Startside Namnefest Konfirmasjon Gravferd Lenker Styre Innmelding Ta kontakt |
| BORGARLEG GRAVFERD
Borgarleg gravferd er ein seremoni utan prest eller anna kyrkjeleg representant, og utan jordpåkasting eller anna religiøst ritual. Den kan gjennomførast som kremasjon eller som gravferd. Borgarleg gravferd kan alle velge, også dei som står i Statskyrkja. Fram til 1970 var det berre menneske utanfor Statskyrkja som kunne få ein slik seremoni. KAN BORGARLEG GRAVFERD SKJE I GRAVKAPELL? Gravkapell og krematorium er opne for alle, sjølv om avdøde sto utanfor alle kyrkjesamfunn, eller tilhørte et slikt. Det same gjeld offentlege gravlundar og kyrkjegardar. (Utlån av sjølve kyrkjehuset til ei borgarleg gravferd vert det ikkje gitt løyve til. Human-Etisk Forbund ynskjer heller ikkje å bruke kyrkjehus av respekt for dei kristne.) KORLEIS VERT SEREMONIEN ARRANGERT? Den vanlegaste forma for seremoni er: 1. Musikk 2. Tale 3. Eventuell kransepålegging 4. Musikk Talen kan haldast av ein slektning, ven eller arbeidskamerat av avdøde. Er det i samsvar med livssynet til den avdøde, kan ein representant for Human-Etisk Forbund etter førespurnad ta oppgåva. Ein kan også sløyfe talen, og la hele seremonien få eit musikalsk innhald, eventuelt med innslag av allsong eller ved solist, og opplesing av lyrikk. Songen og opplesinga kan kome før eller etter talen. AVSLUTNING AV SEREMONIEN De pårørande avgjer om kista skal senkast eller om den skal bli ståande på katafalken til seremonien er avslutta. Ved gravferd frå kapell kan seremonien slutte ved at forsamlinga følgjer med når kista vert frakta til grava, eller forsamlinga kan forlate kapellet før kista vert boren ut. UTAN SEREMONI Seremonien kan sløyfast heilt. Etter at dei pårørande har gitt melding til gravferdsbyrået, kan byrået ordne med alt som skal skje fram til kremasjon eller jordfesting er gjennomført. Nemninga ein bruker overfor byrået ved denne ordninga er "kun kremasjon", eventuelt "gravferd utan seremoni". GRAVFERDSBYRÅET SI ROLLE Dei fleste pårørande tek direkte kontakt med et gravferdsbyrå, som vil ta hand om det praktiske og alle meldingar til det offentlege. Det ordnar også med annonsering av dødsfallet etter ynskje frå dei pårørande. Ein bør gjere merksam på at kva symbol ein ynskjer i annonsa. Andre symbol som kan velgast er til dømes fredsdue, bloma eller Human-Etisk Forbund sitt symbol (humanistsymbolet). Gravferdsbyrået kan stå for heile eller delar av arrangementet i krematorium eller kapell dersom ein ynskjer det, gi råd for planlegginga og for val av musikk, song eller lyrikk, og gjere avtalar med dei som skal ha det kunstnarlege innhaldet. TALAR Human-Etisk Forbund vil etter spørsmål gi rettleiing og assistanse så langt kapasiteten rekk. Forbundet har erfarne personar som kan halde talen. Dei samarbeider nært med dei pårørande. Var avdøde medlem av Human-Etisk Forbund, er talen gratis. NEDSETJING AV URNE ETTER KREMASJON Oskeurne kan setjast ned på offentleg gravplass, i
eigen gravstad eller i felles urnegrav om slik finnast. Gravferdsbyrået
ordnar med alle formalitetar. Nedsetjing av oskeurne utanfor offentleg gravstad
er ulovleg. Den som ynskjer oskespreiing
etter eigen død, må erklære dette skriftleg, datert
og underskreve. Fylkesmannen handsamar søknaden og tilviser stad
for spreiing av oska.
FLEIRE OPPLYSNINGER KAN
DU FÅ FRÅ:
|