| Grunnen til at eg valde BK var at eg ikkje er kristen.
Eg visste ikkje om eg kom til å like dette, men eg visste at eg
ikkje ville gå i kyrkja, å verta pressa på meg Gud og
Jesus og Den heilage ande. Derfor vart mitt valg BK. Mitt sy på dette
kurset vart ein hyggjeleg overaskelse. Boka vi måtte kjøpe
var objektiv og bra skreve. Kursleiarane var veldeg greide, og gav oss
ikkje for mykje heimelekse.
Eg vil anbefale å velge BK. Der fekk vi oppgåver å
tenke over livet. Vi fekk rollespel som etterkvart vart ganske artig.
På første møtet fekk vi pizza og brus, og vi intervjua
kvarandre. I klassa mi er det ingen som synest kirkeleg konfirmasjon er
kjekt, så eg anbefaler BK på det sterkaste.
Agathe
|
Hvert kurs drar på hyttetur med en
overnatting. I år reiste vi til Bjørke-
dalen. Det var en kjempefin tur, selv
om vasken var tett og parabolen
manglet. Maten var selvfølgelig
høydepunkt på turen. Sjefkokken
skuffet ikke. Middagen ble en
opplevelse få hadde vært med på
tidligere. Kokken måtte love å lese
oppskriften til neste måltid.
|
|
Endelig
fikk noen inn en kanal på fjernsynet! For de aller fleste var dette
en etterlengtet tur hvor vi kunne være sammen mer enn to timer om
kvelden. De av deltakerene med tilgang til internett har ofte fortsatt
samlingene på mIRC. |
|
Eg valde borgarleg konfirmasjon!
Eg er ein gut på 15 år frå Ørsta som er borgarleg
konfirmant i år. Interessene mine er data, internett og 4H.
I klassa mi er eg åleine om å ha valt borgarleg konfirmasjon,
og dei andre i klassa ser på det som noko merkeleg. Eg veit
ikkje kva dei tenkjer, men nokre angrar på at dei valde kristeleg
konfirmasjon. Mange valde ikkje sjølv, det var foreldre og anna
slekt som hadde sterke meiningar mot borgarleg konfirmasjon, og meinte
at kristeleg konfirmasjon var det beste. Eg valde sjølv, og det
er eg glad for.
Eg valde borgarleg konfirmasjon fordi eg ikkje følte at det
var rett å møte opp i kyrkja. Eg kjenner andre som har valt
borgarleg konfirmasjon tidlegare, og visste kva det gjekk ut på,
og det trur eg hadde ein del å seie i valet mitt. For dei andre som
ikkje visste kva BK var, så var det kanskje noko ukjent og noko som
ikkje virka så bra som konfirmasjon i kyrkja. Men det er berre forestillingar
som foreldra har gjeve dei. BK er minst like høgtideleg og kjekt
som kristeleg konfirmasjon, og eg føler at eg har fått svært
mykje ut av kurskveldane. Sidan eg visste kva BK gjekk ut på, hadde
eg på ein måte litt peiling. Eg var redd for at det var forferdeleg
strengt, fordi kameratane mine har sagt at dei har veldig strenge reglar
i kyrkja. Det var ikkje strengt, og det var faktisk ganske greie krav.
Ved å gjere kurskveldane på den måten vi har hatt
dei, med gruppearbeid, dramatisering og diskusjonar i samla tropp, har
det ikkje vorte keisamt. Det store høgdepunktet i heile rekkja av
kurskveldar er helgesamlinga, der vi dreg til ei hytte og har kurs, kosar
oss og overnattar.
Den mest lærerike kurskvelden vi har hatt, er den om I-land og
U-land, der vi verkeleg fekk forståing av korleis U-landa har det.
Dette skjedde ved at det vart delt inn i to grupper, ei stor og ei lita
gruppe. Deretter vart det delt ut godteri til begge gruppene, to ting til
kvar på U-land-gruppa, og eit fat på kvar på I-land-gruppa.
Dette var då veldig feigt, og det fekk U-landa til å tigge
å be om meir av I-landa. Dette fekk oss til å forstå
kor godt I-landa har det, og kor lite kjekt det er å vere U-land.
Etter å ha hatt mange kveldar med ulike tema som; ungdom og rusmiddel,
rasisme og om I-land &U-land, kjem den store konfirmasjonsfesten. Denne
vert kvart år halden i byrjinga av mai, og der får konfirmantane
eit kursbevis og ei raud rose.
Uansett kva andre seier meiner eg at borgarleg konfirmasjon er like
bra som konfirmasjon i kyrkja. Hugs, DU skal velje det du synest er rett!
Eilev
Borgerlig Konfirmasjon er ikke bare prat!
Etter klokken var 2300 var det tid for lek i snøen. Vi hadde
konkuranse med premie. Maria ble den heldige vinneren av en svær
godtepose. |
|
Eg har hatt det bare fint på BK.
Eg synest vi har lært en god del om mange av verdensreligionene,
rasisme, alkohol og alt det andre vi har hatt om. Læreboka var veldig
god å lese i, det var bare noen få kapittel som var veldig
tungleste. Men den var stort sett okey. Eg synest lederne har lagt opp
kurset på en veldig fin måte, og på en måte som
vi unge skal ha igjen noe av dette har lett for å forstå. Dei
vert ikkje sure, strenge eller noe sånt som kanskje skulle minne
om skolen. Vi har fått mange nye bekjentskap med nye folk som vi
aldri har sett før, og det kan vere kjekt. Eg kommuniserer veldig
mye med Joachim, Eilev og Kjeks over mIRC. Eg har kjent Eilev i mange år,
men Kjeks og Joachim har eg ikke kjent før nå. Eg trur dei
fleste blei veldig godt kjent med kvarandre på hytteturen, ettersom
alle (unntatt noen få) satt oppe hele natta og chattet med hverandre.
Alle har dessuten vert positive både til det ene og det andre hele
veien. Det tror eg vi alle har hatt godt av. Når det gjelder kurs-kveldene,
synest jeg dere har funnet perfekte dager, bortsett fra at eg har mistet
to taekwondo-treninger, men det er jo ikke til å unngå (eg
klarte forresten å gradere meg til gult belte i taekwondo på
sist onsdag). Det eg også la merke til var at det ikke var kurs-kvelder
på fredager, og det er 100% positivt på den måten at
det er mange som skal på discotek og sånt på fredager.
Eg er fast diskjockey på Ørsta Ungdomslag, og det gjør
at eg bør møte opp når det er discotek, og det fikk
eg. Alt var bare positivt etter min mening, og alt var perfekt tilrettelagt
for alle av oss tror og håper eg. Dagen for seremonien er også
perfekt, på den måten at vi blir dei første som blir
stinne av gryn, fordi BK er før de kristne. Jipiii!!!
Frode
|