A-kull 8 kvelpar født 12 januar

Det vart 4 hannar og 4 tisper. Alle hannane er brun/kvite, 1 tispe er brun/kvit, dei tre andre er svart/kvite. Dessverre utvikla ikkje den eine hannen seg slik han skulle, så kullet vart på 3 hannar og 4 tisper. 

Dette vert mitt A-kull slik at alle kvelpane har stamtavlenamn på A.
Her er bilder frå kvelpane er små og etter kvart som dei vert eldre.
Alice som me har behelde sjølv har fått ei eige side.


Attilla 6 månader gamal og på ferietur i Lofoten

 

Attilla har vore på spanielklubben sin familiedag på Helgøya ved Mjøsa.
Fotograf: Anne Mortensen

12. april - kvelpane er 3 mndr. gamle

Hilsen fra Abbie 3 mndr gammel - foto over       Hei dere.
Nå er det lenge siden! Abbie og jeg hilser til alle søsken, mamma og oppdretter og ønsker gratulerer med gårsdagen. Jeg har fått ny pc (laptop), og kløner noe helt skrekkelig med å få sendt bilder som vedlegg. Satt i hele går kveld, og gav meg før jeg gjorde alvor av å hive hele greia i gulvet. Målet er å få det til i løpet av dagen og sende dere noen bilder.

Abbie er naturligvis verdens beste lille valp, uten tvil en av mine bedre innvesteringer :o) Vi koser oss i hjel. Hun er som en skygge av meg og forelpig koser jeg meg med det. Hva er vel mer kos en når hun krøller seg sammen oppå føttene mine, eller stikker snuten i halsgropen. Hun kommer rett og slett ikke nærme nok. Hun er fremdeles nesten helt glatt i pelsen, men det har såvidt begynt å bølge seg på krysset. Hun spiser godt og veier nå 8 kg + Vi har svært få uhell inne, må være en uke siden sist. Og har aldri vært noe annet en litt "vanning". Hun sier fra ved å sirkle litt foran døra om hun vil ut. Hun sover å også hele natten alene uten at det finnes noen dammer i huset når vi står opp

Abbie kan: "Sitt" , "På plass" og er aldeles glitrende på innkalling v plystring. Da kommer hun faktisk som en rakett selv om hun er midt i lek med en annen hund. Det er din fortjeneste Elin, her har vi bare vedlikeholdt noe hun allerede kunne da hun kom. Hun er enkel å håndtere ved børsting og klipping av pels (mest poter) og klør. Vi har også blitt glade i buret, og øver på å være litt alene hver dag. Hun lager ikke lyd hverken når vi går eller kommer tilbake, og legger seg mer en gjerne i buret ellers også. Hun går heller ikke inn på kjøkkenet.

Men det er klart at alt bør drepes og tygges i stykker. Helst sko, tøfler og bukseben i bevegelse. De har simpelthen ikke livets rett :o) I morgen skal hun på valpekurs i regi oslo hundeskole for første gang. Vi var på teori delen på torsdag og hørte på Geir Marring - ordentlig festlig.

Håper alt står bra til hos dere. Vi hadde snøfall i går, jeg ble nesten deprimert.
VI VIL HA VÅR

Hilsen Abbie og Marianne

PS. abbie har nesten startet badesesongen likevel, se bildet under...


Hilsen fra Harstad og Aqila - vel hjemme i Harstad etter en lang tur
Ikke så lett å få noen gode actionbilder, men her kravler hun ned fra en snøskavl ved innkjøringen til Harstad. Ellers går det bare fint her. Faiko og Aqila er så smått begynt å leke sammen, og hun er begynt å bli riktig så flink til å gjøre ifra seg ute nå (hun har plagdes litt når det har vært kaldt og hun har vært trøtt, men det er jo fullt forståelig). Er begynt å skjønne blikkontakt, og spiser fortsatt veldig bra.
Hei så lenge - Hilsen Eva og Aqila

Hallo Elin Anita
Da har vi kommet hjem fra Hermansverk med Tilla. Turen hjem igjen gikk
utrolig greit. Tilla var litt urolig et par minutter etter at vi forlot
Gjerde, og sutret litt også et par minutter. Men etter det var hun bare
rolig - sov og flyttet litt rundt på seg på fanget til Anne Karin. Etter at
vi kom hjem for 3 timer siden har hun undersøkt huset, lekt, spist og sovet
litt. Overraskende nok har hun allerede gått en avtrappe her både opp og
ned. Hun virker utrolig tillitsfull og rolig, så hvis det fortsetter slik
har hun slått seg til ro fra første stund. Det er vel trolig at hun kommer
til å savne mor og søsken senere i kveld. 
Hilsen Anne Karin og Knut
PS - Det er berre koppen som har reklame for Labb.....

