Historikk

Rotary vart starta i Chicago i 1905 av advokat Paul Harris (1868-1947). Utgangspunktet var at forretningsmenn skulle møtast jamnleg i ein kameratsleg samanheng for å etablere eit nettverk av yrkesutøvarar med ulik bakgrunn. I starten skulle det berre vere ein represent frå kvart yrke, men i dag er dette utvida til 5. Møta skulle vere kvar veke i tur og orden på arbeidsstaden til dei einskilde medlemane for å lære noko om kvarandre sitt yrke. Vekslande møtestad er også bakgrunnen for namnet Rotary. Rotary skulle også engasjere seg utad, m.a. ved å ta på seg oppgåver av verdi for heile samfunnet. 

I dag er Rotary ein internasjonal yrkesorganisasjon med over 1,2 millionar medlemmer fordelt på omlag 30.000 klubbar i meir enn 160 land. Alle klubbane tilhøyrer eit av totalt omlag 500 geografiske distrikt på verdsbasis. 

Rotary kom til Norge med Kristiania Rotaryklubb 1. juni 1922. Her i landet finst det i dag meir enn 300 klubbar fordelt på 7 geografiske distrikt som samla har omlag 14 000 medlemer. Kvart distrikt vert leia av ein guvernør som på same måten som klubbpresidentane fungerer i eitt år. Norsk Rotaryforum tek seg av felles saker for alle dei norske distrikta. Rotary Distrikt 2250 omfattar Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Distriktet har 52 klubbar med omlag 2100 medlemmer. Aktivitetar i nærmiljøet og klubbane er ein viktig del av synleggjeringa av Rotary lokalt.

HM Kong Harald er æresguvernør for Rotary i Norge, og HKH Kronprins Haakon Magnus er æresmedlem i Oslo Rotaryklubb.

Føremål, idégrunnlag og aktivitet

Medlemskapet i Rotary baserar seg på at eit mangfald av yrke skal vere representert, og kvinner og menn som vert invitert til medlemskap skal representere sine yrke på eit høgt fagleg nivå. Eit rotarymedlem er med i eit fellesskap som arbeider for haldnings- og framferdsutvikling med utgangspunkt i respekt for einskildmennesket.

Rotary sitt viktigaste motto er "SERVICE ABOVE SELF", å vere til nytte for andre. Dette prøver ein å oppnå gjennom 

Internasjonalt arbeider Rotary med utdanning av ungdom, ungdomsutveksling, humanitært hjelpearbeid i tillegg til diverse hjelpe- og støttearbeid rundt om i vanskelegstilte land.

Den lokale klubben er sjølve livsnerven i den internasjonale rotaryrørsla. Her møtest medlemmene ein gong i veka. Dersom ein er på reise kan ein faktisk møte i den lokale rotaryklubben same kvar den er i verda.

I klubbane vert felles innsats drøfta, ein høyrer på føredrag om samfunnsspørsmål eller andre aktuelle saker. Arbeidet er delt inn i 4 hovudaktivitetar

Desse aktivitetane er grunnlaget for all verksemd i Rotary.

Tilbake til hovudsida