Sunnhordland lokallag

Velg for å sjå nærare om:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Frå den fyrste Borgarlege (Humanistiske) namnefesten i 1994

Humanistisk namnefest

Humanistisk namnefest er eit alternativ tilbod til namnemarkering for born, for dei som ikkje vil ha kristen dåp for borna sine.
Fram til og med september 2005 heitte seremonien Borgarleg Namnefest.

Tilbodet er som nemnt eit ikkje-religiøst alternativ til kristen eller annan dåpseremoni.
Humanistisk namnefest er open for alle, og har sjølvsagt inga binding til medlemskap i Human-Etisk Forbund.
Namnefesten vert tradisjonelt halden på Leirvik, ein gong i året; fram til no har det vore ein laurdag ettermiddag på hausttida.

Seremonien inneheld song, musikk, gjerne diktlesing og ein festtale.
Barnet får ei vakker namnetavle illustrert med Edward Munch sitt maleri "Solen". Slekt og vener i deltek gjerne i festen.
Vi freistar å tilpassa opplegget rundt namnefesten til dei som skal vera med, t. d. om folk kjem med ferje eller båt og må ha seremonien tilpassa rutetider. Ellers er opplegget prega av at det er barnet som er hovudpersonen i festen.

Neste namnefest er planlagd halden på Leirvik hausten 2008

Har du born du gjerne vil ha med på namnefesten , eller om du ynskjer nærare opplysningar om denne kan du kontakta Grethe, telefon 53 49 59 02 (kveldstid), eller du kan senda oss melding via
e-post


© 2000 Human-Etisk Forbund  Sunnhordland lokallag  Boks 1340  5406 STORD     E-post : hef.sunnhordland@c2i.net   
Rev: 26 februar 2008 .