På garden har me mange hestar.

Dette er hingsten Sogne-Blæsen. 
Han er 3 år gamal og vart kåra på Biri i 2002 og han vart også nr. 2 i kvalitet.

Her er hoppa Maibrona som føl hausten 2003. Til høgre har ho vorte eit år eldre.

Maibrona er ei stor dølahoppe. På bildet over er ho to år gamal, på bildet til venstre er ho eit år gamal.

Her er Mairbona 3 år gamal og på utstilling.

Maibrona og eg. Her er ho 3 år og me har nett komme heim frå utstilling på Stav, med 2 pr og nr. 1 i kvalitet og 47 poeng på køyreprøve.

Maibrona og eg på Stav-utstillinga.

Her er hoppa Sogne-Blæsa på Stav i 2003.
Då var ho 10 år gamal og fekk 1. premie samt 1. premie i kvalitet.

Temming på Gjerde.
Det er to års hoppa Stjerne-Blæsa (Hagapil-Tanita) som går framfor sleden.
Kusk er Sjur Haugen, med Erling som medhjelpar.

Sogne-Blæsa  (Teige Jo og Heidi) og Sogne-Mai (Borgvind - Tron Blåi)
på veg heim att frå vedaskogen. Kuskar er Anne Katrin Bøyum og Erling Gjerde.