Sunnhordland lokallag

Velg for å sjå nærare om:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Kva er humanetikk?


Prinsipiell forklåring på humanetikken sine grunnhaldningar

Kvifor vart vi fødd?
Kva er meninga med livet?
Kva hender med oss etter døden?
Er det råd å skapa ei verd utan vondskap?

Dette er nokre av dei vanskelege spørsmåla i livet som ingen av oss kjem unna. Ein del menneske finn svar i ein av religionane. Andre meiner at dette ikkje er mogeleg.
Nokre av desse kallar seg humanetikarar og er medlemmer av Human-Etisk Forbund.


Ingen heilage bøker eller dogmer.
Det human-etiske livssynet har ingen heilage bøker og ingen dogmer, påstandar som ikkje let seg prova.
Religionane gjev svar på spørsmål, ein humanetiker finn det oftast rettare å stilla spørsmål. Det gjev ei kjensle av fridom, det å ha rett til å stilla spørsmål
.

Eit globalt felleskap
Humanetikk er ei norsk tyding. Nokre humanetikarar likar betre å kalla seg humanistar for å syna at dei er ein del av eit globalt fellesskap. Tydinga humanetikk peikar på at haldningane våre til andre menneske og vår måte å behandla dei står sentralt.
Vi
er overtydd om at etikk og gode gjerningar er fullt mogeleg utan ein gud som fastset reglane og som straffar oss dersom vi bryt dei. Menneska kan sjølv og i fellesskap med andre finna fram til gode verdiar og ein rett måte å leva på.
Ein humanetiker tek heilt og fullt utgongspunkt i det livet vi lever her og no og på tilhøvet til andre menneske. Hovudvekta vert lagt på dei handlingane som gjev dei beste levetilhøva for oss sjølve og andre. Kampen for menneskeverd og menneskerettane vert difor viktig.

 
Eit verdsleg livssyn
Humanetikken er eit verdsleg livssyn. Den tek utgongspunkt i kunnskapen vår og innsynet vi menneske skaffar oss, på våre evner til å skjøna og evna til kjenslemessig innleving. Det vert lagt stor vekt på fornuften, men kjensler og fantasi er òg viktig.

Kva vil eigentleg humanetikken?

Din tanke er fri!
Åndsfridomen, retten til å fritt å kunna forska , ha eigne sjølvstendige meiningar og å gje uttrykk for dei er ei av våre viktigaste kampsaker.

Ansvar for verda.
Det humanistiske verdsforbundet, som vi er medlem av, slår fast i 10 punkt kva humanismen står for. Punkt ein sier at humanismen er ei moralsk overtyding om at vi menneske har alt ansvaret for livet på jorda.

Eg vil bestemma sjølv.
Når andre menneske bestemmer for deg, har du korkje fridom eller ansvar; d
ifor held humanetikarane prinsippet om sjølvråderett som viktig.
Dette skal ikkje forståast slik at humanistar meiner dei har rett til å gjera kva dei vil.
I eit samfunn må vi alle ta omsyn til kvarandre, slik det kjem til uttrykk i viktige lover og reglar.

Menneskerettane.
Ulike menneskerettserklæringar er komne til i vår eiga tid for å samla menneske om felles oppgåver og felles verdiar i det samfunnet vi no lever i. Menneskerettane er ein svært viktig del av humanismens sin etikk.

Humanismens sine tre bein

Røyndomen.
Det som finnes er verkeleg, det eksisterer. Men finn
es det noko "høgare makt" eller ein styrande intelligens i universet?
Dei som avviser at det finnes slike makter, kallar seg ateister. Andre seier at spørsmålet ikkje let seg svara på i dag, og kallar seg difor agnostikarar, "ein som ikkje veit". Ei slik open, agnostisk haldning vil mange humanetikarar ha også til andre av dei "største" spørsmåla.
Mellom humanetikarar er det både agnostikarar og ateistar.

Mennesket
Den greske oldtidsfilosofen Protagoras sa at "mennesket er alle ting sin målestokk".
Den tyske filosofen Kant har sagt at mennesket må vera vårt føremål. Begge desse framstillingane høyrer med til det humanetiske livssynet.

Når mennesket er målestokk, er det vi sjølve og ikkje gudar som lyt avgjera kva som er sant og rett.
"Mennesket som føremål" vil sei at vi ikkje kan reduserast til eit middel for noko høgare eller viktigare føremål.

Etikken
Den norske tydinga humanetikk har "etikk" med i sjølve namnet. Norske humanetikarar legg særleg stor vekt på etikken si rolle. Tanken om gjensidigheit står sentralt.
"Du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv," skreiv humanetikaren Arnulf Øverland. Det som er godt og vondt for meg, er vanlegvis det same også for andre. Eit livssyn som set mennesket i sentrum må alltid ha mennesket sitt beste som siktemål.

Viktige verdiar.
Verdi-etikken legg vekt på dei verdiane vi legg til grunn for våre val av handlingar.
Som viktige verdiar anten knytta til menneskerettane eller til dei sivile fridomsverdiane dreg vi fram:

-Rettstryggleik og respekt for enkeltmennesket sitt privatliv,

-Rett til å bestemma over sitt eige liv

-Respekten for liv og helse

-Respekten for folkestyret eller demokratiet

Ei viktig side ved menneskerettane er synet på menneskeverdet. Ein skal ikkje vurdera verdiane av mennesket ut frå kor nyttig det er for samfunnet eller ut frå kor stor makt eller status det har.

                                             Alle menneske er likeverdige.


© 2000 Human-Etisk Forbund  Sunnhordland lokallag  Boks 1340  5406 STORD   E-post : hef.sunnhordland@c2i.net   Revidert: 13 juli 2006 .