Hei dere 
Jeg har det ganske så godt. Som dere ser var jeg en engel i bilen på vei til Oslo (virkelig). Sov, snorket og drømte hele veien, med mindre vi hadde pause. Da drakk jeg, lekte og spiste litt. Ikke noe kvalm i det hele tatt. Ellers har jeg funnet meg godt til rette i sengen min. Dit går jeg når jeg blir sliten av alt det nye og vil sove. Der får jeg nemlig ligge helt i fred heeeelt til jeg våkner.

Hilsen Abbie

Abbie sette pris på ein god armkrok på vegen heim...

9. mars
Så har alt 4 kvelpar reist og i morgon reiser den femte. Neste helg reiser siste hannhunden, så då vert det berre mi eiga tispe som vert att. Jammn har tida gått fort - men det er no godt at mange flyttar også, for dei vert no meir og meir aktive og finn på stadig fleire ting. Så no skal tida frammover brukast til å trene både meg sjølv og Tingeling (som har vorte mistenkeleg brei etter å ha ete opp etter kvelpane...), me må komma i gang med å trene lydigheit og veslafrøkna må ha si miljøtrening åleine utan Tingeling.

Alle 7 kvelpane ute. Fra venstre i skål 1 tispe E, tispe G og hann A. 
Så i neste skål hann B, bak han hann C, til venstre tispe F og lengst bak tispe D.

Hann A nyt det vakre vårværet

Kvelpane er vel 7 uker og det er tid for fotografering og kvelpetest:

 A - brun hann  
Oslo. Tenkt bruk: jakt, kanskje utstilling.

B - brun hann Aron 
Bergen Tenkt bruk: familiehund, litt utstilling

C - brun hann
Stavanger. Tenkt bruk. Familiehund.

D - brun tispe Atilla - "Tilla"
Gjøvik. Tenkt bruk: Familiehund.

E - svart tispe Abbie
Oslo. Tenkt bruk: Jakt, bruks, utstilling.

F - svart tispe
Vert att hjå meg.

G - svart tispe Aqila
Harstad. Tenkt bruk: Lydigheit, kanskje spor, litt utstilling.

A - brun hann
Ein triveleg fyr som gjerne apporterer og leverer i hand. Ingen tøffing, men livleg og triveleg.

B - brun hann
Også dette ein triveleg kvelp som gjerne apporterer og leverer i hand. 
Sosial og morsom fyr.

C - brun hann
Har ikke den samme lysta til å bære og eige som dei to andre brødrene. Litt rolegare type. Triveleg og sosial.

D - brun tispe
Har ikkje den store lysta til å bære, men er leiken. Triveleg og veldig sosial frøken, men ikkje den tøffaste. 

E- svart tispe
Livleg frøken som tar det nye rommet med storm. Apporterer gjerne, men vil også gjerne beholde tingen. Har eigenvilje.

F - svart tispe
Ikkje den tøffaste, men veldig livleg og sosial. Veldig leiken, men ikkje den store interessa for å bære og behalde. 

Som heilheit eit kull med 7 sosiale kvelper der alle er med på leiken og dei undersøker rommet som dei er på for første gong. Lysta til å bære ting er ikkje like stor på alle, men alle leiker og er med på moroa, men utan å ha den store kamplysta. som heilheit er kullet svært sterkt på lyd. 

G - svart tispe
Litt nølande start, men tar seg veldig opp. vil gjerne bære og også behalde tingen. Livleg og triveleg.

Her er 6 av kvelpane på tur ute med mamma. Trudde eg hadde fått alle 7 på bildet, men kameraet var så tregt at dei sprang forbi før bildet vart tatt :-)  Og set eg meg ned på huk for å ta bilder av dei, har eg dei som nærfoto i staden for i aktivtet....

Dei er VELDIG hjelpsomme med alt som skal gjerast i huset.
Her undersøker dei om me har nok ved inne og om dei skal laga meir opptenningsved.

Her er det slitasjekontroll på sofaen.

Det er også en del som skal gjerast på kjøkkenet! Rydde på plass matskåla til Tingeling, plukke opp alle restar som måtte dette ned og mykje anna...

