
Holsen ligg i Førde
bykommune
Holsenbygda ligg aust i Førde
bykommune. Den
ligg berre 1,5 - 2 mil frå kommunesenteret, det vil seie 15-20 minuttars
køyring. |
|

Ligg nær Førde
sentrum
Dersom du køyrer frå Førde, kan du komme
til Holsen ved å ta riksvegen til Moskog. Der tek du til høgre i
krysset, og etter 3 kilometer kjem du til Holsenvatnet. |
| |

Kva står FILH for?
Eitt av laga i Holsen er FILH. Bokstavane
står for Førde Idrettslag Holsengruppa. Det betyr at idrettslaget i
Holsen er ei miljøgruppe under Førde Idrettslag. FILH vart starta i 1981
og er no i sitt 20. år. |
|

Friluftsliv I Holsen
Ein naturleg aktivitet for innbyggjarane i
Holsen har vore å ferdast i fjellet. For i fjellheimen rundt Holsen ligg det
7 stølar som høyrer til bygda. |
| |

Fjelltrimmen
FILH har sidan starten av laget i 1981
organisert fjelltrimmen. Det er eit trimtilbod til alle som likar seg ute
i naturen. I alt er det med 11 fjelltoppar i denne trimmen. Fjelltoppane omkransar
holsenbygda. |
|

Toppane nord om riksvegen
6 toppar ligg nord om riksvegen. Vi
har den vestlegaste toppen, Halvgjerda, like ved Moskog. Så kjem
Høgsetholten, Stølvarlifjellet, Nova, Kvitefjellet og Rimmane. |
|
|
Toppane sør om
riksvegen
Vi har 5 toppar sør om
riksvegen. Det Sandegga lengst vest, så kjem Svarteknibba,
Setelifjellet, Drøsinga- og lengst aust Hetlegga.
|
|
Fjelltrimmen har
runda 20 år
Til liks med laget er også fjelltrimmen inne i sitt
22. år.
Men no er det vel på tide å komme seg til fjells og sjå meir av
desse toppane? |
| Til
toppen |
|
Trykk
her, og turen er i gang |
|
Har besøkt sida sidan 2. juli 1999
|