Kompisane... |
||
|
Ronny og Steinar har eg vokse opp saman med, me gjekk på skule i same klasse i 9 år. Ronny var av den typen som alltid skulle finna på noko, mens Steinar var den "ordentlige" av oss. Han gjorde skjeldan noko gale (alder), og han var absolutt til å stola på. I dag, så er Ronny lærling hos Simonsen Elektro A/S (inne i det siste halvåret), medan Steinar studerer i Stavanger(første året). Eg og Ronny valgte å gå på yrkesskulen, medan Steinar valgte å gå på gymnaset, han var tross alt den som var mest flittig med skolearbeid og prioriterte skulen, klokt valg Steinar... I likhet med desse to, så har og Lars Kenneth, Eivind og Kjell-Ove vore mine kompissar frå barndommen av. Lars Kenneth går no på fagskule i Bergen, Kjell-Ove arbeidar på Wartsila på Rubbestadneset, medan Eivind arbeidar som data-ingeniør i Stavanger. Det er vel kanskje Eivind og Kjell-Ove som eg har leika mest med i barndommen. Alf Wegar og Bjarte er eit år yngre enn meg, og me vart vel ikkje så godt kjent før nokre år tilbake. Dei er to lærlingar hos Simonsen Elektro A/S, og kjører rundt i kvar sine råne-bilar. Torbjørn blei eg kjend med for fleire år sidan, og me var blandt anna på fotballskule ilag på Skogbu ein sommar. Han fekk nok meir ut av den skulen enn meg. Det var gjennom Ronny at eg blei kjend med han. Jim Kåre og Anders er eg blitt kjend med no dei siste par åra. Anders er eit stort talent innan fotball, og skuddfoten hans er berykta over heile øya, kanskje litt utanfor og... Jimmen har nettopp begynt sjømannslivet på ein av båtane til Knutsen-rederiet. Han er ein ivrig "skruar", og er nok dyktig når det gjeld motorar. Kjem aldri til å gløyma når du lurte meg til å "gje vekk" chopperen", Jim... |