Human-Etisk
Forbund er for dei fleste gjerne mest kjend for seremonitilskipinga
Borgarleg Konfirmasjon (BK). Dette tilbodet skifter namn til Humanistisk konfirmasjon,
etter BK 2006
BK vart for fyrste gong skipa
til i
Oslo i 1951 på initiativ av m. a. Kristian Horn, grunnleggjaren av Human-Etisk
Forbund.
Dette var 5 år før Human-Etisk Forbund formelt vart skipa.
Etterkvart vart
Humanistisk (Borgarleg) konfirmasjon eit tilbod som vaks vidare til fleire byar og
tettstader, og gjennom 80- og 90-åra har tilbodet vorte landsdekkjande.
Deltakarantalet
er veksande for kvart år.
I 1995 valde 11 % av ungdomskullet
Borgarleg Konfirmasjon, mens i 2001 var talet kome opp i over 16%.
Her i Sunnhordland vart dette
seremonitilbodet skipa til for fyrste gong i 1984, med 14 ungdomar som
deltakarar. Årvisst seinare har arrangementet vakse, til det no dei siste åra har vore mellom
40 - 50 og opptil 72 ungdomar i 2005 på
kursa og avslutningsfesten.
I 1996 var Humanistisk (Borgarleg) namnefest halden for fyrste gong på Stord, og
har sidan vore eit årvisst arrangement for foreldre i distriktet vårt
som måtte ynskja ei ikkje-religiøs og nøytral namnehøgtid for barnet sitt.
Representantar frå
lokallaget vårt er òg har vore medverkande ved Humanistiske gravferder
i Sunnhordland dei seinare åra.
Og ynskjer du
Humanistisk vigsel, ta kontakt med oss!
For nærare detaljar og
informasjon ellers om seremonitilboda
våre, velg nedanfor: