|
”Bryllaupsinvitasjon” ”Vi har den glede å invitere Wenche m/følge til bryllaupet vårt….” Setninga har lyst mot meg frå heile seks invitasjonar til bryllaup dette året. Eitt bryllaup har eg alt vore i, eitt har eg takka nei til. Og i sommar var eg i Romania for å feire det tredje. Ei jente i menigheten i Førde gifta seg med ein rumenar, og for meg vart det eit svært spesielt bryllaup. Det er over seks år sidan eg var i Romania sist. Då med
hjelpesending til kloakkbarna i Bucuresti. Minner frå den gongen
står klart for meg; vakre, men svært skitne barn, rusa på lim,
nokre med tomme blikk, andre med meir visdom og livserfaring enn ein
seksåring skal ha. Så gleda i augene til dei vi tok med på McDonalds,
eller fryden hjå dei barna på senteret til Franz Johansen
som fekk ein fotball frå Sunnfjord. Barn på senteret som
syng frimodig på rumensk; ”min Gud er så stor, så sterk
og så mektig, det er ingenting han ikkje kan…” Ytterlegare to bryllaup venta meg då eg kom heim. Og med så mange venninner som skal gifte seg har det blitt eindel bryllaupsprat. Det er utruleg kva komande bruder kan prate, og prate og prate om det som skal skje. Og diskusjonen går på alt frå kven som skal inviterast, kva dei skal ete til middag, kven skal sitte kvar, pynt osv. Men spesielt mykje tid blir via det viktigaste av alt: kjolen, sløret og håret! Alle vil ta seg best mulig ut for den dei skal gifte seg med. Og alt dette pratet
om bryllaup og pynting har fått tankane mine
over på eit anna bryllaup. For eg er faktisk invitert til eit bryllaup
til, men eg veit ikkje når det står. Til bryllaupet i himlen treng vi ikkje kave oss opp med kva vi skal ha på oss. Kleda har vi fått av Jesus. Vi er gjort reine og rettferdige, ved tru. Vi har faktisk fått desse kleda allereie. Men er vi opptekne av å halde dei reine? Er eg like oppteken som venninnene mine av å sjå best mogleg ut for brudgommen? I samvær med Jesus blir vi vakrare, og for kvar dag meir og meir pynta som brud. Du er også invitert til bryllaupet, og tida vi lever i tyder på at festen nermar seg. Jesus kjem snart for å hente si brud. Her er invitasjonen til deg: INNBYDING -helsing Jesus- |