Sunnhordland lokallag


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Litt info om HEF Sunnhordland !

Vi er eit lokalt lag av Human-Etisk Forbund, som er ein ikkje-religiøs livssynsorganisasjon med no over 75.000 medlemer på landsbasis. 
Human-Etisk Forbund gjev mellom anna livssynsnøytrale tilbod til dei som av ulike grunnar t. d. ikkje ynskjer kristendomsundervisning i skulen eller vil ha religiøse seremonier for dåp, konfirmasjon, vigsel, etc.

Lokallaget vårt i Sunnhordland dekkjer kommunane  BØMLO,  KVINNHERAD, FITJAR og  STORD, og har pr. januar 2009  255 medlemer.
Vi har kontor i 2. etasje av "Folkets Hus" i Ham
negata  på Leirvik som vi deler med nokre andre lag.
Der treff du oss kvar 1. tysdag i månaden mellom kl. 18.00 - 20.00.



Ellers litt om kva vi held på med :

Dei viktigaste aktivitetane laget vårt har lokalt er å arrangere alternative livsseremoniar i Sunnhordlandsregionen. Desse er:

HUMANISTISK  KONFIRMASJON

HUMANISTISK  NAMNEFEST

HUMANISTISK  GRAVFERD

HUMANISTISK  VIGSEL


Ynskjer å vita meir om oss, og kva vi er opptekne med, ta kontakt med oss!

Dette kan du gjera ved anten å ta turen innom kontoret vårt i Folkets Hus 2. etg. fyrste tysdagen kvar månad (ikkje Juli og August . . .) frå kl. 18.00 - 20.00, eller du kan kontakta oss via
e-post
 


© 2000 Human-Etisk Forbund  Sunnhordland lokallag  Boks 1340  5406 STORD    E-post : hef.sunnhordland@c2i.net  
Revidert: 14 oktober 2009 .