Startside    Namnefest    Konfirmasjon    Gravferd   Lenker    Styre    Innmelding   Ta kontakt 

 
Prest nummer tre til Volda 

Kommentar til artikkel i lokalavisa Møre 19.02.2000

Om lag samstundes som muslimar i området søkjer om å få bygge ein moské, bevilgar det offentlige midlar til prest nummer 3 i Volda. Kyrkja styrker hegemoniet sitt gjennom offentlige budsjett samstundes som det pluralistiske lokalsamfunnet synleggjer behovet for likestilling mellom livssynssamfunna. 

Muslimane sin rett til å byggje klubbhus er sjølvsagd. Men det er ikkje berre  muslimane i Volda og Ørsta som bør feste seg ved prest nummer tre. Møre kan fortelje at det var behovet for oppsøkjande verksemd mellom studentane som vog tyngst i grunngjevnaden. Den tredje presten er altså ein studentmisjonær som er betalt av skattebetalarane. 

Her dukkar det opp fleire spørsmål:

1. Er det studentane som har bedt om misjonsverksemd i friminutt og fritid, eller er det prestane? Møre skriv at det var "Volda" som førte denne solide argumentasjonen. (mi understreking). Kven er Volda i dette tilfellet? Jau, det kan ikkje vere andre enn prestane sjølve og menighetsrådet. Her har nok bukkane fått meir i havresekken sin slik at dei kan male si eiga kake endå større. Hadde innbyggarane blitt spurt om kva for stillingar det er trong for i Volda, så hadde nok lærarar i alle dei nedleggingstrua skulane kome høgare på lista!

2. Er voldastudentane eit par tusen sløvingar som berre er opptekne av lokalisering av studentkro? Hadde vi hatt ein skikkeleg studentorganisasjon, så hadde dei tatt til motmæle mot ånden som rår, kyrkjemakta. Frivillige idealistiske misjonærar er greie nok, men statsfinansierte kappelanar bør halde seg i klubbhusa sine og ta seg av tenester for sine medlemar. Studentar som treng ei prestehand har full tilgang til dei svære klubbhusa og prestekontoret.

3. Møre fortel at staten vil at kyrkja skal drive oppsøkjande verksemd i studentmiljøa. Kva meiner staten (Bondevik) med denne oppsøkjande verksemda? Det ligg i korta at det er meir enn vanleg informasjonsverksemd, kanskje ei "uskuldig lita andakt" i ny og ne?

4. Desse spørsmåla er spirar frå det store spørsmålet om å skilje staten frå kyrkja,-  eller var det omvendt? For det er faktisk kyrkjefolket som utgreiier dette spørsmålet, - ikkje politikarar. Kyrkja er vel snart sikra nok prestestillingar, prestegardar og overføringar, slik at dei kan kvitte seg med staten?

Vi må velge stortingspolitikarar som er mindre tafatte. Korleis står kandidatane til neste stortingsval i dette spørsmålet? Vi bør ikkje stemme på andre enn dei som vil endre paragraf 2 i grunnlova! 
 

HeSt