Haustleiken 2001 
09.11 - 10.11.



Kjære dansarar!



Vi i Leikarlaget i BUL i Nidaros har den store gleda å invitere til den årlege store Haustleiken der fest- og
bunadskledde dansarar frå heile landet fyller Lagssalen i Trondheim, og stemninga står høgt oppunder taket. Og no
nærmar festen for 2001 seg med stormskritt.

Laurdag 10. november opnar dørene klokka 19.00 og Trøskarlaget står klare på scena i Lagssalen med feler og
trekkspel og spelar til dans. Her blir det reinlender, vals, polka ­ og tru om vi får ein pols eller tre og heller
skal det ikkje mangle på swing og tango. I løpet av kvelden vekslar vi med økter med polonese, andre turdansar,
songdans og stordans. Sjølvsagt sørgjer vi også for noko å bite i denne kvelden. På bordet finn du tradisjonelt sodd
med flatbrød og seinare ut på kvelden kaffi / te og heimebaka kaker. Dans og moro blir det til langt ut på natta.
Musikken spelar til ca. klokka to. Og etterpå samlast vi på BUL-hytta på Lian for Etterleik. Etter god og varm suppe
blir det endå meir musikk, dans og moro til ingen av oss orkar meir langt ut på morgonkvisten.

Oppvarminga til den store dansefesten får vi fredag kveld 9. november. På Førleik stiller Einar Olav og Gjermund
Larsen med feler på BUL-hytta på Lian og ingen dansekropp kan sitje stille.

Denne helga er det også kurs i byen og dansande sjeler frå heile landet er samla i Trondheim,dei kjem, vi kjem og
kva blir det til, kjem DU!!??


Vi ønskjer påmelding innan 1.november. Meir  informasjon finn du på plakaten vår.


Med venleg helsing

Leikarlaget i BUL i Nidaros

Men for at Haustleiken skal bli best mogleg, treng eg di hjelp.Lagånd er viktig, derfor er det satt opp fleire "lag":

Kjøken-lag ( Leiar: Gunnhild Østerås )
Vakt-lag ( Leiar: Peggy Brilke )
Pr-lag  ( Leiar: Peggy Brilke & Sigurd Edvardsen)
Pyntelag ( Leiar: Jan Jensen )
Førleikslag ( Leiar : Ingen førebels... )
Etterleik-lag ( Leiar: Atle Granli )
Haustleiks-ansvarleg: Frode Myklebust
Musikk-ansvarleg: F. Myklebust
Program-ansvarleg: Hovudkomité

Vi leiger inn nokon til å vaske kjøkkenet

Styret oppmodar alle til å melde seg på ei gruppe !
I tillegg trengs det ein leiar førleikslaget 

Styret gjer oppmerksam på at denne helga arrangerer Leikarlaget også ei instruktørsamling, så ein må vente at fleirtalet av deltakarane der kjem på Haustleiken.
Styret håpar at så mange som 200 kjem på leiken og at DU gjer ditt for at leiken blir den beste nokon sinne :)

Meld deg på eit av laga ved å sende eit elektronisk brev til: Frode Myklebust , eller til nokon andre i hovudkomitéen.

Sist oppdatert: 23.10.2001
Opphavsrett © 2001,
Leikarlaget i Bondeungdomslaget i Nidaros,
All rights reserved