Elgjakta 2002
Elgjakta 2002 er nok eit nytt år for jaktlaget som har jakta her sidan 1995.
Jegrane heiter : Ole Morten
Vatland, Øyvind Træet, Arne Rygg Drønen, Arne E. Børtveit,
Arvid Førland,
Ole Bertil Grinde, Reidar Magnussen, Tommy Fjelde, Knut Trovåg,
Steinar Boge, Audun Sundve,
Jon Bjarte Fjell og Tor Espen Helle.
1 Periode : 25.09.2002
Jaktlaget møtte eit par dager
før jakta starta for å klargjera alt til ein ny haust.
Slakteplassen skal rigges opp og ein del forbedringar må gjerast
på vegen der me kjører elgtrekkaren.
Heldigvis så har nokon av dei ivrigste vert oppe i sommar og
utbedra ein del ting,
dette utgjer mindre arbeid for oss denne dagen.
Etter ein meget flott sommer og
haust starta fyrste jaktdagen med nokon dråper,
som etter kvart auka på til noen heftige regn skyll.
Da var fyrste jakt dag og ivrige som me var, så trossa me regnet
og tåka, for å setja ut postrekker og drivera.
I dagens tredje drevet kom Steinar seg innpå ein elg familie.
Steinaren hadde då fått auge på ku, kalv og
to 1.5 åringer et stykke oppe i lia (gode 200 meter).
Han måtte smyge seg et stykke før han var på skuddhold, men
då låg det igjen ein 1.5 år okse på 96 kg i tåke heimen.
Neste dag fortsatte regnet, men
utpå dagen blei da noko lettare og resten av jaktveka forblei
flott.
Andre dag blei resultatlaus når me ser på felte dyr. I dag var
da berre 8 som jakta fordi Tor Espen
måtte til lege undersøkelse pga. eit avrevet leddbånd.
Arne R. Drønen og Arne Børtveit kjørte ut oksen frå dagen
før medan dei andre jakta.
Ang. Tor Espen så skal da meir til enn eit avreve leddbånd for
å halda han borte.
Han kom opp neste dag og var med resten av jaktveka.
Tredje dagen tok me ein tur inn i vår eigen Elgenes dal, og her
fant me me dei. Da spratt opp elg
både her og der og til slutt hadde me fått ei ku med ein flott
okse på hjul inn i drevet vårt.
Postane observerte dyra heile tida og fekk til slutt dirigert
driver Jon Bjarte inn på dyra.
Etter eit skudd fra Jon Bjarte låg da igjen ein staselig 11
takker, sjølv om vekta var på moderate 235 kg.
Oksen hadde ein skade i eine auga etter kamp mot ein annan okse,
nokon onde tunger i laget
påstår også at oksen hadde fått ein kraftig skade i øyrene
også.
Historien bak dette er at skytteren har en jaktdress som absolut
IKKJE kan kallast lydlaus.
Derav navnet "Den døve stuten".
Dag 4 tok me nok et dyr i tredje
drevet, denne gongen var da Audun som felte eit hodyr. Han fekk
ho bokstavelig talt midt i fanget,
så når han fekk tilbake pusten og fargen i ansiktet så sendt
han avgårde eit skudd som tok pusten frå ho denne gang.
Melding kom over radio : Audun her, eg har skutt ei kvige. No
skal me ikkje harselera over vurderings evna til Audun,
men kviga viste seg å vera på 190 kg. Årets Ku kvote er no
brukt opp, så resten av jaktlaget må vise
fram bedre vurderings evne enn da Audun gjorde.
Dag 5 blei berre ein halv dag pga. heimreise, men me rakk eit
drev der me fekk ut ei ku med kalv.
Dyra snudde i drevet og gjekk tilbake mellom drivarane.
2 Periode : 04.10.2002
Desse var med : Ole Morten, Berit, Steinar, Øyvind, Audun, Knut,
Reidar,
Arne B, Ole Bertil.
Helga tjuvstarta med våre to pensjonistar, Reidar og Knut som
reiste opp
Torsdag og la ned ei kvige på fredagen.
