Startside   Namnefest    Konfirmasjon    Gravferd   Lenker    Styre    Innmelding  Ta kontakt 
HEF sentralt

M. og R. fylkeslag

Borgarleg namnefest
Lokallaget har arrangert namnefestar sidan 1990. I 2002 vart det halden namnefest i Aasen-tunet 1.juni.

Borgarleg konfirmasjon
Tilbod til deg som vil ha ei ikkje-religiøs markering

Borgarleg gravferd
Borgarleg gravferd er ein verdig og høgtideleg seremoni utan prest eller annan kyrkjeleg representant, og utan jordpåkasting eller religiøst ritual.

Kva er Humanisme?
Ei rask innføring i humanistisk livsoppfatning.

Ta kontakt
Bestill informasjon, skriv eller ring til leiaren vår, Torill:
70 07 99 09.


Innmelding
Du kan be om medlemskap HEF si nettside. 

Du kan også bestille meir informasjon frå HEF. 


Andre lokallag
med nettsider

Askøy
Bergen
Sunnhordland
Horten/Borre


Menneske-
rettane


Referat årsmøte 2000
Referat årsmøte 1999

 

Velkomen til Søre Sunnmøre lokallag av Human Etisk Forbund. Her finn du informasjon og tilbod for deg som bur i Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Volda, Ulstein og Ørsta.

Borgarleg konfirmasjon 2004

Her kan du melde deg på til borgarleg konfirmasjon i 2004. Kurset startar i januar 2004, og det vert avslutningsseremoni 8.mai i Ørsta Kulturhus.


Borgarleg konfirmasjon 200
3

Konfirmasjonsfesten vart arrangert den 10. mai 2003 i Ørsta Kulturhus. Det var 11 konfirmantar i år.

Vikebladet med artikkel om BK 5. april 2001

Samanslåing av lokallag på Søre Sunnmøre 

HEF-medlemar i alle kommunar på Søre Sunnmøre er no medlemar i tidlegare Volda/Ørsta lokallag. Det gjeld Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Ørsta, Volda og Vanylven. Ny leiar vart vald på årsmøte 2001. Det er Jørn Kippersund i Volda.


Berre 51 % av statskyrkjemedlemane er kristne

Stiftelsen kirkeforskning (KIFO) har i medlemsgranskinga til Den norske kyrkja slått fast at:

6,6 prosent av medlemane i Den norske kyrkja har tenkt å melde seg inn i Human-etisk forbund. Medlemsauken kan då bli 255 000 nye medlemar. I Volda ville HEF fått ca 400 nye medlemar. I Ørsta ca 500.

Undersøkelsen viser også at berre 51,1 prosent reknar seg som kristne, og at heile 49,4 prosent ikkje har hatt kontakt med kyrkja det siste året.

Granskinga avslører også kyrkja si 10 på prestetoppen.
Rosmarie Köhn er nr 1. Bjørn Eidsvåg er meir enn 3 gongar så populær som Odd Bondevik.


Prest nummer 3 til Volda

Studentmisjonæren?
Ein kommentar til ein artikkel i lokalavisa Møre

 



Sjukehuskapellet i Volda ikkje for alle

I samband med at ein av våre medlemar i Volda døde, fekk dei etterlatte ikkje nytte sjukehuskapellet. Kapellet kunne ikkje nyttast utan prest, vart det fortalt, og det vart vist til at bygget var vigsla.

Fylkeslaget sender brev til fylkesrådmannen og bed om avklaring i saka.

Her er kommentaren frå fylkesleiaren i HEF.

Dette er ei prinsippiell sak som må avklarast av sjukehuseigar, seier direktør Kjøde ved Fylkessjukehuset i Volda.


Otto Jespersen:

Kirken krenker menneskeverdet

TV-humorist Otto Jespersen legg ikkje fingrane imellom i eit dobbeltoppslag i siste nummer av HEF si medlemsavis Fri tanke der den travle Tårnfrid pryder forsiden. 

"Å bruke ei gammel bok som bibelen for å forholde seg til verden av i dag, er som å benytte bruksanvisningen til brødristeren for å få videospilleren til å virke"

Les her


Norsk lov heva over menneskerettane

Menneskerettane er over 50 år. Norge er landet som ofte viser til FN sine menneskerettar når noko utanfor våre landegrenser skal kritiserast. Men korleis står det til innanfor landegrensene? Som eit av få land i Europa har Norge ikkje tilpassa dei internasjonale menneskerettane til nasjonal lovgjeving. Det vil seie at i tilfelle der det ikkje er samsvar, vil norsk lov gå føre den internasjonale. Og brot på menneskerettane skjer også i Norge, både frå det offentlege og frå enkeltpersonar. Les meir.   

Av Ingeborg Grimsmo, 
FN-SAMBANDET


HEF arrangerer ca 250 borgarlege gravferder i året

Borgarleg gravferd er personleg og verdig.  Seremonien vert utarbeidd av representantar for HEF i samråd med etterlatte. 

Human Etisk Forbund har laga skjemaet "Min siste vilje". Ved å bruke skjemaet vil det lette arbeidet til dei etterlatte. Du kan skrive ut skjemaet frå våre nettsider.

 


Kristendommen - Den tiende landeplage

Av Arnulf Øverland

Foredraget Kristendommen - den tiende landeplage vart haldet i  studentersamfundet i 1933 og førte til at Arnulf vart meld etter straffelova §142 for blasfemi. 


Fritak frå det nye kristendomsfaget

Human-Etisk Forbund oppfordrar alle som ynskjer det til å krevje fullt fritak frå faget Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Vi har laga eit eige skjema som kan nyttast slik det står eller som grunnlag for eigen klage.


Om medlemsskap i livssynssamfunn 

Kanskje er du medlem i statskyrkja utan å vite det? Som grunnlag for nytt medlemsregister i statskyrkja vart folkeregisteret nytta. Særleg dei som ikkje høyrer til andre livssynsorganisasjonar kan risikere å bli innmelde mot si vilje. Human-Etisk Forbund har eit skjema du kan bruke for å sjekke om du står som medlem i den norske kyrkja. 

HEF sin uttale om kyrkja sitt medlemsregister. 


Framgangsmåte og konsekvensar ved utmelding av Statskyrkja 

Her er reglane for framgangsmåten. HEF har laga eit eige utmeldingsskjema til bruk ved utmelding frå Den norske kyrkja. Skjemaet er i samsvar med reglane frå departementet.


Sektene på fremmarsj i Afrika

Sekter av alle slag vokser i Afrika. For pave Johannes Paul II er Afrika håpets kontinent på grunn av den spesielle folkefromheten. For mange sjarlataner, som fremstår som profeter, er det heller kontinentet for raske penger og manipulasjon.

Bare i Kenya skal det finnes over 1.000 sekter, som lover sine tilhengere tilgivelse for ekteskapsbrudd, mirakuløs helbredelse og fordrivelse av onde ånder. I Nigeria ligger det en kirke på hvert gatehjørne. Predikanter oppsøker folk på markene og på bussene for å misjonere. For slumbeboere fungerer sektene som erstatning for familietilhørighet.

Les heile artikkelen i Aftenposten 19. mars 2000
1000 menneske drept av kristen sekt 2. april 2000