PRISDRYSS: Framme frå venstre Arne
Slagsvold, Håvard Aabø, Sindre Aase og Arne Homme
som mottok kulturprisen på vegne av Bø-speidarane.
Bak (f.v) styreformann i Bø Sparebank, Christian
Ramberg, ordførar Arne Storhaug, prisvinnar Jarle
Østerli, prisvinnar Lars Kaare Haugen, banksjef
Halgeir Kaasa og leiar av forstanderskapen i Bø
Sparebank, Knut
Moe.
(BØ) Det var
prisdryss på Bø Museum i går kveld. Bø-speidarane fekk kulturprisen,
Lars Kaare Haugen tiltaksprisen og Jarle Østerli mottok
byggjeskikkprisen.
Dei to fyrste prisane vert delt ut av Bø
Sparebank og er på 7.500 kroner samt eit tresnitt av Terje Grøstad.
Byggeskikkprisen delast ut av Bø Museum og sparebanken i lag. Den er
på 5.000 kroner pluss diplom.
Lang
fartstid Kultur- og
aktivitetsprisen gjekk i år til Bø-speidarane, som vart etablert i
1920-åra. Gruppa blei forbode under andre verdskrigen, men tok opp
att arbeidet i 1948. Leiar i forstanderskapen i Bø Sparebank, Knut
Moe, sto for overrekkinga til Arne Homme. Det vart peika på at
eldsjelene i speidargruppa legg ned ein kjempejobb for dei 44
medlemmene. Speidarane i Bø har bare sju jenter, og utfordringa
framover blir å få fleire av desse med ved sida av kvinnelege
leiarar, vart det opplyst. Homme takka på vegne av speidarane for
prisen.
Tiltaksprisen Lars Kaare Haugen, som eig Systemblokk AS, fekk
tiltaksprisen. Haugen kjøpte verksemda i 1994, og den hadde da 3,5
millionar kroner i omsetnad og fire tilsette. I dag ligg talet på i
underkant av 30 millionar kroner, medan arbeidsstokken er femdobla,
opplyste styreformann i Bø Sparebank, Christian Ramberg, ved
utdelinga. Han sa at selskapet har investert store summar dei siste
åra. - Dette var grueleg moro, sa ein stolt prisvinnar etter
overrekkinga.
Byggjeskikkprisen Byggjeskikkprisen gjekk i år til Jarle Østerli for
restaureringa av stabburet på garden hans. Denne bygningen i
Østerliheia frå 1870 er restaurert tilbake til opphaveleg stil. -
Her er det gjort ein skikkeleg god jobb. Ikkje eingong målinga ser
ny ut, sa banksjef Halgeir Kaasa da han overrekte sjekk og diplom
til Østerli. Sistnemnde takka så mykje for påskjøninga. Ordførar
Arne Storhaug helsa til alle prisvinnarane med blomar og
godord.
Felespel Prisvinnarane og den fullsette pakkbua på Oterholt fekk høyre
felemusikk på avslutninga av sommarsesongen ved Bø Museum.
Spelemannslaget Bøheringen serverte ulike slåttar, mellom anna
"Rukaren", ein springar etter Møllarguten. Vidare spela dei ein
gangar etter Knut Dale. Truleg kom slåtten til Bø i samband med at
tinndølen måla på Borgja. Styrar på museet, Finn Rønning, orienterte
om ein messehakel på utstillinga ved museet. Torstein Norendal måtte
vere av med den, etter at han slåss med Ulv Vatnar i Nes kyrkje,
truleg i jula 1680. Asbjørn Storesund synte elles fram to
hardingfeler frå Seljord som Bø Museum har sikra seg i
år.
Nettsteder og hjemmesider som ønsker å benytte seg av stoff publisert i
Vardens nettutgave, eller legge peker (lenke) direkte til den enkelte
artikkel, må innhente tillatelse fra ansvarlig redaktør i
Varden.