Startside Namnefest Konfirmasjon Gravferd Lenker Styre Innmelding Ta kontakt |
Namnefest i VoldaLokallaget har arrangert namnefest 5 gongar. Dei to
første vart arrangert på Høgskulen i Volda, det var i 1990 og 1993. I
1998 og 1999 vart namnefestane arrangerte på Volda samfunnshus. I 2002
vart det arrangert på Aasen-tunet. Barn, foreldre og slektningar har
fått oppleve høgtidsstunder med song og musikk, tale og dikt. Borgarleg namnefest, kva er det?Dei fleste ynskjer å markere at eit barn blir fødd og får namn. Dei vil feire det nye barnet. Slike seremoniar har vore vanleg i alle kulturar til alle tider, uansett religion og livssynstilknytning. Her i landet har denne seremonien vore knytt til kyrkja sin barnedåp. Ved dåpsseremonien vert barna melde inn i den norske kyrkja, og foreldra forpliktar seg til å oppdra barnet i den kristne tru. Ikkje alle foreldre ønskjer å forplikte seg til dette. Human-Etisk Forbund sin Namnefest har vorte eit stadig meir vanleg alternativ. Dette er ein vakker og glad seremoni på eit ikkje-religiøst grunnlag. Her er det musikk, tale og diktlesing. Namnebarna får overrekt ei minnetavle med namnet deira på. Seremonien går føre seg i lokale med plass til familie og venner. Kven kan ta del?Alle som ynskjer det kan ta del. Det er ingen krav til medlemskap i Human-Etisk Forbund. Ingen blir medlem av Human-Etisk Forbund ved å ta del i Namnefest. Sidan Human-Etisk Forbund står for gjennomføringa, avgjer dei kva det vil koste å vere med. Prisen vil ofte vere noko høgare når foreldra ikkje er medlemmer. Namnet skal meldastUavhengig av barnedåp eller namnefest pliktar foreldra å gi melding til folkeregisteret om kva fornamn og slektsnamn dei har valt til barnet sitt. Dette skal gjerast seinast seks månader etter at barnet er fødd. Folkeregisteret skriv ut fødselsattest og namneattest. Folkeregisteret får melding om fødselen direkte frå fødeklinikken og har alt registrert barnet sitt kjønn, foreldra sitt namn og barnet sitt fødsels- og personnummer. Magnhild Sande Ytrehorn |