Nyheiter


14. november 09
Alice var på utstilling i Kongsberg
Ho var bl.a. litt for lett og fekk ei blå sløyfe

16. juni 09
NSVCH Desperados Tingeling prøvens beste hund på ettermiddagsprøven i Luster
Det starta 8 hundar - berre to fekk 1. premie og ingen fekk HP.
På bildet dei tre beste.
Alice hadde ikkje dagen sin og kom ikkje til sporslutt.

9. juni 09
Aqila er HD-undersøkt og er HD-fri (B)
Dermed er 5 av 7 i A-kullet HD-undersøkt og HD-fri.

6-7. juni 09
Tingeling og Alice gjekk begge til 2 x 1. premie på blodspor i Stryn og i Vågå
Etter nedturen i Luster der dommaren vurderte arbeidet til Tingeling til ein 2. premie og Alice var 30 meter frå sporslutten og fekk 0, var det godt å vera attende i kjent stil! Ein 1. premie til så har Alice det ho treng på spor for å verta viltsporchampion. Jippi!

24. mai 09
Tingeling har gått til ny 3. premie i lydigheit klasse III
Denne gongen med 114 poeng for dommar Erlid Eriksen.
Me fekk ikkje til innkalling med stå og avstandskommando - men ellers gjekk det ganske bra.
Med oss på turen var også Chelly, Vezla og Kiwa.
OG me trenar vidare!

30. april 09
Me beklagar manglande oppdatering av heimesida nokre månader - men då web-master har fått ny datamaskin og
ikkje hadde passordet for å oppdatere heimesida, vert det ei stund utan oppdateringar...
Men no skal alt vera i orden!

26.april 09
Tingeling vant sitt andre cert i Førde og vart 3. beste tispe
Dommar var svenske Kurt Nilsson, ein svært hyggeleg dommar å stille for.

Djup konsentrasjon under fri ved foten. Poeng: 8,5 Noko spesiell beinstilling...?
Avlevering av apport. Poeng: 8,5 Inger var svært fornøgd over resultatet...

Samme dag var Tingeling i lydigheitsringen med Inger (Desperado) som handlar - og det utan noko trening i forkant.
Mykje gjekk bra, men nokre øvelsar var ikkje ferdig trent på, men det vart 105. poeng og ein 3. premie i klassen!

Poenga vart fordelt slik: felles dekk 9, fri ved fot 8,5, dekk under marsj 7, innkalling med stå 0
stå under marsj 6,5, appotering 8,5, fritt hopp over hinder 0, fremadsending 8, kontroll over hund på avst. 0
heilheit 7,5

19-20 april NKK-Harstad
Aqila ble nr 3 av totalt 6 juniortisper og fikk HP.
Ho fekk berre positiv kritikk, så det blir spennande å sjå korleis ho utvikler seg fremover.

21-22. mars NKK- Bergen og spanielklubben i Bergen
Tingeling og Alice er på dobbelutstilling i Bergen
Alice stiller i juniorklasse og får blått for Erling Kjær Pedersen og 1. premie i juniorklasse for Hans Rosenberg
Tingeling vert nr. 2 i brukshundklasse med CK for Kjær Pedersen og får 1. premie for Rosenberg


2008

Tingeling:

Lydigheit Tingeling starta på Voss i klasse I og fekk 1. premie og vart nr. 2 av 12. I Førde fekk ho 2. premie.

Blodsporprøve: Tingeling starta i Luster og fekk ein 1. premie. På dobbel sporprøve i Førde vart Tingeling nr. 3 av 16 1. dagen med HP og vant prøven med HP andre dagen (delt 1. plass).

Utstilling: 1. premie i brukshundklasse i Førde. Nr. 1 i brukshundklasse på Nesbyen 2. august, CK og 4. beste tispe. Dagen etter vart ho 3. beste tispe. det stilte totalt 20 springere på Nesbyen.

Tingeling vart nr. 6 på årets brukshund i Norsk Spaniel Klub i 2007 til tross for svært få startar på prøve dette året! Og ho vart mestvinnande spaniel i avdeling Sogn og Fjordane.

Tingeling hadde det travelt og 8 kvelpar vart født 12. januar på 57. dagen etter første parring,
Det var 8 kvelpar, men me misste dessverre ein hann. Tispa Alice vart att hjå oss.

Alice:

Utstilling: BIM-kvelp på Nesbyen


2007

Tingeling er no parra og ventar sitt fyrste kull i januar 2008!

Utstilling: CK
Jaktanleggsprøve: godkjent
Jaktprøve: 2. premie i begynnarklasse på apportprøve 
Spor: Tre startar, 3 x 1. premie, 2 x HP, Prøvesn beste hund, prøvens 3. beste hund og på NM-2007 vart Tingeling 5. beste hund! Godkjent ettersøkshund.
Helse: Augenlyst og fri, undersøkt for glaucom, DNA-testa for cord ! og fri for fucosidosis


2006

Eg og Tingeling har hatt ein fantastisk år!

Utstilling: CK, cert samt 1. premie på nordisk vinnarutstilling på Hamar
Jaktanleggsprøve: godkjent
Spor: 5 x 1. premie, HP og 2. beste hund, 1. premie i Sverige
Championat: Norsk og svensk viltsporchampion
Helse: HD-fri A og augnelyst juni 2006 UA (med unntak av eit par små feilstilte augenhår, men den dyrlegen som lyste henne finn ALT som ingen andre dyrlegar finn...)