Startside    Namnefest    Konfirmasjon    Gravferd   Lenker    Styre    Innmelding   Ta kontakt 
  
Fullt fritak frå faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (KRL) 

Oms du har barn du ynskjer skal vere heilt fritekne frå KRL-faget i grunnskulen, har Human-Etisk Forbund informasjon og meldingsskjema. Elevar over 15 år kan sjølv gi melding om fritak. Vedlagte skjema frå Human-Etisk Forbund kan brukast som grunnlag for eiga melding. 

Ny fritaksparagraf (vedtatt 5. juni 1997): 
 " § 13 nr 9: Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering er eit skolefag som normalt skal samle alle elevar. Eleven skal etter skriftleg melding frå foreldre/føresette få fritak frå dei delar av  undervisninga ved den einskilde skolen som dei ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av annan religion eller tilslutning til anna livssyn. Dette kan m. a. vere religiøse aktivitetar i eller utanfor klasserommet. Skolen skal ved melding om fritak, så langt det er råd, og særleg på småskoletrinnet, søkje å finne løysingar ved å leggje til rette for differensiert undervisning innanfor læreplanen. Elevar som har fylt 15 år, gir sjølv skriftleg melding som nemnd i andre leddet." 
 
Tolkning av fritaksparagrafen 
Fritaksbestemmelsane vert tolka ulikt av Sp, Ap og KrF som utgjorde fleirtalet bak lovteksten. Sp, ved Sigurd Manneråk, tolka teksten slik at den praktisk talt romma rett til fullt fritak. Ap og KrF har derimot presisert at det i loven bare kan gjevast delvis fritak. 

Grunngjevnad for fritak 
Stortingsfleirtalet sine premissar for fritaksparagrafen: 

  "(...) foreldra si plikt til å klargjere kva som er utøving av annan religion eller tilslutning til anna livssyn i undervisninga." 
"Døme på aktivitetar som kan utløyse slikt fritak, er å seie fram truvedkjenningar eller bøner, lære utanåt religiøse tekstar, delta i salmesong og å vere til stades i ritual eller gudstenester i ulike trudomssamfunn. Fleirtalet vil streke under at lov er å forstå slik som føre nemnd når det gjeld kva det i hovudsak er rimeleg å be seg friteken frå ettersom det er eit ordinært skulefag
." 

 
Uklare og problematiske fritaksbestemmelsar 
Ein må rekne med at lova vert ulikt praktisert frå stad til stad. Å måtte gi sitt livssyn til kjenne ved å grunngje trongen for fritak, er eit uakseptabelt inngrep i privatlivet. 
 
Minoritetane og menneskeretts-miljøet sitt syn på KRL-faget og fritaksretten 
Ei  delvis fritaksordning er diskriminerande og stigmatiserande og praktisk talt uråd å gjennomføre i praksis. Faget er nært knytta til ein kristen formålsparagraf, det er konfesjonelt forankra, og undervisninga i etikk og livssyn får dermed i ein religiøs kontekst vi ikkje ynskjer at våre barn skal utsettast for. (Kristen tru og etikk skal i følgje læreplanen lærast i lys av Luthers vesle katekisme.) 
 
Tilbakemelding 
Human-Etisk Forbund ynskjer tilbakemelding på korleis skolar/utdanningskontor/departementet tek imot meldingar frå foreldre/føresette, og 15-åringar som sender  melding om fullt fritak. Ring lokal- eller fylkeslaga i forbundet, eventuelt hovudkontoret, tlf. 22 11 10 10. Hovudkontoret er heilt avhengig av respons på handteringa av krav om fullt fritak for å gå vidare. Ut frå tilbakemeldingane vil Human-Etisk Forbund vurdere korleis rettsleg prøving skal skje i neste omgang. 
 

Her kjem teksten du kan nytte ved søknad om fritak: 
(kopier og lim inn i tekstbehandlingsprogram)

 - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 
  

Melding om fullt fritak frå kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering 

I norsk skule der formålsparagrafen seier at elevane skal få ei kristen og moralsk oppseding, og faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (KRL) skal vere nært knytt til formålsparagrafen, er ikkje KRL eit "objektivt, nøytralt og pluralistisk" fag, som våre folkerettslege plikter krev. 

Sjølv om fritak frå KRL ikkje lenger er knytt til medlemsskap i Den norske kyrkja, bryt dei nye fritaksreglane internasjonale konvensjonar i større grad enn tidlegare. Det blir vanskeleg å grunngje eit krav om fritak utan å brette ut privatlivet med tru, livssyn og overtyding. Dette strid mot FN sin barnekonvensjon i følgje Komitéen for overvaking av barns rettar

Lagdommar Erik Møse, som greidde ut om fritak frå KRL og forholdet til Norges folkerettslige plikter, seier i si utgreiing gitt til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i januar 1997, at det er usikkert om eit avgrensa fritak vil vere tilstrekkelig til at KRL ikkje vil vere i strid med dei internasjonale konvensjonar Norge er forplikta av. 

Viktige foresetnadar for gjennomføring av faget manglar: 

Konvensjonane krev at det skal vere tilgang til ikkje-diskriminerande fritaksordningar, dersom opplæring til tru i det heile skal kunne gjevast. Fritaksordninga frå KRL diskriminerer ved at foreldre og elevar truleg må gi tilkjenne tru og livssyn for å få fritak. 
Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet har med rundskriv F-03-98 frå januar 1998 ikkje fjerna tvil om kven som avgjer: Er det foreldra sine oppfatningar av kva som er utøving av annen religion, eller tilslutning til anna livssyn som skal ligge til grunn for å gi fritak, eller kan skulen overprøve foreldra? Det har så langt vore, og vil framleis bli, svært ulik praktisering av lova. Det er uklart korleis de som opplever overtramp ved gjennomføringa av faget og fritaksretten, kan gå fram for å få prøvd retten sin. 

Med støtte i dei internasjonale menneskerettane om livssynsfridom som staten er forplikta til å respektere gjennom grunnlova § 110 c, melder eg/vi generelt fritak frå faget og ber om alternativ undervising. 

 

Eleven sitt namn: 
 

Skule: 
        

Klasse skuleåret 20..../....: 
 

Underskrift: