MARKNADSAVISA

Marknadsdagar på Herøy gamle handelsstad

Tid og stad
Herøy kystmuseum arrangerer marknadsdagar på museet siste helga i august. Marknaden startar kl. 12.00 og varer til kl. 18.00, både laurdag og søndag.

Museet ligg på øya Herøy i Herøy kommune på Sunnmøre. Du kan kome hit landevegen på riksvei 654, som går frå Myrvåg til Fosnavåg. Du tek av frå vegen til venstre rett før du kjem til Laternen Marina ved den store Herøybrua. Kjem du sjøvegen ligg hamna ved Herøy på posisjon 62°18.862´N, 5°41.026´E.

Mål
Målet med dagane er å gjenskape litt av den stemninga som var på dei gamle marknadane der handverk, husflid og råvarer stod i sentrum. Samtidig er det eit mål å kunne synleggjere verdien av tradisjonsbore handverk og husflid i ei moderne IT-tid. Det er ønskeleg at handverkarar kan demonstrere sitt vyrke.


Båtar under marknaden i 1998

På kva måte
Marknadsplassen ligg i tunet, omkransa av ulike byggningar frå den gamle kremmarstaden. For å sette ein ekstra spiss på arrangementet, oppmoder museumsleiinga deltakarane om å kle seg i "tidsrette" kleder frå 1800-talet.

Marknadsplassen er gratis. Museet har ein del bordflakar og benkar som kan nyttast til utstillingar. Deltakarane kan ha med bord, stolar og tjeld sjølve. Kvite parasollar, plast bord/stolar o.l. er ikkje ønskeleg  Er det godt vèr vil marknaden i hovudsak føregå ute. Vert det dårleg vèr, nyttar me sjøbud, naust og andre uthus.


Sal i krambua

Museet vil stå for annonsering og marknadsføring av dagane. Elles vil det verte salg av rjømegraut, vafler, fiskekaker, kaffi, brus og is.

Etter at sjølve marknaden stenger på laurdagen, vert det sosialt samver på handelsstaden utover kvelden og inn i dei små timar. Kveldsmat lyt folk ordne med sjølve, men ete kan me gjere i lag likevel!

Museet ynskjer påmelding innan jonsok. Har du spørsmål i høve overnatting og arrangementet, kontakt museet. Send gjerne ein e-post.


Folk i tunet

Tidlegare marknadar
Museet har arrangert marknadsdagar sidan årtusenskiftet, ofte med over 1000 besøkande. Interessa har auka for kvart år, både for deltakarar og besøkande.

Båtstemne
Mykje båtfolk med veteranbåtar har funne vegen hit under desse dagane. Me oppmodar slike om å kome også i år. Gamle båtar sett ein ekstra spiss på arrangementet.


Smeden si bud