|
Velg
for å sjå nærare om:
|
Bilete
frå
Borgarleg (Humanistisk) konfirmasjonsfest på Stord i 1994
Humanistisk Konfirmasjon.
Humanistisk
Konfirmasjon er eit
alternativt tilbod frå Human-Etisk Forbund til den tradisjonelle kyrkjelege
konfirmasjonen.
Seremonien har vore arrangert i Noreg av Human-Etisk Forbund sidan
1951, men fram til og med 2006 heitte seremonien Borgarleg konfirmasjon.
I Sunnhordland har det vore Humanistisk (Borgarleg) konfirmasjon sidan 1984.
Tilbodet er som nemnt eit ikkje-religiøst alternativ til den kristne konfirmasjonen,
der kurset og avslutningsfesten er livssynsnøytralt.
Sjølve konfirmasjonskurset går over 8 - 10 kveldar ut over vinteren og våren,
og er bygd opp rundt faste tema som:
| #
Livssyn |
| #
Menneskerettar |
| #
Ungdom og jus |
| #
Ungdom
og rusmiddel |
| #
Ungdom
og samliv |
| #
Innvandring,
rasisme |
Kursemna vert enten haldne av førelesarar som har særleg
kunnskap om emnet, eller av kursleiaren som alltid er med på kurskveldane.
Finalen i
seremoniarrangementet er
sjølvsagt ungdomsfesten. Den vart i 2007 halden laurdag 28 april, for ialt
41 ungdomar.
Festen legg vi stor vekt på å få så
høgtideleg og innhaldsrik som råd er. Vakker
song og musikk, tale til ungdomane og til slutt
utdeling av kursbevis er hovudelementa i festen.
Attendemeldingar
frå ungdomar og gjester som har vore med, fortel oss at festramma og -innhaldet vert svært godt
motteke. Likevel arbeider vi målmedvite med å gjera opplegget
betre for kvart år. Deltakartalet ved
Humanistisk konfirmasjon har auka jamnt og trutt, og var i 2005 det
høgste vi så langt har hatt med 72 ungdomar som fekk
kursbevis på ungdomsfesten. Dette
fortel oss at
arbeidet vårt for eit nøytralt alternativ til kristen
konfirmasjon er både naudsynt og viktig. Vil du vera med på kurset for neste år, eller ha nærare opplysningar
om Humanistisk Konfirmasjon kan du kontakta Grethe på telefon 53 49 59 02
(kveldstid) eller Geir Olav på
telefon 53 42 06 34 (kveldstid). Eller du kan senda oss ein e-post til adressa: hef.sunnhordland@c2i.net
Vi
vil då gje deg den
informasjonen du treng for å melda
deg på kurset.
Påmelding til kurset kan gjerast heilt fram til kursstart; fyrste veka i januar.
Human-Etisk Forbund Sunnhordland
lokallag Boks
1340
5406 STORD
E-post :
hef.sunnhordland@c2i.net
Rev: 01 mai 2007
.
|