Elgjakt 2005

 

Årets jaktlag er Arne Rygg Drønen, Arne E. Børtveit, Arnt Ove Yddal, Bjørn Furre, Karl Andre Rydland, Steinar Boge,
Jon Bjarte Fjell, Ole Morten Vatland og Tommy Fjelde.
Sidan laget hadde mykje trøbbel i fjor med den gamle elgtrekkaren, så blei me enige om å investere i ein ny i år.
Då skal me forhåpentligvis få bruka meir tid på jakt, og mindre på å mekke trekkar.

25 September - 28 September
25 September begynte jakta som den alltid gjer og laget gjekk ut dei faste dreva utan å få skutt elg denne dagen. Neste dag tok me
eit langt derv kor me ofte ser mykje dyr, men der elgen har gode muligheter til å snike seg mellom postane eller drivarane.
Denne dagen så trakk jegrane det lengste strået og 3 elger blei felt i dette drevet. Skyttarane var Tor Espen Helle, Jon Bjarte Fjell og Karl Andre Rydland.
Elgen til Tor Espen låg så langt inni terrenget at det lettaste blei å partere den på plass og bære den ut.
Dagen etter i eit øsande regnvær så greide Arnt Ove å felle ein fin 7 tagger på 234 kg.

 

30 September - 3 Oktober
Ein del av jaktlaget hadde fått tørka jaktklærne så pass at ny tur ble tatt allerede no.
Lørdagen blei det oppdaga okse og ku saman med to ungdyr, ompostering blei igangsatt for å få has på ungdyra.
Denne gang trakk ungdyra det lengste strået og kom seg unna jegrane. Søndagen er litt uklar, men nokre av jegrane nytta dagen til å kikke etter
ungdyra frå i går.
To av jegrane blei over til Mandag og såg denne dagen svært mykje dyr i terrenget, men også her hadde elgen flaksen på si side.
Me er no i Oktober, 4 dyr er tatt og det begynner å haste med å fylle kvota på 10 dyr.


6 Oktober - 9 Oktober
5 i jaktlaget + Øyvind gjestejeger skulle få avskytinga på rett kjøl denne langhelga. På Torsdags ettermiddag såg Ole Morten 8-10 dyr rett
over grensa i nabovaldet.
Disse dyra hadde forhåpentligvis tatt turen over på rette side av grensa neste dag. Me tok eit drev langs grensa, men det var ikkje eit dyr å sjå her no.
Me holdt på heile dagen, og på veg heim i kveldinga så blei eit ungdyr oppdaga. Ein jeger forsøkte å snike seg innpå kviga, men ho hadde alt lukta
lunta og dratt avgårde.
Lørdag så blei ei kvige skutt etter godt arbeid av laget og Trine, hunden til Karl Andre, så da var elg nr. 5 på kvota i boks.
Siste dagen tok me Jabudabu drevet vårt, ei ku med kalv blei oppdaga høgt oppi lia, og Ole Morten tok oppgåva med å komme innpå dei.
Me hadde eit håp om at det sto okse eller ungdyr i lag med dei.
Dessverre så var det kun disse to dyra som sto der, og etter ein diskusjon så blei kalven spart. Dette pga. at kalven sto langt inni terrenget,
og det å få kalven ut var ei lang økt på slutten av dagen.
I tillegg skulle me ha ei 6 timers heimreise og då var det lite fristande å skyte kalven.
Om dette var lurt med tanke på avskyting vår, vil vise seg seinare.

13 Oktober - 16 Oktober
Denne helga hadde me veldig flott vær, sola skein som ho var "galen". Ein bruker alltid å fryse på post under elgjakta, men dette var unntaket.
I tillegg til flott vær så diska Arne og Arne opp med god kveldsmat. Fredag sto det på menyen  elgkaker, potet, fløtesaus, gresk salat og rødkål.
På lørdag var det heilsteikt indre/ytrefilet av elg, ris, barnesaus og chili marinert soppestuing. Begge to rettane var krydra med god rødvin til maten.

Fredagen var me 3 mann som jakta, då blei det 2 poster og 1 drivar. I dagens siste drev så hadde me to dyr ute, og ei ku var svært nær og komme
innom posten til Arne D, men ho slapp unna med skrekken.
Dagen etter kjørte me nok ein gang Jabudabu drevet, i dag så var me 5 jegere, og i dette drevet så blei da 2 poster og 3 drivara.
Dette var også den store dagen for fuglejegere og sauesankere i heia, og dette medførte at mange dyr var ute og rusla. Dette var ein ny dag med stang ut,
og alle dyra styrte fint utanom drivarane eller postane.
På slutten av dagen blei ei ku med kalve dreven mot posten til Arne D, og kalven blei så tatt. Me prøvde så godt me kunne å få kua i same slengen, 
men igjen traff me den berømte stanga på feil side.
Søndagen så tok me eit litt langt drev, utan resultat. Posterekka såg ei ku med kalv på veg ut, men holdet var for langt til å føreta seg noko.
Etter dette blei da kjøttdeling og reingjering av hytta. 

22 Oktober - 24 Oktober
Denne helga var det ein i jaktlaget, 4 gjestejegerar og Trine(den beste hunden me nokon gong har hatt med på elgjakta).
Laurdagen våkna me til eit MØKKAVÈR, regn og skodde. Me bestemte oss for å avventa litt for å sjå om det bedra seg litt utover dagen. 
i halv12-tida gjekk me ut.
Første drevet gjekk eine drivaren på to kviger som reiste seg 40 meter fra han og stakk avgårde i drevretningen. 
Desse to lurte seg rundt drivarane og tilbake.
Før neste drev gjekk den eine posten og to drivarar opp til ein utkikkspost for å speida litt før drevet. 
Der oppdaga dei ein piggokse som dei omringa og fekk felt.
Søndagen vakna me til eit kvitt teppe med snø som hadde lagt seg om natta. 
Me skulle opp og sjå om kvigene fra dagen førvar der framleis, noko dei ikkje var.
I neste drevet fekk trine stålos på ei lita ku som heller ikkje vart felt. Den eine gjestejegeren prøvde å finne dyret igjen men den gang ei. 
Etter dette fekk me frakta piggoksen, fra dagen før, ut og flådd den.
Mandag var dei ein gjestejeger mindre, og dei bestemte seg for å prøva på eit (elg/) rådyrdrev. Det vart felt ein liten råbukk.

 

Jon Bjarte med ungokse

Ungkua skutt 8 Oktober. Th. Øyvind, Arnt Ove, Tor Espen Arne B og litt av Ole Morten

 

Trine som kjenner lukta av ein elg rett til venstre i skaret.