Date: 15.02
Written by: Grannar
|
Bigbang på Club Fønix neste veke
Bigbang såg lyset i 1992. Øystein Greni, som har vakse opp med gitar rundt halsen og rockebandfar i heimen, starta bandet saman med kompisane Christer Engen og Erik Tresselt. Der dei fleste som startar rockeband i sin spede ungdom har eit ganske uhøytideleg forhold til det dei driv med, og ofte hamnar på plate meir av tilfeldigheit enn etter møysommeleg planlegging, var det tidleg noko annleis over Greni og hans kumpanar. Frå starten av var det knallhard jobbing, møysommeleg låtkomponering og djup hengiving. På bandet sine hyppige konsertar i Oslo og omland blei ingenting overlate til tilfeldigheitene; mens andre band spelte tidsrett grunge i tidsrett flanell, spelte Bigbang sin soulinfluerte rock iført dress og slips. Folk med teft såg det allereie den gongen - dette bandet hadde stil; musikalsk, visuelt og konseptuelt. Det sjølvutgitte debutalbumet "Waxed" frå 1995, fortel om eit band med eit distinkt sound, ein visjon og ein sans for gjennomførte låtar.
Torsdag 22. februar spelar Bigbang på Club Fønix i Etne.
|