er eit flott dalføre, knappe
to timars køyring frå Bergen.
Me har ein vill og vakker natur og tilby, og mange tykkjer endåtil at dette er eit av Vestlandets vakraste dalføre.
Me tilbyr;
guida turar i Eksingedalen, høgfjellsturar, kultur-historisk vandring i gamle stølstrakter,
andre turar - kortare eller lengre etter eige ynskje.
Me har
mykje flott turterreng og skreddersyr eit opplegg for deg.
Skjerjavasshovden 1264 m.o.h.
er høgaste fjelltoppen i Vaksdal kommune.
Kvitanosi 1433 m.o.h er eit av dei høgaste i Voss kommune. Begge desse toppane er
populære turmål både sommar og vinter. I fint vêr kan ein nyta ei fantastisk utsikt i
alle retningar.
Idylliske fjellvatn
er det mange av oppi fjella våre,
men det er langt frå alle dager som er så stille at fjell og himmel kan
spegla seg i vatnet.
Litt om meg sjølv
Foto Rune Nesheim
Eg heiter Grete Haugen, er oppvaksen og har budd i
Eksingedalen nesten heile livet.
Er lokalkjent i dalen og har ferdast mykje i fjellet, både sommar og vinter.
Her er flesteparten av "Streifarane" 2006 samla ved Lavikstølen.
Foto Grete Haugen.
"Streif"
har blitt ein "tradisjon" her i Eksingedalen.
Turen går
til ein av stølane, og segn og historier vert fortalt. Streifet vert avslutta med lokalprodusert mat.
Meir info. under "Streif 2009" eller "Fagerdalen".