| VELKOMMEN
TIL PINSEKYRKJA |
|
Førde
Pinsemenighet ynskjer deg velkommen til eit mangfaldig og varmt fellesskap.
Det er folk i alle aldrar på møta, og
vi pleier å vere kring 20 personar samla. Elles
har vi bibelgruppe kvar måndag og bønnemøte
kvar onsdag.
Vær velkommen til å stikke innom pinsekyrkja i Førde.
Vi vil gjerne vere ein åndeleg heim for deg,
og håper du finn deg til rette!
[ Møteplan
for våren 2004
]
|
Dette skjer i menigheten
- Vi har møte kvar veke:
¤ Gudsteneste annakvar søndag i Evangeliehuset, Bruland
¤ Husfellesskap kvar måndag klokka 19:30
¤ Bønnemøte kvar torsdag kl.19 i Evangeliehuset,
Bruland
(200 meter forbi matbutikken på Bruland- lite
kvitt hus på nedsida av vegen)
Det hender óg at vi har
gjestetalarar frå inn- og utland, og team med folk som syng,
dansar, spelar eller har drama. Du finn programmet vårt for
våren 2003 [her]
- Møta vert alltid annonsert
med tid og stad i lokalavisa.
(Bønemøta blir ikkje annonsert.)
- Starta i 1948
Førde Pinsemenighet vart starta i 1948. Vi
ynskjer ynskjer å vere ei opa og karismatisk menighet. Vi
står på det bibelsynet som har kjenneteikna pinserørsla
sidan den kom til Noreg for over 90 år sidan, men vi ynskjer
å vere opne for det som Gud gjer i vår tid. Vi trur
at etablerte menigheter også kan få del i den fornyinga
som går over store delar av verda. Pinserørsla er det
største frikyrkjelege trussamfunnet i Noreg.
Vi trur at Jesus er Guds
son
- På same måten som
Den norske kyrkja trur vi på Bibelen som Guds Ord, men i motsetning
til Kyrkja har vi eit baptistisk dåpssyn, med full neddykking
av den som vedkjenner trua på Jesus Kristus som Herre.
Vi har også som Kyrkja den same felles kristne tru på ein
treeinig Gud, det er Faderen, Sonen og Den Heilage Ande. Dette skil
oss frå Jehovas Vitner og Mormonerane.
Vi trur at alle menneske er rekna med i Guds store plan for å
frelse verda. Men alle må sjølv velje å ta imot frelsa
som ei personleg gåve frå Gud.
Du må sjølv tru på Jesus, og at han døydde
og stod opp att for at du skal få tilgitt syndene dine.
©
Web'et av Jan Roar
Sekkelsten.
Lagt ut den 16.11.98,
oppdatert den
01.12.2003
|