27 februar og kvelpane er alt 6,5 veke gamle!
Jammen går tida fort... No har eg prøvd å ta nye bilder av dei, men det er ikkje så lett, for kameraet mitt er så tregt. Eg må visst investere i eit bedre kamera! At det er så dårleg vær med mykje regn og skodde, gjer det ikke betre, for det er nesten umogleg å ta gode bilder av kvelpane ute... Men på mandag skal Inger komme her og ta kvelpetest. Då er det endeleg meldt ein dag med fint vær, så då skal me også fotografere. Kvelpane er då 7 veker og 2 dagar gamle.

Det som eg gjer med kvelpane om dagen, bortsett frå å kose med dei, gi dei mat, vaske og ta dei med meg over alt i huset, er at dei må stå på bord, dei vert stilt opp, undersøkt frå topp til tå og kamma. Dette gjer eg med alle kvelpane ein gang før dagen. Så tek med ein og ein kvelp med meg på nye plassar og prøver og leika litt med dei. Når dei spring rundt i huset hjelper dei til med støvsuging, klesvask, matlaging og alt som foregår i eit hus. Eg har laga ein inngjerda plass til dei ute, slik at dei får mat der og er ute og gjer frå seg mest mogeleg rett etter at dei har fått mat. Været tillet ikkje lang tid ute, men eg har med kvelpane ut i garden når det er "bråk" på tunet, slik som traktor, slik at dei blir vande med masse lydar.

Neste onsdag er det veterinærkontroll med ID-merking. Og til neste helg er dei alt leveringsklare. Eg har alt begynt å grue meg til dei skal flytte! Men ei tispe skal vera att her. Kven det vert har eg enno ikkje bestemt meg for. Dette er nemleg ikkje så lett som mange trur. Alle har dei sine sterke og svake sider.

Me trudde me skulle ta mange actionbilder av kvelpane - men etter at me var ferdig med fotografering på bord var dei alle så utslitt at dei snorksov i mange timar...

 

Kvelpane har det som plommen i egget og får vera med på alt som skjer i huset...

Vera med på oppstilling, eg? Ikkje tale om. Eg er så trøytt at eg berre MÅ sova!

Hann A. Minst født og framleis litt mindre enn dei andre, men aktiv som berre det!

Hann B. Ikkje heilt samarbeidvillig akkurat her...

Hann C. Er eg ikkje søt?

Tispe D. Brun tispe

Tispe E Svart tispe

Tispe F. svart tispe

Tispe G. Svart tispe

Hann A

Hann B

Hann C

Tispe D

Tispe E

Tispe F

Tispe G

19. februar - kvelpane er 5,5 veke gamle
"Bestemor", Inger på kennel Desperado har vore på nytt besøk. Alle kvelpane har fått første leksjon i å stå fint oppstilt på bord og dei er sjekka frå topp til tå. Alle bitt er korrekte og alle testiklar er på plass og ingen viser tegn til navlebrokk. I tillegg fekk eg beskjed om at det var eit jevnt, fint kull. Runde, fine og trivelege kvelpar som har det som plommen i egget. Dei har fått ei heil stove å boltre seg på attmed der me har fjernsyn og dei får også gå på oppdagelsesferd i heile huset. Dei har også så vidt vore ute, men surt vær gjer at dette er berre småturar. Kvelpane har også hatt besøk av labradorar som dei har fått helse på.

No skal me trena vidare på å stå fint på bord til neste gong Inger kjem på besøk, slik at me kan få tatt bedre bilder av kvelpane. Inger tok mange bilder - også forsøk på ståbilder - men å få 5,5 vekes gamle kvelpar til å stå fint er ikkje lett! Bildene vert lagt ut på heimesida mi i løpet av dei første dagane! Kanskje alt i morgo, dersom Inger får lasta dei ned og gjort dei klare for internett. 

14. januar og kvelpane er snart 5 veker gamle. No er det fullt liv og kvelpane får 4-5 måltid for dagen. Dei har fått ormekur fleire gonger og er no også forhandsregistrert i Norsk Kennel Klub.

Dei er ikkje berre nådige med kvarandre...

Gjort noko gale me? Me har ikkje gjort nokon ting, me.....

Men du verden så slitne me vart likevel...
Heilt utslått!

31. januar: Tida går kjempefort! Snart er kvelpane tre veker og dei et no mat i skål
Snart er det også tid for 2. ormekuren. No begynnar kvelpane å verte små sosiale vesen.

