|
![]() |
| Velkomen til Førde! Midt i Sogn og Fjordane ligg byen og kommunen Førde. Namnet Førde kjem av "fird", som tyder fjord. Førde kommune utgjer eit område på 590 km² og her bur om lag 10 500 personar. Den vakre naturen i området er skapt av isbrear på vandring og elvane Jølstra og Anga. Dalane, elvane, fjorden og dei fem byfjella står som ei flott ramme rundt fylkessenteret og det velstelte kulturlandskapet. |
![]() |
Førde har eit rikt kulturliv, med mange og varierte arrangement av ulik karakter og innhald, m.a. innan idrett, teater, museum og musikk. Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er ein av dei største festivalane i sitt slag i Norden. Sogn og Fjordane Teater held til i Førdehuset, eit stort og innhaldsrikt kulturhus arrangere det aller meste, frå store idrettsarrangement og festivalar, til konsertar med nasjonale og internasjonale artistar. I Firda, Sogn og Fjordane si største avis, kan ein halde seg orientert om det som skjer i regionen, både når det gjeld idrett, politikk og kultur.
Mat er også kultur, og Førde har mange stader der ein kan få god mat. Ein bør unne seg eit besøk på t.d. Rica Sunnfjord Hotell, Quality Førde Hotell eller den nyetablerte restaurant Pikant med flott utsikt til elva Jølstra, som er vassrik heile året på grunn av vatn frå Jostedalsbreen og Jølstravatnet.
Førde er også ein skulestad. Ved dei vidaregåande skulane og høgskulane er det kring 1600 elevar under utdanning. Mange av desse bur på hybel i Førde, og skuleungdomen set naturleg nok sitt preg på byen. Mange er elevar ved dei nye vidaregåande skulane på Øyrane og Hafstad.
Førde har mykje offentleg administrasjon og institusjonar på ulike nivå, m.a. NRK, Statens Lotteritilsyn i tillegg til ein del av fylkeskommunen sine institusjonar og avdelingar. Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane er viktig for heile regionen, og sjukehuset får i desember 2002 ny tilkomstveg mellom Kronborg og Vie, noko som vil få store positive ringverknader for infrastrukturen i området.
(Ein del av teksten er henta frå Førde kommune sine nettsider)
![]()
| Førde kommune sin kulturkalender | Firda | NRK Sogn og Fjordane |
![]()