Sterkt fortellerteater
v/ Amund Grimstad
Klassekampen 22. oktober 2002

Av og til blir det enkle og nøkterne sterkare enn mange effektar
Med full tillit til teksten og i suveren forakt for ytre staffasje og effektar
set Teater Fusentast opp den vesle einaktaren Mirad - en gutt fra Bosnia.
Det
er eit slags dramatisert fortellarteater der innhaldet har slik styrke at scenografi,
ljossetting og kostyme berre ville ha vore i vegen.
Det er blitt ei særs
sterk oppsetting som kan vere ei god påminning
for oss alle om kva for einskildlagnader som gøymer seg bak flyktningtala.
Lågmælt
Mirad er ein gutt frå Bosnia som fyller
tretten den same dagen som helvete brakar laus i heimlandet hans. Gjennom onkelen
og tanta får vi fortald
og dels dramatisert det som skjer med han i året fram til han på fjortenårsdagen
stikk av frå eit asylmottak i Norge.
Det er ei lågmælt historie, men likevel intenst og tett framførd
av dei to på scena. Med berre ein stol og ei lue til hjelp, set onkel
Djuka (Bjørn Myrholdt) og tante Fazila (Coby Omvlee) oss inn i ein kvardag
som berre var nokre få timars flyreise unna.
Ikkje utan humor
Vi har lese og høyrt om alt dette før,
men likevel blir det forferdelig sterkt, kanskje nettopp på grunn av
presentasjonsmåten.
Vi blir spart for detaljerte historier om vald og vondskap, men sit likevel
att med ei uendeleg smerte. Det er nemleg ikkje naudsynt å sjå valden
for å kjenne smerta, kanskje snarare tvert om.
Elin Hassel-Iversen har hatt regien, og har konsentrert så godt som
alt om teksten. Den lågmælte dramatiseringa, saman med kresen bruk
av mimikk og kroppspråk, gjer dette berre endå sterkare. Trass
i det dystre innhaldet, var oppsettinga ikkje utan humor. Opninga var full
av ironi, og avslutninga tok att opninga på ein overraskande og humoristisk
måte. Finalen blei rett nok hengande litt i lause lufta, men det rokkar
ikkje ved at dette var fortellarteater på sitt mest effektfulle.
|