27. januar - kvelpane har akkurat passert 2 veker. Alle har no åpna augene, dei har begynt å høyre og dei er opp på beina. Me har akkurat teke vekk kassekanten og kvelpane får no tilskot av kvelpemjølk og kjøttdeig - noko dei synes er kjempegodt! I kveld skal dei få maizennavelling for første gong. Alle kvelpane har no meir enn 3-dobla fødselsvekta si.

Det begynnar å verta trangt om plassen....

Kvelpane er her 2 veker og 1 dag gamle 

Tispe E har prøvd kvelpemjølka for første gong

Snart to veker gamle og første måltid utanfor kvelpekassa
Den minste hannen slutta dessverre å legge på seg slik han gjorde det i starten, så han er dessverre borte no. Tingeling har rikeleg med mjølk, men for å jevne ut størrelsen på dei største og minste kvelpane, vart dei minste i dag tilbudd litt lactazor kvelpemjølk. Dei fleste takka ja til tilbodet. I dag såg eg også den første antydning til glimt i eit auge og alle kvelpane klarar no å reise seg opp og vakle eit ustøtt skritt.

Hann A - brun hann med breit bless og brei krage

Hann B - brun hann med brun flekk på høgre side i kragen. Blesset er litt sving på.

Hann C - brun hann Kvit stripe på høgre lend med miniprikk i
Brun flekk nakke. Ørliten kvit prikk venstre lend

Tispe D - brun tispe Kvit stripe på krysset

Tispe E - svart tispe med brei kvit krage

Tispe F - svart tispe. Kvit nakke, stripe manke, to striper venstre lend

Tispe G - svart tispe Kvit flekk i nakke/manke Heil sadel.

20. januar - kvelpane er ei veke gamle
Alle veks og legg på seg, men den minste brune hannhunden som var så liten født, veks i sitt tempo og klarar ikkje å ta innpå dei andre enno. Men han har framleis stor livskraft og vilje. Dei største har alt dobla vekta si. 

17. januar - dag 6
Alt går framleis bra med alle kvelpane. Men sidan dei er såpass ujevne i størrelse må eg hjelpe dei minste slik at dei også får dei beste spenane. Ellers vil dei største kvelpane alltid puffe dei bort og behalde dei beste spenane sjølve. Tingeling er framleis kjempeflink med dei små og har masse mjølk.

15. januar - dag 4
Juret var fint og mjukt i dag tidleg og alle kvelpane veks. Dei største veks fortare enn dei minste, men alle virkar framleis like livskraftige og fine. Så med ein gong eg begynnar å gi tilskot håpar eg at størrelsen jevnar seg meir ut. Har fått høyre om ein springerhann som var 170 gram født og som vog 7 kg ved levering - så me har godt håp for alle!

14. januar - dag 3
Alt står framleis bra til. Alle kvelpane veks og et godt. Dei største veks rett nok fortare enn dei minste, men alle er framleis pigge og fine og klarar seg sjølv. Så no har me eit godt håp om at det skal gå bra med alle 8. Tingeling har massevis med mjølk - så mykje at litt av bakerste juret var hardt i kveld, men dette pleier å gå seg til etter eit døgn. 

13. januar - dag 2
Alt står bra til med mor og barn. Ingen av kvelpane har gått ned i vekt første døgnet, noko som er nokså normalt. Alle har heldigvis lagt på seg. Men så har det også vore ei våkenatt der eg har passa på at dei minste har fått ein god spene og ikkje vorte feia bort på dei dårlegare spenane av sine større søsken.

Tingeling er kjempeflink med dei små og har massevis av mjølk.

Tingeling undersøker minstemann

Siste kvelpen har akkurat komme ut

12. januar: 
Tingeling hadde det travelt med å få kvelpane ut... Etter ei kort oppblokkingstid fødde ho 8 kvelpar i løpet av 3 timar og 15 minutt. Så langt har alt gått bra, men fleire av kvelpane er små, så det er nokon hektiske og spennande dagar frammover no til me ser at alle legg på seg og utviklar seg normalt. Heldigvis har ingen av kvelpane sporer, så me slepp å fjerna dei.

Ein spent oppdrettar under fødselen. Heldigvis var Inger (kennel Desperado) med på fødselen, men ho rakk ikkje den første kvelpen sidan Tingeling hadde det så travelt med å få dei ut.

Mor: NSVCH Desperados Tingeling

Far: SU(u)CH Wongan Kadenza

Far bur på kennel Barecho - der dette bildet er lånt frå.

Her kan du lese meir om han

Og meir om kennelen kan du lesa her

www.barecho.com