Næraste fiskevatn tar det 10 minuttar å gå til. Sjølv om det er få vatn med mye fisk, kan det være storingar på fleire kilo å få i dei fleste vatn. Få av vatna er sjølvproduserande, så kultivering er grunnen til at det er så bra med fisk.
Hare og rype har fast tilhald i og rundt hageflekkane, men det er dårleg skikk å jakte mellom husa. Rypebestanden varierer ein del med jakttrykket, mens harebestanden synest å halde seg konstant uansett kor stort uttaket er.
Kvar vår hekkar måsen i tusental, og Mackøl og måsegg er ein delikatesse? Måseggplukking er uansett ein fritidssyssel som mange set pris på, både til rekreasjon og attåtnæring.
Hausten er prega av bær, og som dei fleste andre plassar har moltebær ein eigen status. Sjølv om mengden er liten i forhold til indre strøk, får dei fleste nok til både moltekrem og likør.
For dei som bare ønskjer å vandre, er fotturar eit godt alternativ. Sørøya er Norges fjerde største, og byr på variert terreng og derfor og varierte turar. Gammer gir høve til overnatting for dei som ikkje vil dra på telt.
Alt dette er ein del av dagleglivet til dei som bur på Sørøya. Turistar kan nok nyta godt av delar av dette, men bare dei som føl naturen gjennom heile året får med seg alt. Og dersom noe av dette skulle verke freistande, er det arbeid å få for nesten alle yrkesgrupper.