Laurdag starta med eit vakkert drev frå "Nyedalen" og
ut mot støylen,
resultatet vart fyrst ein kalv og so ein okse for vår eminente
jaktleiar,
etter at han dumpa oppi eit "elgreir", der oksane stod
i kø for å forvetna
seg om kven som kom. Dei heldt eit heise rabalder med grynting og
stønning
oppe i lia og var soleis ikkje vanskelege å finna. Kalven samt
kviga frå
fredagen vart køyrd til slakteplassen, medan oksen fekk venta
på transport
te dagen etter.
Sundagen gjekk med til å transportera ut oksen.
3 Periode : 11.10.2002
Dette var ei langhelga der 6 mann drog opp for å jakta, samt
freista å fylla kvoten. Dei som tok turen oppver var :
Ole Morten, Arne, Knut Jarle, Luis, Audun og Arvid
3 ungdyr står no igjen på kvoten vår.
På nokon få veker har været forandret seg mykje, denne helga
var da 3-4 minusgrader
og ein ganske så heftig vind. Dette gjorde da å sitja på post
til ein liten alder så liten manndomsprøve
ang. utholdenhet og konsentrasjon.
Dinna helgo skulle me få sjå mykje dyr, og stort sett dyr som
var skytbare. (dvs. ungdyr)
Fyrste dagen starte veldig bra, svogere'n som deltok som
gjestejeger starta dagen med å
skyte ei lita kvige på 108 kg. slaktevekt. (merk deg vekta
Audun)
Det kom også fleire dyr over posten hans på rekke og rad, men
dei var i grenseland mellom ungdyr
og voksen så han lot tvilen komma dei tiltalte til gode.
Etter å ha observert 9 dyr Freadagen, så blei ikke Laurdagen
dag stort dårligare, då såg me 8 dyr.
Dårlig vind samt elg som ikkje lydde og gjekk der postene satt,
resulterte i 0 fangst.
Siste dagen tok me turen ned i bygda og jakta i skogen der.
Tidligere år tok me minst 1/4 av kvoten i
denne delen av område, og skogane her var rekna som
"sikkert som i banken".
No er da svært lite dyr igjen i ditta område, så turen denne
dagen beviste igjen at dyra står
langt inni terrenget vårt og ikke nede i bygda slik som før.
4 Periode : 18.10.2002
Desse var med : Øyvind (resten kunne vore heima), Knut Jarle,
Steinar, Jon Bjarte, Arne B og Andrè.
Fredag kom me opp te kveldsmat som bestod av nykokt hummar og
tilbehør.
Laurdag vart det settla at Øyvind, Steinar og Knut Jarle skulle
gå ut for å
postera, medan Arne og Jon Bjarte skulle venta i hytta til
postane var på
plass. Tida i hytta vart nytta te naudsynt oppvask etter
hummarmåltidet
kvelden i førevegen.
Midt under oppvasken kunne me høyra Øyvind på radioen:
"Ditta e Øyvind, eg
har skote ei kviga".
Då hadde me kun eit ungdyr igjen på kvota. Etter utvomminga
gjekk dei 100m
vidare i retning av postane sine, då sprong det ut ku og kalv,
iflg
avstandsmålaren vart haldet diverre "snaue 200m"
(352m) så kalven fekk gå
vidare, retningen på dyra var gunstig i forhold til drevet som
skulle
takast.
Drevet vart resultatlaust utelukkande pga. FEILPOSTERING,
nysnøen røpa at
dyra gjekk mellom postane i retning av neste drev.
Kaffikjelen kom på kok medan strategien for neste drevet vart
lagt og
frustrasjonen over FEILPOSTERINGA fekk leggja seg.
Etter kaffibålet var det igjen på tide å setja folk ut på
post. Medan
postane var på veg over fyrste haugen fekk dei auga på 2 ungdyr
på snaue
100 meters hald, men dei vart støkka før postane fekk skyta.
Då dukka det opp ku og kalv på passelig hald, kalven vart
liggjande att
etter perfekt skot frå Øyvind.(bak bogen).
Kua vart noko nærgåande etter dette og haldt seg forbausande
nær jegrane
heilt til dei byrja trekkja kalven ut til slakteplassen.
Sundagen vart nytta til slakting og klargjering av hytter og
slakteplass
før heimreise.
2 Periode okse skutt av Ole Morten. Reidar og Berit frame på bilde med Ole Morten og Øyvind bak

Ovanfor nevnte okse på trekkaren med Øyind som surfar og Ole Morten som førar.

4 periode kvige som Øyvind har skutt. Elva er frosen og da er spinn glatt for jegrane
