|
DÅP I FØRDEHUSET Spørsmåla har vore mange til menigheten etter at vi hadde dåp i symjehallen i Førdehuset. Brukar de badedrakt? Og var heile menigheten uti bassenget? I stadenfor å le oss i hjel av eindel spørsmål, skal eg her forklare litt om kva som skjedde.
Litt om dåpssynet vårt; Vi har truandes dåp, dvs. at ein person må ha ei frelsande tru for å bli døypt. Folk blir frelst, døypt og lagt til menigheten. Vi set ikkje krav til alder, men at personen som let seg døype trur at Jesus er Guds son, og at Gud reiste han opp frå dei døde. Dåpen er ei djup symbolsk handling, der du m.a. inngår ei god samvits pakt med Gud. Vi døyper folk i namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande, slik Jesus ber oss gjere i Matteus kap. 28. Dei som skal bli døypte og den som døyper er alle kledde i kvite kle. Anten fotsid kjortel, eller kvite bukser med frakk over.
Så til sjølve dåpshandlinga. Personen som døyper går uti og den som skal bli døypt kjem etter. Så spør den som døyper; Trur du at Jesus er Guds son og at Gud reiste han opp frå dei døde? Dersom dåpskandidaten svarar ja, så seier døyparen vidare; På di eiga tru og vedkjenning, døyper eg deg til namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande. Så blir dåpskandidaten dukka heilt under. Og med det er sjølve dåpshandlinga over. Ein person har blitt døypt og kan gå på land. Mange folk har blitt frelst i det siste, så dette er nok ikkje den siste dåpshandlinga vi kjem til å ha i Førde Pinsemenighet. Men om sommarveret betrar seg så blir kanskje Jølstra arena neste gang? |
|
Førde
pinsemenighet @ 14.06.2001
|