Elgjakta 2003
Då skriv me elgjakt 2003, og følgande skjedde dette året
Jegrane på laget i år var: Ole
Morten Vatland, Øyvind Træet, Arne Rygg Drønen, Arne E.
Børtveit, Arvid Førland,
Ole Bertil Grinde, Reidar Magnussen, Tommy Fjelde, Knut Trovåg,
Steinar Boge, Jon Bjarte Fjell og Tor Espen Helle.
1 Periode : 25.09.2003
Nytt av året er at grunneigarane har forlenga vegen til
fjells, no kan me kjøra mykje nærare hyttene,
og da gjer ting ein del lettare for oss.
Sidan den nye vegen går der kor gammle slakteplass låg, så
måtte me i år bygga ein ny slakteplass. Dei fleste møtte
23 Sept. for å delta på dugnaden som måtte gjerast.
Fyrste jaktdag starta med eit standard drev som me tek, på
veg ut med postrekka går underteikna saman
med Steinar og Øyvind, då Steinar oppdager elg framfor oss. Me
finn ut da er ein liten okse, Øyvind sjekker avstand
med måleren sin og me venter på ein skuddmulighet. Okse kjem
fram frå bjørkekrattet og eg ser at Steinar rykker til
på mi venstre side( han hadde gløymt å avsikre) og i neste
sekund så skyter eg eit skudd som legg oksen i bakken
10 meter frå der han sto.
Andre dag kjem regnet i bøtter og spann, men me kjører igang
eit langdrev (Jørpelandsdrevet) utan resultat.
På veg inn til hytta tar me eit lite kort drev, og her kjem ei
ku fram i drevet som tar turen bortom til meg.
Utan å få tørka regnet frå kikkertsikte finn eg dyret inni
der og feller ho.
Tredje dag tok med same dreva som fyrste dagen sidan det var
observert bra med elg der.
Etter ei kort stund observerte driverane ei kvige og spenninga
var stor blant postane som satt å venta,
men eit smell frå posten til Reidar foltalte oss at dyr nr.3 var
eit faktum.
Etterpå snudde me drevet og dreiv litt lengre mot vest, og
ytterste posten i drevet fekk eit sykkelstyre mot seg.
Med eit godt bogskudd satte Ole Morten punktum for denne dagen.
Fjerde dag gjekk me tilbake til andre dagens Jørpelandsdrev, men ingen av dyrene gjekk i fella i dag.
Femte dag skulle bli litt amputert då ein skal reise heim med
godt modna kjøtt, samt reingjering av hytter ol.
Men eit drev skulle me rekka og tidligt i drevet skaut driver
Tommy ein ungokse. Oksen låg på ein ugunstig plass,
så den måtte flåast på plass og berast ut til bilane.
2 Periode : 09.10.2003
6 jegrar stilte opp denne dagen og
igjen starta me med standard dreva våres, litt utpå dagen i eit
drev kom ei ungku
tutlande inn i drevet frå sida og etter ei stund var ho i
posisjon for posten på snaue 200. Reidar som hadde denne
posten fekk den i bakken med eit par skudd.
Resten av dagen gjekk med til å dra dyret ned samt å flå det.
Neste dag under eit drev såg driver Steinar ei ungku som låg,
han fekk lost Ole Morten mot kua via jaktradioen
og etter nokre spennande minutter for oss andre smalt det og dyr
nr. 7 var i boks.
3 Periode : 16.10.2003
Ei ny langhelg sto klar for
elgjakt og dette skulle bli ei helg med flott vær.
Allerede før dei andre jegrane var kommet opp hadde Ole Morten
og Andre (gjestejeger) tatt ein tur inn i terrenget
for å sjå etter dyr. Etter ei stund oppdaga Ole Morten ein elg
fammilie, og Andre loste han mot denne via radioen.
Etter ei stund var han på skuddhold og Ole felte ein flott 4
tagger okse.
Neste dag skulle me igjen kjøre igang Jørpelandsdrevet, det var
mykje dyr i drevet og midt oppi da heila felte Øyvind
ei lite ku høgt til fjells. Det var ein del andre dyr i drevet
som me forsøkte å få has, utan å lykkast. Da blei seine
kvelden
og kua til Øyvind måtte fraktast ut dagen etter.


