten sitt årlege landsstevne
Det
skal og arrangerast ei helg med opplæring
i segling, der me får med oss skipper og bestmann på ”Mathilde” i
Norheimsund. Dette vil bli 1. eller 2. helga i mai.
Det
vil bli sett av ei rekke forskjellige medlemskveldar,
der me kan møtast til prat, øva på knuter og andre praktiske syslar og ta ein
segletur om ver og vind tillet det.
Det
vil og bli ei rekke oppdrag for
Ryfylkemuseet, til fleire stader i Ryfylkebassenget og kortare turar. Me
treng mannskap til alle desse turane, og alle er velkomne til å prøva
seg som mannskap om bord. Opplæring av mannskap vil skje ved å ta del på
medlemsturar og –kveldar, pluss ved å vera med andre med meir røynsle på
oppdrag. Slik kan me byggja opp kompetansen etterkvart. Einaste måten å læra
er ved å vera om bord!
Me
vil koma tilbake med nærare opplysningar om alt dette når sesongen nærmar
seg, og nytt styre er på plass. Det vil bli gitt høve til påmelding for alle.
Det vil ikkje kosta noko for medlemmer å ta del i medlemsturar, utover mat.
Deltaking på oppdrag er å rekna som dugnad.
Det
vil bli mange høve til å koma om bord i ”Brødrene af Sand”!!
VEDLIKEHALD
Planlegging
og innkjøp av materiale
Rydda
ut eksisterande innreiing
Leggja
dørk, byggja skott, ordna toalett, kjøkken, bord og sitjeplassar
Hovudansvarleg:
Per Fremmersvik – telefon 52 797 632 (p),
52 797 575 (a)
Meld
dykk på til Per snarast, for avtale om oppgåver og oppstart, og samordning av
arbeidet – her er det nok å gjera! Arbeidet vil skje dei siste vekene i mars
og framover mot Påske – minst…
Ingen
krav til kompetanse – me treng
alle som vil!
Sett
av helga 8. – 9. april
Segl,
løpande rigg m.v. skal på plass. Om veret tillet det, kan det og tjærast og
malast. Og
me treng nokre som vil syta for kaffe og servering! Pausene er viktige!
Her
skal me læra mens me arbeider -
det er mange tau og namn…
Hovudansvarleg:
Inge Vandvik – telefon 52 792 400
(a), 52 797 423 (p)
Meld
dykk på til Inge snarast, eller møt fram ved Yrkesskulekaia kl. 10.00 laurdag
8. april
Me
vil gjerne finna eit medlem som kan tenkja seg å vera ansvarleg for å skaffa
mannskap til oppdrag og turar.
Det ville vore flott om ein med telefon og lyst kunne ta på seg denne
oppgåva! Skipper til turane blir ordna på anna vis. Kontakt John Jastrey om
dette snarast!!