|
Aktivitetane for
2006 er i hovudsak etter vanleg mønster gjennom dei siste åra.
Laget hadde sitt fyrste styremøte tysdag 7. februar. Årsmøtet 2006 vart halde torsdag
14. februar kl. 19.00 i Hagerupshuset på
Leirvik. sjå årsmelding
og årsmøtereferat Kvar
fyrste tysdag i månaden (ikkje juli og august) er det
treffmøter på kontoret vårt i Folkets Hus. Ope for alle medlemer ! Også
i 2006 er det mange konfirmantar. Det er 65 ungdomar som 29 april skal
vera med på BK-festen. Difor er det ekstra fokus på BK-arbeidet fram til
kursavslutninga føre denne.
Torsdag 5. januar
var
fyrste
BK-kurskvelden, med kurskveldar fram til den siste i slutten av april. Borgarleg Konfirmasjonsfest
vert halde laurdag 29 april i Kulturhuset på Stord. Det vert to arrangement, kl. 11.00 og kl. 14.00. Helga
25 - 26 mars vert det
fylkesårsmøte og seminar i Bergen. Årsmøtet vert på laurdag
mens seminaret vert halde søndagen. Seminartemaet vert: Skilje
kyrkje / stat.
I løpet av
våren vert det halde Borgarleg Namnefest. Har du born du gjerne vil ha
namnefest for, kontakt oss
anten ved e-post eller
ring til
Helena i Utvalet
for Borgarleg Namnefest
Det vert
medlemsfest på seinare fastsett dato i anten mai eller juni..
Fyrste
styremøte etter ferien vert 5. september, der møteplan for 2. halvår
vert lagd
opp.
Ut over hausten vil òg BK-utvalet sitt arbeid for neste års kursopplegg verta
gjennomførd inkludert orienteringsmøte for påmelde
ungdomar til Humanistisk Konfirmasjon 2007 på
Leirvik, truleg i byrjinga av november. Den siste aktiviteten
vår i 2006 vert midtvintersfesten
vår i desember. Vil du vera med på denne, kontakt Grete på telefon 53
49 59 02 eller send oss nokre ord via e-post..
|