Sunnhordland lokallag

Velg for å sjå nærare om:

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Humanistisk gravferd

Ei gravferd er ein seremoni som dei fleste av oss vil kjenna som krevjande å stå føre, eller å vera ansvarleg for.
I tillegg til sorga som  naturleg alltid er der, vil det vera mange praktiske ting som lyt ordnast på svært kort tid.
Ikkje alltid høver det med gravferd frå ei kyrkje eller bedehus, særleg dersom den avlidne og / eller familien til den avlidne har eit anna livssyn enn kyrkja sitt.

Human-Etisk Forbund har difor både sentralt og lokalt utarbeidd eit livssynsnøytralt alternativ for gravferdseremoni, som vert mykje nytta der gravferd frå kyrkja ikkje er aktuelt.

Dette tilbodet er på ingen måte knytta til om den avlidne er medlem av Human-Etisk Forbund, men er for alle som av ulike grunnar ynskjer å ha ei nøytral gravferd.

Som nemnt er ei gravferd ein svært personleg prega seremoni, og lyt som oftast  planleggjast på kort tid. Difor er det viktig at alle detaljar kan tilretteleggjast raskt og så enkelt som mogeleg og på staden der gravferda skal haldast.

Human-Etisk Forbund  har gravferdstalarar lokalt i Sunnhordland, og samarbeider dessutan tett med fylkeskontoret vårt i Bergen som òg stiller gravferdstalar dersom det vert trong for det. Dessutan samarbeider vi med lokale gravferdsbyrå om arrangement av nøytrale gravferdseremonier som òg kan haldast privat eller i høveleg offentleg lokale.

Skulle du få trong for denne tenesta vår kan du ta kontakt med fylkeskontoret vårt i Bergen, som held ope i vanleg kontortid, på telefon 55 21 41 90.
Ynskjer du opplysningar eller har spørsmål ellers om Humanistisk gravferd kan du ringja Grete på tlf. 53 49 59 02, eller kontakta oss på e-post:
hef.sunnhordland@c2i.net


© 2000 Human-Etisk Forbund  Sunnhordland lokallag  Boks 1340  5406 STORD   E-post : hef.sunnhordland@c2i.net    Rev: 14 juli 2006 .