Sunnhordland lokallag

Velg for å sjå nærare om:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 Bilete frå Borgarleg (Humanistisk) konfirmasjonsfest  på Stord i 1994


Humanistisk Konfirmasjon.

Humanistisk Konfirmasjon er eit alternativt tilbod frå Human-Etisk Forbund til den tradisjonelle kyrkjelege konfirmasjonen.
Seremonien  har vore arrangert i Noreg av Human-Etisk Forbund sidan 1951, men fram til og med 2006 heitte seremonien Borgarleg konfirmasjon. 

I Sunnhordland har det vore Humanistisk (Borgarleg) konfirmasjon sidan 1984. Tilbodet er som nemnt eit ikkje-religiøst alternativ til den kristne konfirmasjonen, der kurset og avslutningsfesten er livssynsnøytralt.
Sjølve konfirmasjonskurset går over 8 - 10 kveldar ut over vinteren og våren, og er bygd opp rundt faste tema som:

#  Livssyn
#  Menneskerettar
#  Ungdom og jus
#  Ungdom og rusmiddel
#  Ungdom og samliv
#  Innvandring, rasisme

Kursemna vert enten haldne av  førelesarar som har særleg kunnskap om emnet, eller av kursleiaren som alltid er med på kurskveldane.

Finalen i seremoniarrangementet er sjølvsagt ungdomsfesten. Den vart i 2008 halden laurdag 26 april, for ialt 56 ungdomar.
Festen legg vi stor vekt på å få så høgtideleg og innhaldsrik som råd er. Vakker song og musikk, tale til ungdomane og til slutt utdeling av kursbevis er hovudelementa i festen.

Attendemeldingar frå ungdomar og gjester som har vore med, fortel oss at festramma og -innhaldet vert svært godt motteke. Likevel arbeider vi målmedvite med å gjera opplegget betre for kvart år.
Deltakartalet ved Humanistisk konfirmasjon har auka jamnt og trutt, og var i 2005 det høgste vi så langt har hatt med 72  ungdomar som fekk kursbevis på ungdomsfesten.
Dette fortel oss at arbeidet vårt for eit nøytralt alternativ til kristen konfirmasjon er både naudsynt og viktig.
Vil du vera med på kurset for neste år, eller ha nærare opplysningar om Humanistisk Konfirmasjon kan du kontakta Grethe på telefon 53 49 59 02 (kveldstid) eller Geir Olav på telefon 53 42 06 34 (kveldstid). Eller du kan senda oss ein e-post til adressa:    
hef.sunnhordland@c2i.net
Vi vil då gje deg den informasjonen du treng for å melda deg på kurset.

Påmelding til kurset kan gjerast heilt fram til kursstart; fyrste veka i januar.


Human-Etisk Forbund  Sunnhordland lokallag  Boks 1340  5406 STORD       E-post : hef.sunnhordland@c2i.net     
Rev: 22 mai 2008 .