Førde Rotaryklubb - soge og verksemd

I år er det 35 år sidan Førde Rotaryklubb vart oppretta. Etter førebuingsarbeid i 1964 og 1965 vart klubben offisielt stifta 8. mars 1966. Første president var distriktsveterinær Einar Ladehaug. Dei fyrste åra hadde klubben møta sine på Førde hotell. Då Sunnfjord hotell vart opna sist på 60-talet, flytta klubben møta sine dit.

Måndagsmøta

Klubben har i alle år hatt møta sine på måndagar. Tidspunktet er kl 1930 - 2030. Måndagsmøta er den viktigaste aktiviteten i klubben. Det er under møta at medlemane utviklar venskap og kjennskap til kvarandre - eigenskapar som er sentrale i Rotary. Møta gir også god informasjon om organisasjonen. I tillegg får medlemane informasjon om ting som rører seg innanfor dei mange yrkesgruppene som er representerte i klubben og om ting som er på gang i lokalsamfunnet, i landet vårt elles og i internasjonal samanheng.

Medlemsbladet

Klubben starta opp med eige medlemsblad alt ikring 1970. BODSTIKKA inneheld referat frå klubbverksemda og aktuelt rotarystoff. Klubben sitt "motiv" er hovudet på ein "fjording". Motivet finn ein på framsida av BODSTIKKA - og på klubben sin vimpel. Grunnen til dette motivet er den sterke stillinga som fjordhesten har i vårt distrikt.

Lokalt engasjement

Klubben har engasjert seg i mange lokale oppgåver fram gjennom åra. Vi nemner:

Utvekslingsarbeid

Klubben har hatt ansvar for to utvekslingsstudentar - ei jente frå USA og ei frå Australia. Klubben har og sendt ut to studentar, ei jente til USA og ei til New Zealand. Klubben har fleire gonger vore vertskap for "Rotary-ungdomsleir".

Klubben har teke i mot "gruppestudiegrupper", frå USA, sørlege Afrika, Australia, Japan, Nigeria, og Tyrkia. Medlemmane har opphelde seg i Førde nokre dagar. Klubben har hatt deltakarar på GSE (Group Study Exchange) i USA, India, Brasil, Nigeria, Japan, og Australia Klubben har og hatt gruppeleiar for GSE i Japan.

Distriktsguvernørar

Klubben har "levert" 3 guvernørar til D-2250. Det er Georg R. Thingvold (1981/82), Karl Magnar Lausund (1993/94) og Grunde Selås (1998/99). Klubben arrangerte "Distriktskonferansen" 1982 og 1999.

Klubben yter jamleg til Rotary Foundation. I 1999 var klubben på topp i distriktet. Klubben har utnemnd 4 medlemer, i tillegg til ein person utanfor klubben, til PHF (Paul Harris Fellows).

 

Tilbake til hovudsida