KUNSTEN I EUROPA 1400-1750
|
|
||
|
|
||||
"Kunsten i Europa 1400-1750" er eit delemne under hovudemnet "Samfunnsutviklinga i Europa 1400-1750", som inneheld stoff til eit tverrfagleg undervisningsopplegg med sentrering i samfunnsfag. Nettsida er først og fremst tiltenkt deg som er elev i 7. klasse, men kan vere nyttig for andre og. Delemnet "Kunsten i Europa 1400-1750" er laga med tanke på at ein også trekkjer inn faga "Kunst og handverk" og "Kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering."
Det vert sagt at kunsten til ei kvar tid er ei avspegling av samfunnsutviklinga. Derfor er kunsten eit viktig element å ha med dersom ein skal skaffe seg kunnskapar om, og oversikt over ein historisk tidsepoke. I perioden mellom 1400 og 1750 skjedde det store endringar i samfunnslivet i Europa. Dette medførte også store endringar i kunsten. Ikkje berre fann ein nye uttrykksmåtar, og teknikkar, men til og med sjølve formålet med kunsten endra seg! Dette er ei spennande tid i kunsthistoria.
I "Kunsten i Europa 1400-1750" kan du lese om og sjå døme på kunst frå dei to hovudepokane Renessansen og Barokken. Du finn eit utval av kunstnarar som representerer desse epokane. I tillegg er det er mange fleire kunstnarar, og fleire mindre kunstretningar som i denne omgangen ikkje er teke med her, men som også er viktige, og kanskje kan kome med seinare. Kunne det vere ei utfordring for deg, å utvide nettsida med informasjon om ein kunstnar til? Eller finn du det meir interessant å fordjupe deg i ein av dei kunstnarane du finn her, og søke meir informasjon på Internett eller i bøker? Likar du å teikne? Trur du perspektivteikning er noko for deg, kan du heilt sikkert lære noko av å studere bileta til dei store meistrane.
Nettsida kan sjåast på som rein informasjon, eller som "springbrett" i eit prosjektarbeid. Den er bygd opp slik at det er lenkjer mellom dei ulike nodane som kan lesast i vilkårleg rekkjefølgje. Grøne lenkjer fører til interne nodar, og blåe lenkjer fører til eksterne nettsider. Ordforklaringar har fiolette lenkjer. Alle kunstsidene har blå farge.
Det er laga eit sett med oppgåver til kvar av dei to hovudepokane. Nokre av dei er berre spørsmål av studieteknisk karakter: Det er lettare å konsentrere seg om å lese når ein er på leit etter svar. Andre oppgåver er meir praktisk retta, og kan nyttast som utgangspunkt for prosjektarbeid, eller som delar av eit større prosjekt. Det er ikkje meininga at du skal gjere alle oppgåvene. Det aller beste er om dei kan vere til inspirasjon for eigne idear og nye problemstillingar!
Lukke til!
Bakgrunn for nettsida finn du her: "Om oppgåva"
Oppdatert 09.05.00 Aud Jorun Skjerven