Litt om meg

Eg har hatt to hundar. Begge er tisper av rasen engelsk springer spaniel frå kennel Desperado.
Niva  - eller Nirvana som ho heiter på papiret vart 9 år gamal. Me hadde mykje moro saman.
Tingeling er no 3 år gamal. 

Eg har vakse opp på ein gard med mange hestar, sauer, kyr og grisar.
Me driv mjølkeproduksjon og har også svært mange andre dyr samt fruktproduksjon.
Sjølv er eg utdanna agronom og arbeider som avløysar mm.

Eg har oppdretta fleire gode hestar, bl.a. ein hingst som har vorte kåra og stilt som nr. 2 i kvalitet.



Eg trener, fører, stiller ut og steller hundane mine sjølv. Eg hjelper også andre av og til med litt pelsstell. 
Eg fekk godkjent kennelnamnet Fjordgløtt i januar 2008 og det første kvelpekullet mitt, A-kullet, vart født 12. januar 2008.

Å skrive rett er ikkje alltid like lett for meg, men det er ikkje noko stort hinder i arbeidet med hundane og hestane...