Ole Amund Gjersvik er best når han er melankolsk, på eit av vårens vakraste norske jazz-album.
Milonga triste er ein argentinsk klassikar i den stilen som får meg til å tenkje på Gato Barbiero. Denne gongen er det tittelsporet på Ole Amund Gjersviks siste cd, og det lyder nett så melankolsk i Jan Kåre Hystads sopransaks-tolking som det skal. Bergen-bassisten Gjersvik har fleire jarn i elden, men gjer det no best i jazz, i alle fall å døme etter ein cd som toppar ei liste på fem. Han kom ut med A Voice From The Past i 1990, poserande med den kjære bassen sin, med eit knippe særeigne komposisjonar for eit band samansett av dei beste i hansajazzbyen, og Jan Kåre Hystad var ein av dei. Apassionata Criminelle følgde, deretter Alone In The Crowd og Around A Fountain.
Idolet Haden
Til no har Gjersvik brukt eigne komposisjonar, og sjølv er han ein markant bass-solist som set det enkle og melodiøse i høgsetet, ikkje ulikt det uomtvistelege idolet Charlie Haden, som han ærar med to spor på årets cd. Først den vakre Sandino, dinest First Song, begge frå repertoaret til Liberation Music Orchestra, som i år fyller tretti år. Det er noko av det vakraste i musikklitteraturen, og Ole Amund Gjersvik, Jan Kåre Hystad, Morten Færestrand (gitar) og Stein Inge Brækhus framfører det med stor kjærleik, med enkle, reinskorne soloar frå lyttande musikarar. Dei to spora er åleine verd prisen for dette albumet, der Ole Amund Gjersvik for ein gongs skuld ikkje har skrive all musikken sjølv, berre to spor, "Happy After All" og "The Blessing".
Stort Vokaltalent
På Luis Bonfas' "Gentle rain" høyrer vi det vokale talentet Tone Lise Moberg i ei fin tolking som også er dristig, for å syngje “scat” i så sakte tempo er ingen spøk! Men ho gjennomfører det nydeleg og stilsikkert med Gjersviks strokne bass-solo imellom . Tone Lise Moberg ventar vi å høyre meir av.
Milonga Triste sluttar med Ornette Colemans i særklasse mest spela komposisjon, "Lonely Woman". Det er ein låt som også står til stilen i dette bandet. Ein skal ikkje vere for slepphendt med å dele ut prisar denne uvanleg rike norske jazzvåren, men Ole Amund Gjersviks album er eit av dei vakraste.
Roald Helgheim, Dag og Tid, NORWAY